Reglar som dette må kunne haldast i Jølstersona:
- Innlegg skal signerast med tilstrekkleg ID til å identifisere avsendar.
- Innlegg som inneheld rasisme, hets mot folkegrupper, verkar injurierande eller krenkande, inneheld reklame, er i strid med opphavsretten eller på annan måte er i strid med norsk lov, vil bli fjerna utan forvarsel.
- Dette er ein møtestad. Folkeskikk gjeld også her. Ha derfor respekt for at folk kan ha ein annan religiøs, politisk, etnisk eller kulturell bakgrunn enn du sjølv!
- Diskuter sak, ikkje person.
- Det er ikkje tillate med personlege angrep, truslar, ærekrenkande innlegg – eller å kome med sladder og detaljar som kan krenke personar.
- Det er ikkje tillate å kome med banning, pornografiske, rasistiske eller kjønnsdiskriminerande ytringar.
- Vi tolererer ikkje oppfordring til lovbrot eller anna som bryt norsk lov.
- Du er personleg ansvarleg for innhaldet i innlegga du publiserer. Innlegget ditt blir tilgjengeleg for andre med ein gong du publiserer det.
Kommentarane blir ikkje godkjende på førehand, men debatten blir – så godt vi maktar – følgt under vegs. Vi vil når som helst kunne nytte oss av retten vår til å redigere eller slette upassande innlegg.
Kommentarar/innlegg er meiningsytringar og blir ikkje honorerte.
Om nokon har noko å innvende på dette, så må dei gjerne kommentere saka eller sende melding til Gaute eller Hallstein.