LøkagrovmannenUovervinneleg i Borgja på søndag!![]() ![]() For andre gong inviterer Jølster musikkråd til nyttårskonserten “Lyden av Jølster”. Komande søndag i den flotte, splitter nye konsertsalen i Borgja på Ålhus. Korleis høyrest Jølster ut i 2012? Mangfald og mot er to gode stikkord. Emil Rasmussen er ein av aktørane på scena. Han er ute med ny singel og kallar bandet sitt Invictus. Uovervinneleg. Inspirert av den britiske poeten W. H. Auden sitt dikt med same tittel. Diktet sluttar slik: I am the master of my fate. I am the captain of my soul. -Eg skal spele piano på søndag, fortel han. Det er andre gongen eg spelar piano på ein konsert. Eg har lært meg det sjølv. Eg kan ikkje så mykje notar og slikt, så eg spelar på gehør. Det var igrunnen slik eg lærte meg å spele gitar også. Eg spelar dei fleste instrument sjølv, etter kvart. På singelen “Therapy” er det eg som spelar piano. Eg har spelt den inn sjølv også, held Emil Rasmussen fram. I løpet av samtalen kjenner eg meg meir og meir audmjuk over Emil sitt pågangsmot og tenkjer at diktet han har tatt namnet på gruppa i frå verkeleg høver svært godt! Ein annan ung jølstring som vil imponere publikum på søndag er Miriam Sandnes. Då Jazz på Jølst vart arrangert i fjor haust deltok ho på work-shop saman med musikarane frå Ytre Suløens jazzensemble, der bildet ovanfor vart teke. Søndag spelar ho den legendariske standardlåten “Maple Leaf Rags” av Scott Joplin på det nye konsertpianoet i Borgja. Miriam har ikkje lært seg å spele piano sjølv, slik som Emil, men vore elev på kulturskulen sidan ho var lita. Det har ho til felles med mange av dei andre aktørane på søndag, lyden av Jølster er ung og sprek! Les meir…Skei i JA!lsterSom organist er eg av og til i beit for ein note. Og denne gongen vart noten kjøpt over nettet frå Amerika. Då eg skulle fylle ut skjema for bestilling, måtte namnet Skei i Jølster inn på adresse eller Town. 3 støyls-turSøndag 29 januar kl 10 kan du bli med på ein fantastisk 3 støyls-tur i Gjesdalsdalen. Turen blir guida og starter på Kvamsstøylen før vi går gjennom Holtane hyttegrend og vidare inn mot Bakkestøylen. Herfra går turen videre til Gjesdalsstøylen. Guide for turen blir Roald Juklestad og Norodd Støfring. Vi går i roleg og fint tempo gjennom dalen og i følge værmeldinga blir det ein særedeles vakker dag. Møt opp på parkeringsplassen på mellomstasjonen av Jølster Skisenter. Vel Møtt!!
Lisensavgift og kaffibønerLisensavdelingen, vær så god.. God dag, eg har fått ei rekning frå dykk på noko eg ikkje har bestilt, og lurer på kva eg skal gjere med den? Melding fra Jølster FotoklubbFoto interesserte se her Lag di eiga fotobokSkei kvinne- og familielag inviterer til kurs der deltakarane kan lære å lage fotobok av eigne, digitale bilete. Laget har fått Randi Holt på “Alfen” til å lære oss korleis vi kan gjere dette sjølve. Kravet er at du har bileta dine lagra i mapper på dataen din, og at maskina er oppdatert. Du må ta med eiga maskin på kurset. Hardtslående dame !Mye skade på skogen i Veitebergdalen etter Dagmars herjinger. Vinterdvale ?Har dei nyvalde kommunestyrerepresentane gått i vinterdvale, eller….. ? E39-spørsmålet frå Skei og nordover har fått brei omtale i dei fleste media, men det heilt stille om kva Jølster kommunestyre måtte meine om denne saka. Mykje snø - seinare sol?Det er fleire som hevdar hardnakka at vi kan få sola opptil eit par dagar seinare enn vanleg dersom det er mykje snø i fjellet. Til og med personar som har solid utdanning i matematikk og utrekningar av vinklar, sinus, cosinus og tangens, hevdar at vi her på Skei i snøfattige vintrar kan glede oss over ekstra tidlege solstrålar, sjølv om fjellet som stengjer, ligg over 10 kilometer vekke. Vi kan ikkje ha desse diskusjonane år etter år, og difor vonar eg at origodeltakarane syter for at vi få greie på kva som er rett – ein gong for alle. "Eg kan ikkje ta telefonen akkurat no"Er du er ein av dei som har denne tøvete svarmeldinga på mobiltelefonen din? Kino: Varg Veum - de døde har det godtSøndag 22. januar syner Bygdekinoen på Skei, ein ny film med privatetterforskaren Varg Veum. Filmen hadde norgespremiere fredag 20. januar og er dermed “rykande fersk” E39, tidshorisont og pengar.I den oppheta diskusjonen som går i media kan det sjå ut som det blir vanskelegare enn før å reise frå Skei til Volda og omvendt. Det vert og hevda at staten vil prioritere vegbygging mellom Innvik og Stryn framfor strekningen Vadheim – Skei dersom E39 skal gå via indre linje ein gong i framtida. Her er det noko som ikkje stemmer for når Kvivsvegen opnar til hausten vil alle dei reisande kunne velje ei ny køyrerute til eller frå Skei. Vêrprognosar t.o.m. August 2012!Godt Nyttår! Vêr prognosar 2012 år etter kristi fødsel og det ein kan tyda av almenakken. Jølster Helselag 100 årBalkaniseringBalkanisering kan ordet være dekkande for bygdestrid til dømes i Jølster? Balkanisering Pen dialekt - kva er det?Det blir i desse dagar fortalt om igjen og om igjen at ein mann som ringde politiet, hadde “pen østlandsdialekt”, og jamen brukte kunstnaren Stig Eikaas òg dette uttrykket i går på tråden om omdømeprosjektet. Eg lurer på kva som ligg i denne karakteristikken. Det er som kjent eit mangfald av dialektar over heile landet, og Austlandet er ikkje noko unntak. Er det berre ein pen dialekt på Austlandet, eller er det slik at vedkomande som ringde snakka ein av dei pene dialektane der. Det vil då seie at dei andre dialektane er mindre pene, ja kanskje til og med stygge? Korleis kan ein i så fall avgjere det? Gatelys på Vassenden.Det står å lese i Firda i dag at det ikkje er midlar i inneverande plan-periode, som strekkjer seg ut 2013, til gatelys på gangvegen Langhaugane – Vassenden. Folkehelsestatistikk for JølsterDet er no laga ein fersk statistikk over korleis helsetilstanden er i Jølster samanlikna med fylket og heile landet. Dersom du er interessert i å sjå på denne statistikken, finn du han her. Vi kjem forbausande godt ut på mange av dei forholda som er med i undersøkinga, så det ser ikkje ut til å vere noko særleg å utsetje på folkehelsa her i kommunen. Skulptur, byggverk eller begge deler ?På ein annan tråd kjem det fram at den framståande skulptøren Stig E har prøvd å få utplassert ein skulptur på Ålhus. Skulpturen vart oppfatta som eit byggverk, men det er likevel litt uklårt om dette var årsaka til at handelen ikkje vart noko av. Spørsmålet som reiser seg for oss som ikkje er inne i slike profesjonar er om det kan vere problematisk for skulptøren dersom ein skulptur blir oppfatta som eit byggverk. Er Jølster klar for kommunesammenslåing?Har registrert at både NHO og SV, går inn for tvungen sammenslåing av kommuner. Jølster er en liten kommune, men ligger sentralt til i indre Sunnfjord, med Skei som det geografiske midtpunkt. Følgelig kunne det vere interessant å høre hvilken stilling innbyggere og politikere i Jølster har til den problemstillingen. Skal en avvente til en får tredd en løsning ned over hodet, eller vil en velge en proaktiv løsning ved å søke sammen på frivillig basis, og utvikle et felles tilbud til innbyggerne, med eksempelvis et medisinsk senter på Skei, og som støtter opp den såkalte samhandlingsreformen. Dette kunne følges opp med andre initiativ som er foreslått her på sonen, under andre tråder. Jølster
Følgt av 631 medlemmar.
Velkommen til Jølster-sona på Origo. Her kan du legge inn bilder, nyhende og diskutere ting frå Jølster. For å gjere dette må du bli medlem i origo. Sjå reglane i Jølstersona Er det noko de lurer på? Ta kontakt med vertane. Hallstein Dvergsdal: 57728453/99312586 e-post: halldve@frisurf.no Gaute Dvergsdal Bøyum: 91616748 e-post: gauteboyum@gmail.com FOR Å FINNE ELDRE INNLEGG: KLIKK OPE FORUM. Meir om sona Jølster er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||