Tre bilistar vart fotgjengarar. UP hadde trafikkontroll i 60-sona på Skei i Jølster i ettermiddag. Sju førarar fekk forenkla forelegg og tre førarar fekk førarkortet beslaglagt. Høgste fart var 99 km/t.
(Dette er saksa frå NRK sine nettsider idag) ole.ramshus.salthun@nrk.no
Etter 2-3 år med 60-sone har no UP funne sin plass med fartsmåling på vegstrekninga Skei – Grungen. Seinast idag vart det stoppa ein del bilar med tildels høg fart. Forrige veke var det 2 dagar med kontroll, der mellom 30 og 40 bilar vart stoppa, og 2 førarkort vart inndregne. I tillegg er det halde kontrollar andre stadar i denne sona, så talet på fartssyndara er nok mykje høgare enn desse 3 dagane her viser. Kanskje på tide at folk oppdagar at dette er ein trafikkert vegstrekning av E-39 utan sikring for mjuke trafikkantar. Mange er av den oppfatning at dette er ei idiotisk og unødvendig 60-sone, men så lenge det er skilta og gjeldande fartsregulering er det lite trøst å få for dei “uheldige” bilistane. Kanskje er det dei same som klagar på at nivået på fartsbøtene og andre trafikkbrot er for høge, men dette er vel ein del av “skattesystemet” som vi kan styre sjølve om vi vil vere med å betale eller ikkje, rett og slett med å tilpasse fart etter skilt og forhold.
Kommentarar
Dette syner vel kor meinngslaus den nye 60-sona på Sredeflata er. Den er ulogisk og heilt unødvendig. Vegen er oversiktleg og grei.
Den gamle 60-sona var ok. Den nye delen av sona er ulogisk for sjåførane og det er nok grunnen til at mange køyrer for fort. At så mange billistar neglisjerer fartsgrensa her, er eit tydeleg teikn på at fartsgrensa er feil. Og når skiltinga er så feil, øydelegg det respekten for fartssoner og trafikkskilt. Eg tykkjer at den gamle sona var god nok.
Har faktisk tilgode å sjå folk eller sykkelistar på denne vegstrekninga, ikkje ein gong i tida når ungane skal til og frå skulen. I ein periode køyrde eg forbi Skrede svært ofte og til alle døgnets tider. Det er slik sett god grunn til å stille spørsmålsteikn ved behovet for fartsreduksjon på Skeflata, men eg støttar Norvald i at så lenge det er 60-sone, så må ein køyre etter instruksen
Eg lurer på om det er like enkelt å få bort denne sona som å få den på plass.
Eg tvilar på det!
Eg huska det var spesielt ei familie som hevda det var ekstrem farleg skuleveg, og deira onga hadde ikkje fri skuleskjyss. Og det er forsåvidt greit det, men eg har lagt merke til at desse ongane fortsatt føl skulebussen sjølv om der er blitt 60 sone.
Og ein annan ting eg har lagt merke til er at desse ongane må gå til eit busstopp som ligg i 80 sona.
Eg trur også denne sona er blitt farlegare etter at fartsgrensa vart nedsett, for no er der mykje oftare forbikjøyringar pågrunn at enkelte held seg i 60 og andre ikkje bryr seg med det og foretar forbikjøyringer, som kan føre til farlege situasjonar.
Eg er fullstendig einige med dei to foregåande skribentane.
Eg trur dei fleste ser galskapen i denne sona, kansje og ein del av dei som bur i området.
Du Norvald skriv og at kansje det er på tide at folk oppdagar at dette er ei vegstrekning av E 39 uten sikring av mjuke trafikantar.
Faktum er at der bur så lite folk på denne tildels oversiktlige vegstrekning, så dersom dette skal vere standaren for noverande E 39, så må heile strekningen frå Kristiansand til Trondheim ha 60 sone der det ikkje er gang og sykkelveg.
Men i dei fleste tilfeller er nok der også nedsett fartsoner.
Dette er hovedprovet på kor gale ting kan gjerast. Slik eg hugsar det var det husmolaget som pressa fram denne sona på grunn av at det var skuleveg for mindreårige. Kor mange har nytta denne vegen som skuleveg etter at sona vart forlenga til Grungen? Det fleste som bur på denne strekninga er vel langt over skulealder.
Når sona så vart forlenga då presterte Statens Vegvesen og auke til 80 km/t rett før det som verkeleg er farepunktet i området, vegkrysset frå Førs. 60 km/t gjennom Skreflatene strir nok med dei fleste sin oppfatning av fornuftig hastigheitsregulering. I ettertid har vi også høyrt at det er ynskje om å forlenge til Klakegg. Meinar også at det er krefter i gang på Egge/Gåsemyr for å redusere til 60 der også. Det vert snart Leikanger – Sogndal tendensar.
Eg er samd med Bjarte Ø som meinar han ikkje har sett nemnenverdig med folk på strekninga. Det same vil eg seie om 40-sona på Sunde og 70-sona på Eikås – Vassenden. No kan ein vel snart sette oppatt til 80 forbi Eikås, der dei no truleg har fått landets mest overdimensjonerte gangveg og busstopp.
Eg køyrer ofte nordover i den tida borna skal til skulen og har tenkt på kor få born det er på desse strekningane med redusert fart. Det eg derimot har registrert er enkelte plassar der forledra leverer borna på busshaldeplassane. Då kan ein sjå andre farer ved at det er vanskelg å få plass til alle privatbilane rundt stoppestaden.
Men uansett, så lyt ein halde seg til det skilta signaliserar og det er ikkje så frykteleg synd i desse stakkarane som overser reduseringane og opplever bøter og førarkortbeslag.
Registrerar at her er litt ueinigheit kring denne 60-sona. Men for oss som bur midt på Skreflata er vi glade for at her er redusert fartsgrense. Og for dykk som ikkje veit om skuleborn her, så kan eg fortelje at her er fleire skuleborn og like mange under skulealder. Vegen her er smal, så smal at når to tyngre køyretøy skal møtast, må som regel eit av dei stoppe. Og eg kan også fortelje at her dagleg ferdast mjuke trafikantar. Vegen er framleis for farleg til at den kan nyttast til skuleveg, årsaka til dette er nok alle dei som framleis ikkje rettar seg etter skilting og fartsgrenser. De får seie kva de vil, men 80 sone på så smal veg høyrer ikkje heime nokon stad. De karane som lurer på korleis trafikkbiletet er på på strekninga får ta ein tur innom på kaffi ein dag, så skal de få sjå! Når grensa no er 60, kan det sjå ut som om bilane ligg jamt på ein fart opp under 80 km/h. Kva om grensa hadde vore 80km/h, då hadde vel farten jamt over vore på ca 90-100km/h. For oss som bur her er 60-sona langt frå mainingslaus, den er logisk og heilt nødvendig. De får foreslå å få den fjerna, så skal de sjå de får motstand!! Lukke til!
Er vel ikkje så veldig overraska på meiningane over her, men til å drive ein personleg demonstrasjon og ulydigheit over fartsgrensa tener vel ingen, heller tvert imot. Trur nok at trafikkbilete på denne strekninga av E39 er litt meir utfordrande enn statistikken som kjem fram i dei første innlegga her. Eg må tilstå at eg sjølv ikkje heilt forstod kva som gjorde at denne 60-sona kom så brått. Det var i førekant av dette gjort ein del trafikkale vurderingar rundt om i Jølster, der mellom anna krysset på Grungen vart definert som eit kritisk punkt som vart utbetra i ei hastesak. At dei året etter lagar ei 60-sone som ikkje tek med dette vegkrysset, er for meg uforståeleg. Du Johannes legg denne 60-sona til ei spesiell famile, men det meinar eg er å trekke litt for forhasta slutningar. Ikkje betre eg veit var det etter innspel frå Jølster kommune om trafikktrygging i samarbeid med ma Skei kvinne og familieforbund som la dette fram for Vegvesenet. Dersom det er opptil kvar enkelt vegfarande å vurdere kor ofte ein ser folk eller ikkje etter vegane, for så å meine om reduserete fartssoner er meiningslause slik som Knut, Bjarte, Johannes og min bror Arne uttrykjer det, så vert det nok snart 80-sone mellom Skei og Førde skal de sjå. Vil elles opplyse at det siste åra er tilflytta 3 familiar på strekninga Grungen Skrede, så det er ikkje så øyde som de trur. Personelg synest eg det er tryggare og betre med 60-sona enn det var før. Når all ofshore og tungtransport skal nord-og sørover E39, så er det ikkje til å kome forbi at denne vegen er rimeleg trafikkbelasta innafor område til Skei skule. Kanskje vert da 60-sone i Skjerdsura og når du Johannes skal opne kunstsenter i lag med Stig E. Den som leve får sjå.
Det er sikkert rett, att folk har det veldig travelt, i sine daglege gjeremål, og må kjøyre fort, for å kome til og frå, men har nokon rekna på kor mykje ein sparar i tid, på å kjøyre i 80, i staden for 60, på Skredflata, rask hovudrekning tilseier, at dersom strekninga er 2 km, så vil ein spare, heile 30 sek. ein vil kome 30 sek. raskare fram, dit ein skal.
Seier dette litt om kva vi snakkar om?
Skiltet står der, dei som ikkje vil respektere det, må gjerne betale, eller gå.
Eg veit ikkje om det er sant, men da går rykte om at somme Stardølingar, kjøyrer via Sandane og Hyen for å komme seg på Coopen på Skei, fordi dei føler seg ekstra overvåka på denne strekninga. Å då meinar eg det helde på å gå forlangt, og at der er formykje kontrollar, om dette er rett.
Har høyrt om da, men eg forstod da slik at dei køyrde feil i rundkøyringa i Førde og kom heimatt over Hyen uten å finne vegen til Skei og Coopen. Nei berre køyr til Skei på E39. Dei har så langt berre hatt kontroll på nordgåande, så dette går nok bra, i alle fall eine vegen.
Denne feilkøyringa ligg vel litt tilbalke i tid, frå tida før det vart rundkøyring på Skei ?
I Førde er det, i motsetning til på Skei, fleire 4-arma rundkøyringar. Det var kanskje den 4. armen som volda problemet ?
Husk på at dei mest hardbarka Cooperatørane har kome til Skei og heimat uten rundkøyring. Til og med Sparbutikken kan dei finne via hotellvegen, så dei treng ikkje utfordre rundkøyringa på Skei sånn til dagleg.
Norvald. Eg trur du missforstår meg. Eg er helt enig i at der er 60 sone på denne strekninga. Men Politiet har heilt sikkert andre viktigare ting å drive på med, eller desse daglege kontrollane der. Når du prøver å oppmuntre oss om at dei til no berre har kontrolert nord gåande trafikk, so kan vi F.. ikkje vere sikre på at dei ein dag ikkje har snudd seg, for å få ei avveksling, slik at du har teke på deg eit stort ansvar her med dine gode råd, min gode Norvald.
Desse rundkjøyringane i Førde, må no vere utruleg dårleg skilta, når dei ikkje viser retninga til Coopen, på Skei.
Nei du har gjerne rett i det Magne, men eg må få sitere ein av faglærarane som eg hadde på yrksskulen i trafikklære:
Når du ikkje har heilt reint mjøl i posen, so må du køyre sannsynleg, ikkje for fort – ikkje for seint. Ha alle lysa i orden. Ikkje blinke for mykje – ikkje for lite, so vert du sjelden eller aldri stoppa i kontroll.
På denne måten trur eg at både vegfarande og buande ved E39 går ei trygg tid i møte.
Eg må nok krype til korset og innrømme at mitt innlegg er basert på mangelfull informasjon. Ingen har fortalt meg tidlegare at det bur folk i Skreflatene. Ting tyder på at eg må nok heim til ho mor litt oftare. Men, det skal vere sagt, då 60-sona vart forlenga til Grungen var det lite med skuleborn i Skreflatene.
I følgje enkelte sine meiningar er det alt for lett å setje opp skilt, spesielt for å markere fartsreduksjon. Kanskje er det muleg å få opp litt Coop-Skeiskilt i Førde, så løyse vi det problemet.
Eg hugsar denne læraren din, han var ein vetug kar. Å du Norvald har rett når du meinar at hans lære er den rette.
Eg trur nok at eg og du skal bli enige i denne saka, å mitt siste kompromiss er.: Kva med ein dag utan kontroll for veka ? kansje kvar tysdag ? Da e som regel den dagen eg e av å henta ved.
Til deg Arne. Ja du må nok oftare heim til ho mor. Sist det budde skuleborn på Skreflatene, så fanst her knapt ein bil…. og i alle fall ikkje noko fartsgrense. Kva som var her då fartsreduksjonen vart innført veit du betre enn meg:-) Men no er her både skuleborn, og fartsgrense! (heldigvis)
Camilla. Sist det var skuleborn i Skreflatene, måtte vere i 1955 eller 56. Jenta heite Anny Skrede, og var yngst, og einaste jenta i søskenflokken på 5. Dersom eg ikkje tek heilt feil, bur denne dama i Fjaler no. So du har rett, det var lite biltrafikk der, då ho gjekk på skulen. Stå på, denne vegen er ikkje nokon god veg for dei små. Det du først og fremst må få til, er å få flytta Buss-stoppen frå der den er, til der det bur folk. Eg er med !
No må vi ikkje gløyme at vi gjekk på skulen i mi tid og, og med våre etterkommara på Håheim har det vore, og er skuleborn den dag i dag. Skuleskyss var berre til Bolset, så vi på Håheim og Skrede måtte pent bruke vegen uansett veir og føre. Var vi liit dristige og tok skulebussen var vi uglesedde av dei som hadde fri skyss, vart stadig minna på at bussen var for dei “langvegsfarande”, så det var på sjåføren sin godvilje vi fekk vere med. Men det var rett nok ikkje slik trafikk då, og vi var vel ikkje så bortskjemde med bilskyss på den tida, så det var berre i bite tennene saman og gå på med godt mot. Vi hadde korkje skulemusikk eller fotball på den tida, så da begrensa seg til ein tur for dag. Ja det var andre tider då ja.
Nei det er ingen god veg for borna, verken no eller då. Men vi lyt ikkje klage for mykje, vi er alle stort sett busette her av eigen fri vilje. Busstopp skulle vi gjerne hatt fleire av, men det let seg nok ikkje gjere å ha busstoppar over heile strekninga, det skjønar eg også. Men 60-sona vil vi gjerne behalde! Så får vi vente og sjå kva som hender når planane for nye E-39 ligg klare. Eg er spent! Nokon som veit eller anar/trur kvar den traseen kjem til å gå? Forstår det slik at det er sett saman ei gruppe for å utvikle planar for strekninga Fugle – Grungen.
De må ikkje føle tryggheit i Norvald sin uttale om at det berre er nordgåande trafikk som vert kontrollert. Eg har høyrt om målingar i begge retningane.
Eg er no litt usikker på om at dei kansje lurer seg sjølv,dei som framhevar at nedsett fartsgrense er det rette?. Kva med vegbreidde? Er det liksom greitt med smal veg berre vi får red. farten? Vegevsenet har då fått redusert ein av farane med biltrafikken,kansje den farlegaste iflg. mange, altso farten. Er redd ein kjem bakerts i “bonkjen” den dagen ein vil ha ein gangveg i området, svaret blir vel då,“at vart det gjort tiltak for bebuarane ved å redusere farten.” Og det kan gjerne dokumenterast at ei 60 sone er “innarbeidt” for bilistane. Då kjem det oppatt nye spørsmål om ikkje dette er sløsing med resursar, når ein har ei nedsett sone der frå før. Forstå meg rett, eg er for sikkerhet, men ikkje nedsett fartsgrense for ein kvar pris. Er da nokon som har tal på kor mange km med red. fartsgrense ,kontra 80 sone ,der er i mellom Skei og Førde? Eller andre vegen til Sandane?
Du har forsåvidt eit poeng der at nedsett fartsgrense kan bli ei sovepute for vidare trafikksikring/vegutbetring. Viser til Malvin B sin kommentar ang tidsheft ved nedsett fart på den ekstra km med 60-sone frå Skrede til Håheim, det er snakk om sekundar. Effektiiv hastigheit for normal køyring i ei 80 sone ligg på mellom 60 og 70 km/t. Har ikkje målt dei ulike sonelengdene mellom Skei og Førde, men med litt synsing har eg funne ut at ein brukar omlag 40 min ved blanda køyring 65 km/t. Dersom ein legg til grunn at vi køyrer i 80 sona heile vegen vil likevel farten ligge på omlag 70 km/t i snitt mellom Skei og Førde, dvs omlag 37 min køyretid. Men det er klart at legg vi inn diverse “hastigheitsmarginar” til fartskontrollørane og tøyer grensene for kva lommeboka tåler, så er det nok ikkje problem å køyre til Førde på langt under halvtimen, men det er vel her snakk om å halde seg innafor dei normale fartsgrensene. Johannes J var litt uroleg for at vi risikerer å få redusert fart på E39 mellom Trondheim og Kristiansand dersom “Skreflatene” set malen for trafikksikring, men det er vel ikkje heilt relevant, så det reknestykke får vi kome tilbake til.
Full støtte til Camilla! Eg kom meg unna bot i vinterferien, køyrde i rett retning. Det mest spennande med denne tråden, etter mitt syn, er at det no er både Øvrebø og Nedrebø mellom “Skre” og “Grungjen”. Men er det slik at Øvrebø har hamna på “Nedrebø” og Nedrebø på “Øvrebø”?
Absolutt eit interessant fernomen. No er det slik at kjem du frå Sandane så kjem du først til Nedrebø(en) her på denne strekninga og Øvrebø(a) ligg litt lenger oppe om ein legg vassfallet til grunn. Men skal ein sjå på buplass så ligg Nedrebø(en) over Øvrebø(a), men så er det no ho som er kommen til sist då.
Malvin har rekna seg fram til at ein sparer 30 sek. på denne strekninga som er ca. 2 km.
Men ein skal vere klar over at dette er ein Stamveg som er berekna å frakte folk og gods fortast muleg frå A til Å. Og mesteparten av denne vegen frå Stavanger til Trondheim er ikkje betre og sikrare enn partiet over Skreflata. Så då burde kansje heile strekninga ha 60 sone.
Forsjellen på heile denne strekninga er ca. 4 timar mellom å ha 60 soner, i forhold til å ha 80 soner. Men det er klart forsjellen ikkje ville bli så stor i verkelegheita, for ein ville ikkje ha så store avik i 60, som i 80.
Eg reknar med at Johannes Juklestad har reist E-39 Stavanger Trondheim og sett med sjølvsyn korleis vegstandarden er. I så fall bør han levere inn førarkortet straks, For folk som ser så dårleg som det vert gitt utrykk for her, har ingen ting bak rattet å gjere.
Vegstandarden på Skreflatene er rimeleg god for køyranede, kanskje ikkje like bra for gåande og syklande.
Treng ikke reise sålangt her i fylket for å finne dårlegare vegstandard både for køyrande og gåande.
Synest Johannes J tok litt hardt i, når det gjeld vegstandarden mellom Stavanger og Trondheim, etter mitt syn er ein av dei dårlegaste strekningane, mellom Årdalen og Skei.
Dersom ein skal til Trondheim, vil vel dei fleste kjøyre r 60 til Stryn, og då kjem ein inn på Norges skamplett, Innvik- Olden.
Når eg kjøyrer til Trondheim, tar eg ofte av på Vågåmo, og kjøyrer ein gamal annleggsvei over Slådalen, til Dombås, standarden her er omlag som Årdalen- Skei.
Her var det snakk om E39, og det er klart eg sette det litt på spissen, men eg syns no også det er sett litt på spissen å lage til ei 60 sone på Skreflata.
Eg forstår faktisk ikkje heilt kva B.Ø. meinar, men faktum er at du har litt rett at eg ser litt dårleg på eit auge, men eg har no fornya førarkortet mitt for berre eit år sidan, og eg har faktisk førarkort på alle kjøyrety, bortsett frå stor motorsykkel. Eg har tilogmed 160 koden som gjeld for utrykningskjøyretøy, og eg søv like godt, og kansje endå betre etter dei utalelsene frå B.Ø.
Eg hadde faktisk rekna ut heile strekninga frå Kristiansand til Trondheim, men mellom Kristiansand og Stavanger er der faktisk god veg, så eg kutta ut den strekninga. Og eg er klar over at når du kjem langt nok nord er der også bra standar. Men eg skreiv ikkje at heile strekninga ikkje var betre og sikrare enn over Skreflata, eg skreiv mesteparten.
Elles kan eg opplyse at eg har ikkje kjøyrt heile denne strekninga sjølv, eller følgt buss, men eg har følgt vogntog på denne strekninga, og då får ein verkeleg føle kva standar E39 har på følgjande strekning.
Eg legg til grunn det du skriv, Johannes, og etter å ha reiste E-39 mellom Stavanger og Trondheim nokre gonger, vil eg påstå at vegstandarden er stort sett veldig god, men gjennom vårt fylke er det mykje som bør gjerast, også på Skreflata. Sidan du ikkje har oppdaga det på di ferd kan det skudast at du ikkje ser godt nok, noko som du her dokumentere er feil, eller ikkje vil sjå.
Trur nok eg vil påstå at det ikkje berre er i politikken du er ute på ville vegar, Johannes. No også på Skeflata.
Vi i FRP er blitt vant med å bli hetsa med frå alle som ikkje er einige med oss politisk, så det tar eg ikkje så høgtideleg, for då er vi faktisk i godt selskap, faktisk bort imot 1 mill. av Norges befolkning
Men dersom eg er på ville vegar når det gjeld Skreflata, så er faktisk du det og.
Du skriv i ditt første innlegg her at du stiller spørsmålsteikn med behovet for fartsreduksjon på Skreflata.
Det er ikkje så lenge sidan eg kjøyrde E39 mellom Mandal og Ålhus, og min oppfatning er, at det er veldig god veg til Oppedal.
Så er det litt spesielt med Sogn og Fjordane, for når ein fer utatt av fylket nordover, blir det god veg att.
Antydar du årsakssamangheng mellom vegstandard og Frp-oppslutning ?
Ein kan stille seg spørsmål om kvifor det er så lite gåande og syklande folk å sjå etter vegane. Har desse 80 sonene skremt bort folket? I så fall, kvifor dukkar dei ikkje oppatt når farten vert redusert til 70, 60 osv.
I tidlegare innlegg på denne tråden vert det fokusert på dårleg vegstandard på E39. Slik eg forstår det, må vi leve med det det nokre år enno. I juni 2009 melde Firda at Dalsfjordbrua og Bremanger II stikk av med alle løyvingane til vegbygging i Sogn og Fjordane fram til 2018. Seinare har Lavik-området fått nokre finanskrisemidlar til Torvundåsen-området.
Det ser ut til at prosjekt “Gul-midtline-Lavik-Hornindal” let vente på seg på grunn av prestisjeprosjektet i Dalsfjorden. Dette er vanskeleg å forstå når ein veit at det i juli 2009 passerte omlag 3700 bilar i døgeret forbi tellaren på Løset.
Sjølv om eg ikkje er heilt einig med Johannes J ang fartsgrensa på Skreflata, så må eg støtte han litt i den førarkortdiskusjonen. Johannes J er ein framifrå sjåfør, uansett fart!
Hadde Frp. hatt oppslutna som gjenspeglar vegstandaren i Norge burde vi hatt over 60%, for det er vel ingen som har snakka så mykje om vegmidlar som Frp. Dei som regjerer no snakkar berre om at det har aldri tidlegare vore løyvt så mykje pengar som no både når det gjeld veg, jernbane, helse og politi. Tilogmed når ein statistikk syner at vi ligg på bonn i lag med Albania når det gjeld jernbane. Og det tyder på at alle desse strukturane berre blir dårlegare som tida går. Men eg trur både helse og politi gjer sitt beste for dei midlane dei får tilført.
Dalsfjordbrua og Bremangersambandet går ikkje av same budsjettet som stamvegane, men det er klart det går av dei totale vegmidlane som blir løyvt kvart år. Men elles, det var godt skreve Arne.
Eit lite steg bort frå 60 eller ikkje i Skreflata.
Dette skreiv eg på ein blogg eg har etter eit oppslag i Firda i juni 2009. Då hadde fylkesrådmannen ei tilråding til fordeling av vegmidlar.
I dag sette eg nesten frukosten i vrangstrupen då eg las i Firda at det ikkje vert løyvingar til Olden – innvik før i 2018. Dette på grunn av at Dalsfjordbrua og Bremanger II reiser med alt fram til då. Her er det nok et døme på politisk uforståelege kromsprang. Desse to vegprosjekta har status som oppstarta og må prioriterast, vert det hevda. Olden – Innvik vart oppstarta for snart 100 år sidan og bør vel då stå lengst framme i køen.
No må dei folkevalde snart høyre etter kva fleirtalet av velgarane meinar og eg tvilar på at fleirtalet held til i Askvoll og Fjaler. Gul midtstripe frå Bergen til Trondheim må ha høgaste prioritet. Gjer vegane ferdig der trafikken går. Luksusprosjekt som Dalsfjorbrua får komme når alt det andre står ferdig.
Frå Bergen og nordover står no det att nokre stubbar som må utbetrast og tenkjer då blandt anna på Lavik til Sande. Her er rett nok ein del komme på plass i “finanskrisepakken”. Vidare kjem Helgheim – Skei og Innvik – Olden.
Eg synest det er utruleg stille frå dei to som sit på topp-plassane i Ap og Høgre, begge ordførarar i Nordfjordregionen. Desse to, pluss Gerd Dvergsdal bør klare å lage litt meir støy rundt dette enn dei har klart så langt.
Eg har studert litt meir på dette med vegløyvingar og det er neimen ikkje enkelt å forstå.
Dalsfjordbrua og Bremangersambandet konkurerar ikkje slik eg forsatår det med bl. anna Olden – Innvik. Dei er ikkje stamveg og då ikkje med på NTP (Nasjonal Transportplan) I NTP er det frå 2009 – 2014 føreslege sett av 4,5 milliardar som bl. anna skal nyttast til gul midtline frå Lavik – Hornindal.
Dalsfjordbrua og Bremangersambandet er ein del av det vanlege riksvegnettet som vert overført til Fylkeskommunen frå 2010. Desse prosjekta skal få sine pengar frå det vanlege riksvegbudsjettet
Kan ein då dra den slutning at her vert det ja takk, begge deler? Fylket priorieterar kystveg og bygger bru over Dalsfjorden og NTP tek seg av stamvegnettet og blandt anna utbetrar Lavik – Hornindal?
Angåande dårleg vegstandard, so er her fleire strekningar i landet det ser verre ut. Vi har da ganske flatt her i bygda,vi har vel berre ein problembakke inne på Lunde som utenlandske vogntog slit med på glatta .Men vegbredda er eit stort problem frå Bolset til Moskog, spesielt for store bilar.Det er igrunn berre vegstandard passeleg bra nok til personbilar på denne strekninga. Idag slepp eg ikkje mine onga ut på sykkeltur rundt vatnet sånn som vi gjorde for nokre år tilbake.Og da e vel velkjent at folk ,iallefall familiar, syklar sørsida både ned og oppatt i staden, og det er vel trafikkmengde og bredde som er grunnen vil eg tru. Det same blir på skreflata,trur da e tryggare å sleppe dei ut på isen i Mai. Korleis e da Norvald, tenkje du forsikringsum eller bilutgifter når du sender kona di til Skei på jobb på trøsykkel ?
Dalsfjordbrua konkurer med Olden – Innvik.
Eg trur kona hans Norvald klara å tenkje sjølv!
Ja, hva er det vi har sett i dei ca. 6-8 åra. ? Regjæring med vegvesenets velsignelse har unlatt og vedlikeholde ( oppruste ) vegene våre. Når så vegene får en så dårlig standard som no er, setter de ned fartsgrensa fra 80 og ned til 60-70 km. Billigere det. Dette er mye likt over det ganske land, foruten østlandsområdet da. Avgiftsnivået på bilparken ( bensin , årsavgift ) er nå på ca. 60 miliarder årlig. Bare 20 % av dette blir brukt på vegene våre årlig. Altså ca 12 miliarder. Hvor blir det så av dei andre 48 miliardene som er pålagt oss bilister å betale. ?? Hørte på dagsrevyen i kveld at nødvendig opprustning av veger, jernbane, offentlige bygg, vann og kloakk rør-nett kom på minimum 800 miliarder å fikse. Snakk om sjokk-melding. For noen dager siden ble det opplyst at pensjon/oljefondet økte med 1 miliard kroner hver eneste dag. Det igjen sier at hver borger av dette land har en årsinntekt på over 75 tusen kr. Det som forrige generasjoner bygde opp for oss, raseres bort eller saneres vekk. Se bare på Sykehus-striden her i fylket. Skulestrukturen. Nedlagte gårdsbruk. Tendens til avfolkning av bygder. NAV reformen. OSV.OSV. Det er så frustrerende og se all den elendige styremåte vår regjæring klarer og prestere. OLA DUNK må vakne, skal vi finne oss i et slikt styresett…………….?
Ja , det er fælt Håkon.
Ikkje kan ein ta seg ein padletur i kanoen din heller , sjølv om det var isfritt på vatnet :)
Konstanterer at J Juklestad heller ikkje har fått med seg tydinga av omgrepet “på ville vegar”. Enkelt forklart vil det seie å rote seg bort.
Trur nok eg har retningssansen oppe og gå framles, også på Skeflata.
Men om noko skulle vere i tvil, så er mi holdning at ein fartsreduksjon på grunn av at strekniga er skuleveg, utan at det vert observert mjuke trafikantar på strekninga korkje før eller etter, ikkje er truverdige tiltak. Eg har likevel stor repekt for dei som skal bu oppetter ein så sterkt trafikert veg og deira behov for lågare fart etter vegen der, Men når det gjeld Skreflata og tvillingproblemet, Fløtreflata, nord om Byrkjelo, så er det først og fremst ein gangveg som må på plass, slik at oppsitjarane ikkje lenger er avhengige av motorkøyrety for å forflytte seg trygt i nabolaget. Enn så lenge får vi som køyer fobi finne oss i å roe ned ei lita stund,sjølv om det neppe har nokon realverdi for dei som likevel ikkje går etter vegen.
Gangveg er nok absolut beste løysing ja! Når det gjeld mjuke trafikantar så kan eg fortelje at det eksisterar på strekninga. Busstoppet står midt på ei strekke, dit kjem ein ikkje utan å gå langs vegen 150m. Der gjekk vi i dag tidleg, for å gå på skulebussen.