Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 6. mars 2009). Les mer om roperten…

Gamle vermerke i Jølster.

I våre dagar med vervarslingar støtt og stadig i alle kanalar, er kanskje ikkje gamle vermerke så aktuelle lenger..?

I yngre dagar var eg vel stort sett av den oppfatning, at desse vermerka var tull og tøys og ingen ting anna. Men så har det etter kvart utvikla seg slik at eg har meir og meir teke til å legge merke til desse tinga, og har funne ut at dei har mykje føre seg. I eldre tider så var sjølvsagt vervarsling fråverande, og for folk flest, og spesielt på bygdene, var det å kunne tyde ymse tegn i naturen viktig for å i det heile å overleve.

Dei vermerka eg har fått tak i, har eg stort sett frå eldre folk, mange av dei for lengst borte. Ein del av dei observasjonane som desse fortalde om, verka i utgongspunktet ganske utrulege, men etter å ha studert desse “vervarsla” i ein del år, har eg funne ut at dei stemmer ganske bra.

Her kjem eit lite knippe gamle vermerke, det finst mange fleire.

- Ved kulde om vinteren, vil det like før mildver høyrest hosting i fjøsen
(stemmer)
- Plutseleg varme, eller kulde, vil ikkje vare lenge. (Stemmer)
- Når Orkja har fått hatten på (skodde) blir det regn. (stemmer)
- Ved regn om sommaren/hausten, vil dogga, eit par døgn før omslag, sjå grå ut
(stemmer)
- Skodde i fjella på fart austover, betyr regn. (stemmer)
- Er tistlane høge om hausten, blir det mykje snø (stemmer bra)
- Plutseleg temperaturfall i ein kuldeperiode, betyr omslag. (Stemmer)
- Ligg nymånen “på ryggen”, “slepper han ikkje vatnet” Blir lite nedbør
framover. Nymånen var slik no, sjekk om det stemmer.
- Når svaberga blenkjer om sommaren, blir det regn. (Stemmer)

Eg kunne nemnt fleire, men overlet no til andre å komme med “sine” merke.

Vist 489 gonger. Følgt av 15 personar.

Kommentarar

La merke til liggande måne ja,det var ein kar ut med kysten som hadde ei regle på dette.Liggande måne ståande sjømann,det skulle bety att det vart dårleg vær.Kanskje han med dårleg vær då mente att det vart mykje vind,det hadde vi jo for eit par dagar sidan.

Har haurt at om elvane/grøvene krepa, blir det snart mildveir.

Når rogna er tung med bær om hausten vert det mykje snø om vinteren. Vi forska litt på dette når vi var ungar, men når vinteren kom var det ingen av oss som hugsa heilt sikkert om det var mykje bær om hausten, eller om det var hausten året forut igjen det hadde vore mykje :-) Så vi fekk aldri heilt kvalitetssikra denne påstanden. Er det eit vemerkje?

Dette med rognebær og snø kan også ha motsett tyding.
Det heiter seg også at rognen ikkje skal bære 2 bører.

Eit anna værmerke er rekkjefølgja på lauvspretten mellom eika og aska: – eik før ask gjev plask medan ask før eik gjev steik.

At rognen ikkje skal bere to børar, er det som blir sagt i Jølster. På Austlandet er det omvendt. Var i Oslo sist helg, og i Bærum var det minst dubbelt så mykje snø som eg har, 450 moh.

Hadde dei i B hatt mykje rognebær sist haust ??

Inger marie

Mormor mi frå Haukedalen sa at om lomen flygande langs Jølstravatnet skrik,
blir det vått i 6 veker.

Finst det lom i Jølstravatnet?.

Til sæmund.b: Ja, det var mykjwe rognebær også på Austlandet.

Lomen fyke vel, Hallstein.?
Har høyrt at om skodda kjem sigande opp frå Førs,3 dagar på rad, blir det veirforandring.
E da andre som har da same elle noke liknande observasjonar ?

Visst skaren bere med jonsok blir da sein vår.

Er Sæmund heilt sikker når det gjeld ask – eik – steik? Regla blir ganske god om du seier: ask – eik – plask og eik – ask -steik. Eg trur det må forskast på det der! To kilometer vest av Skei står det ei eik og ei ask ved sida av kvarandre i eit tun. Der kan ein setje seg ned og vente å sjå. – Lett å fylgje med. Men skal det bli anerkjende forskningsresultat må ein sikkert setje seg ned og sjå i mange år, og på litt ulike stadar. I tillegg må veret bokførast frå lauvet sprett til det dett. Nei, eg berre spør?
Når skodda kjem tørr i fjella blir regnveret kortvarig, sa dei gamle. Det har eg lagt merke til stemmer.

Helge P! Med andre ord, når han er “avronge” ( for å hente eit ord frå ein annan tråd) ved jonsok blir det sein vår. Det høyrest ikkje urimeleg ut, men det kjem an på kor høgt over havet ein befinn seg.

Til Andre´ Jau lomen fyke, men er det nokon som har sett lom fyke over Jølstravatnet?

Eit sikkert merke for snø, er når det ligg tett med små glør på omnsdøra. Ein vil også sjå masse bitte små glør på brennande ved. Eitt eller to døgn etter kjem snøen. Eg såg dette før helga, og snø vart det.

Regla som Sæmun B kjem med, stemmer. Det har eg erfart gjennomm mange år. Vi brukte den i Volda også.
- Ellers: Når sola skin i fjella i aust når ho går ned om kvelden blir det fint ver neste dag. Dette kjem seg sikkert avdi det då ikkje er skybankar ute i havet som “blendar” sola når ho er på veg ned.
- Svalene kan også fortelje om veret. Når dei flyg lavt blir det gjerne regn. Når dei flyg høgt blir det fint ver. Dette kjem seg av at myggen og insekta som svalen lever av, ikkje klarer å omstille seg for lavtrykk og høgtrykk. Dermed er det eigentleg myggen som fungerer som eit barometer og svalene er visarar.

Dauremålsglott gjere heile dagen opp i spott – det stemmer, skin sola brått opp mellom kl. 9 og 10. om morgonen blir det kortvarig godver for etter ei lita stund så regnar det, men middagsglott gjere heile dagen godt – det stemmer også, for skin sola opp midt på dagen klarnar det og blir godver. Desse verteikna var alltid mamma svært oppteken av – og ho fekk alltid rett når det gjaldt det fine veret om morgonen…til stor irritasjon.
Aftenrød gir morgen sød – stemmer også – er himmelen raud om kvelden blir det godver dagen etter. Morgonrød pisser i sjø er det motsette. Er himmelen raud om morgonen betyr det at det er regn før dagen er omme – det stemmer også!

Snakka med Kjetil Flatjord om dette med Rognebær for ei stund tilbake. Mykje rognebær har ulik betydning på Austlandet og på Vestlandet. Men begge ordtøka stemmer. Dette har med vindretning å gjere. Mykje austaver gjer lite nedbør her og mykje aust for Langfjella. Synes teorien til Kjetil var god. Den har vertfall vore rett sidan eg vart interessert i vertekn.

Morgonroden er som banjerompa, sa dei. Eit sikkert verteikn: Når sauene er på veg oppover i fjellet blir det godver. Kjem dei til bøagardane blir det ei brose (ruskever med snø i fjellet). Om måsen legg egg opp mot bøagardane vert det ruskeverssommar. Om Gauken vaglar seg nede ved vatnet, vert det dårleg ver, men gjel han høgt til fjells blir det godver. Når “kjynjenje” kyr skjena vert det godver. Om to som rakar på bøen hektar rivene i kvarandre, vert det ruskever ( har det vel alt ansamt, tenkjer eg). Om røyken frå jonsokbålet går rett til vers vert det godver ( høgtrykk og stilt er vel forklaringa)

Her er eit par -tre vermerker til:
-Når skodda hjellar seg, blir det betre ver.
-Når Kjøsnesfjorden har halsklut om morgonen, blir det ein fin dag.(Kjøsnesfjorden er fylt med skodde)
-Så var det regnløkane då. (Når det går blanke striper i vatnet) Då blir det meir regn.
Men for meg er månen det viktigaste vermerket. Det er på ein måte langtidsvarselet. Der månen blir ny (tenner), frå denne retninga vil veret for det meste kome denne månaden. Dette er lett for alle å kontrollerer. Du kan fylje med månen i almanakka. No er vi inne i ein nordaustmåne. den tende kl 2.35 25.februar. Veret skal dermed vere; lite nedbør og kaldt. Dette stemmer for så vidt bra, men eg forventar endå kaldare ver etter fullmåne no 11.mars. Så kan du sjå korleis det går etter neste nymåne som tender kl. 17.06 26.mars. Då får vi vestaver, og alle veit vel kva vi då har i vente den månaden fram til 25.april. Eg har følgt med månen i mange år og den er ei god rettesnor, men han kan feile av og til.

Ja, månen har eg også følgt med på i mange år. Den stemmer som oftast.

Annonse

Nye bilder