Reglar i Jølstersona

Paragraf


Reglar som dette må kunne haldast i Jølstersona:


- Innlegg skal signerast med tilstrekkleg ID til å identifisere avsendar.


- Innlegg som inneheld rasisme, hets mot folkegrupper, verkar injurierande eller krenkande, inneheld reklame, er i strid med opphavsretten eller på annan måte er i strid med norsk lov, vil bli fjerna utan forvarsel.


- Dette er ein møtestad. Folkeskikk gjeld også her. Ha derfor respekt for at folk kan ha ein annan religiøs, politisk, etnisk eller kulturell bakgrunn enn du sjølv!


- Diskuter sak, ikkje person.


- Det er ikkje tillate med personlege angrep, truslar, ærekrenkande innlegg – eller å kome med sladder og detaljar som kan krenke personar.


- Det er ikkje tillate å kome med banning, pornografiske, rasistiske eller kjønnsdiskriminerande ytringar.


- Vi tolererer ikkje oppfordring til lovbrot eller anna som bryt norsk lov.


- Du er personleg ansvarleg for innhaldet i innlegga du publiserer. Innlegget ditt blir tilgjengeleg for andre med ein gong du publiserer det.


Kommentarane blir ikkje godkjende på førehand, men debatten blir – så godt vi maktar – følgt under vegs. Vi vil når som helst kunne nytte oss av retten vår til å redigere eller slette upassande innlegg.

Kommentarar/innlegg er meiningsytringar og blir ikkje honorerte.


Om nokon har noko å innvende på dette, så må dei gjerne kommentere saka eller sende melding til Gaute eller Hallstein.

Vist 2208 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Denne sona er for meg veldig interesann for eg likar å følge medpå på plassar der eg er litt kjend og følge med kva som skjer,Som når eg oppdaga at de var kome asfalttil dvergsdalsdalen, ja ja tenkte eg no slepp en å knuse tanngarden i vaskebrettet. en gang på veg ner med tom lastebil var det so forferdeleg at eg tok vel litt hart i bremsa so vart det nesten hallingkast men de vil helst gå godt. Frå 73 til 95 kjørde eg jordbruks kalk for Breivik kalkverk.men so vart vi utkonkurert av frakteskutene då skulle det verte so billeg for bonden. men en ting veit eg at denn tid fikk mottakar den tonnasjen han betalte for,det var verre sidan men det er ei anna sak.Men eg tek litt av æra for at det er so grønt og fint.

Annonse

Nye bilder