| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 4. oktober 2009). Les mer om roperten… Turistnæringa og tiltaksarbeidet i JølsterJølster er ein av dei kommunane i Sogn og Fjordane som har størst gjennomgangstrafikk av turistar. Dei langt fleste køyrer strekninga frå Indre Sogn til Nordfjord over Fjærland eller omvendt. Det er etter kvart mange bedrifter som har gode inntekter av denne trafikken, men ein må berre innsjå at dei langt fleste turistane køyrer gjennom bygda utan å stogge på veg til eller frå dei store internasjonale reisemåla som vi er så heldige å ha nordanfor oss; Briksdalsbreen og Geirangerfjorden. Potensialet for å få ut endå større inntekter av denne turiststraumen burde absolutt vere til stades for personar med kreativitet og tiltakslyst. Det har vorte lagt ned eit stort arbeid her i kommunen for å utarbeide strategiske næringsplanar der turistnæringa har ei sentral rolle. Dei konkrete resultata av dette arbeidet er ikkje imponerande. Dyre konsulentar har vorte innleigde for å kome med råd som viser seg å ha liten eller ingen verdi for det praktiske tiltaksarbeidet. Ein kan bli litt oppgitt når konklusjonen i slike rapportar til dømes er at dei nyoppsette mastene for gatelysa er for høge, flaggstenger er skjemmande, og det er planta feil tresort i sentrumsområdet på Skei! Eg er av den meining at det er feil å bruke så stor del av næringslivsstøtta til konsulentrapportar. Dei som går med planar om å satse på nye tiltaksprosjekt, vil ha større nytte av at offentlege støtteordningar i større grad vil bli brukt til dei aktuelle investeringsprosjekta og dermed lette finansieringa og redusere risikoen ved nysatsinga. Det er dessverre vanskeleg å få gjennomslag for dette synet. Eg oppmodar deltakarane på Jølstrasona, politikarane medrekna, om å kome med synspunkt på kva ein kan gjere for å få ei endå sterkare turistnæring i kommunen.
Vist 2340 gonger. Følgt av 23 personar. | ||
Kommentarar
Det er begynt å dabbe av her no.
Skulde sikkert berre overtatt heile bom-stasjonen , stoppa alle turistbussane ,og krevje dei for ei Kommunal Miljøavgift ( fordi dei kjøyrer for fort gjennom Jølster)
Klart att noken kroner kunne da blitt , og ein slapp å satse på so mykje anna ??
I opningsinnlegget inviterer trådstartar origomedlemer herunder representantar for turistnæringa til å komme med forslag på tiltak som kan auke turismen i Jølster.
Forslaga frå dei typiske turistvertane var relativt få, og det kan vere på sin plass at trådstartar og turistvert Hallvard V kjem fram med sine idear.
Trudde ikkje at Skei var metta av turisme slik enkelte (meir eller mindre) har gjeve uttrykk for.
Sæmund Bjørset etterlyser forslag frå meg om tiltak for å auke turismen i Jølster, og det skal han få. Eg ser i Firda i dag at Bjørset har solide finansielle musklar. Med den samfunnsinteressa han har, er det på tide at han satsar noko av kapitalen sin for å skape økonomisk vekst og utvikling i heimkommunen.
Solide karar som Åsmund Løset og Egil Hjelmbrekke har offentleg signalisert at dei kan vere med på eit spleiselag for å overta Jølster Hotell. Sæmund Bjørset bør ta kontakt med Løset og Hjelmbrekke og melde si interesse. I tillegg til finansiell styrke har han ein kompetanse på det bygningsmessige området som er verdfull med tanke på å utvikle Jølster Hotell til ein viktig aktør for reiselivet i bygda i framtida.
Skal være freidig her no.
Vassende hotell , skulle ha vore kjøpt opp av ein kapitalist som er langsynt , då hadde båten også vore på plass !
Tomta er “overmoden” til eit heilt nytt hotell !!
Det må være ein fantastisk utfordring til arkitektane til å teikne eit hotell som er tidsriktig ,og so passa til omgivelsane. Noke “making fix” har eg ikkje tru på.
No har eg ikkje erfaring med hotelldrift heller , men du verden so mykje eg har revet ned ,og sett fyr på.
Ein må innsjå at hotellet har gjordt si tjen som hotell, dessverre .
Er også nokså fredig.
Om dei kjøper dette meget vakre bygget kunn for å sette fyr på ,da skjønner eg ikke vitsen med det? kann ikke betale 6 mil+ og så 2mil i riving og så kjøpe ein kruser på vattenet ? denn kapetalisten har eg lyst å se.
Dette bygget er 2 mill i oppusing ferdig med det,heilt topp .
Har ikkje brydd meg om å kommentere noko på denne tråden før, sidan nokon alltid har ein fasit på kva som er rett og kva som er galt å satse på her i kommunen men som eigentlig aldri kjem med utfyllande svar på korleis dei har kome fram til “fasiten”
Meiner siste innlegget til Hallvard ikke er så seriøst, iallefall har ikkje eg med mi kunnskap funne ut at listene som står i avisa er so mykje å lese på, men eg har sikkert feil. Kan vel seie meg meir einig i Hallvard sitt innlegg den 6 feb kl. 22
“I næringspolitikken er det feil strategi å argumentere og arbeide for opplagde tapsprosjekt. Alle bør forstå at hovudutfordringa i Jølster er å skape lønsame bedrifter med sikre arbeidsplassar.
Viljen til å bruke eigne sparepengar eller ta annan økonomisk risiko er ikkje påfallande i denne kommunen, sjølv hos personar i godt betalte stillingar. Då er det så mykje lettare å foreslå korleis andre skal bruke pengane sine."
Eg meiner siste innlegget til Hallvard akkurat oppfordrer til det som han sjølv advarte mot den 22 feb. 2009. Men som han skriv, “det er så mykje lettare å foreslå korleis andre skal bruke pengane sine”
det som får meg til å stoppe langs vegen på ferie når eg har barn i bilen er rasteplassar med leikeapparat! Det som får meg til å stanse er åpent landskap mot vatnet og tett landskap mot fjell! Det som får meg til å stoppe er ein flat flott campingplass som ser ut til å være populær sia det er mange fastbuande der samt mange turistar der (såg i sommar i nærleiken av otta ein campingplass med turistbuss som stod der alle i bussen faktisk låg i telt,der sparer dei penger på overnatting og kan bruke meir på handel)Ein kan lage til eiget opplegg her i Jølster der dei får ei overnatting på eit av hotella inkludert rafting, brevandring og gocart i førde til ein billeg penge til den eventyrlystne, eikåsgalleriet, astruptunet og bremuseet for den nyfikne kunstintressenten, golf,båttur inkludert badestamp for den som ynskjer det, fisking og jakt weekend for dei som ynskjer det, slalombakken, telemark og anna skigåing f.eks i dvergsdalsdalen mot breen! Her er så mykje, men av alt det eg skriv her er dei ei gruppe det ikkje er spesielt tilrettelagt for, BARNA! Tenk om vi kunne ha starta en fornøyelsespark på vestlandet, og plassere den i jølster?? kongleparken er langt vekke men den næraste , deretter er resten plassert på sør og østlandet av ting som småbarnsfamilier jakter på, dei er ei gruppe som bruker mykje peng på ferier til slike steder, kan vi få noko slikt i jølster? Les mykje her om mat osv osv, det tradisjonelle…la oss tenke utradisjonelt! >Eg ser føre meg ein slik park i ein dal…der det er bøar å ta av å bruke, der ein har vill natur rundt, men og denne fornøyelsesparken midt inni alt det ville vakre! kan jo lage ein slik park retta litt mot naturen, ha dyr for barna (noko dei har i mange andre parker og er kjempe pop) ei scene der vi kan ha lokale heltar til å underhalde liten og stor, nokre karusellar, bilbaner, basseng, sklier, lavoer, “jaktprøve” “fiskelykke”, korleis produsere snø(forskningshus)+++++, og kanskje ei stoooor campingplass attmed :D hadde eg berre vore rik, so skulle eg ha……..
Atle Lunde er inne på eit poeng i siste innlegget .
Mitt poeng er at det er dei etablerte turistvertane som har best oversikt når det gjeld antatt lønnsomme investeringar i turistdrift. Her kjem Hallvard Viken i den ypperste klassen, og vi andre må få lov til å ha spesielle forventingar kva som kjem ut av det.
Hallvard Viken har solid komptanse både på hotelldrift og anna turisme, og ein allianse mellom Viken, Løset og Hjellbrekke når det gjeld Vassenden Hotell er vel ein konsellasjon som har det meste som skal til.
Atle Lunde ser framleis ut til å vere indignert over mitt negative syn på det økonomiske grunnlaget for båtdrift på Jølstravatnet som vart debattert på den tråden som vart starta den 1. februar. Lunde likte heller ikkje at eg kritiserte han for spørsmålet om Skei Hotel, der eg er aksjonær, ville motarbeide eit slikt båtprosjekt.
Elles vil eg seie til Atle Lunde at eg ville forstå den kritikken han kjem med i sitt innlegg, dersom den var retta mot ein velståande person som ikkje har vilja brukt eigne midlar i nemnande grad til å utvikle næringsverksemd i bygda.
Til Sæmund Bjørset vil eg berre opplyse at ytterlegare engasjement i hotellsektoren ikkje ligg inne i våre planar og investeringsbudsjett for dei neste åra. Eg oppmodar igjen Bjørset om å engasjere seg og ta imot invitasjonen frå Egil Hjelmbrekke og Åsmund Løset.
Her ser ein visst at det ikkje berre er Snåsamannen som kan lese kva tankar folk har! No tok eg eit sitat frå ein annan tråd, utan at det var meininga og starte nokon debatt om båtdrift. Vil på ingen måte rakke ned på dei som skapar arbeidsplassar i Jølster og som har brukt mykje midlar på det, men ein kan vel vere einige i at dette ikkje kan lesast av skattelister i Firda? Eg meiner at den norske bonden, også han som bur i Jølster, skaper og utviklar næringsverksemdene i Jølster. Bonden legg att mykje pengar til kommunen i skatter og avgifter, butikkane sel for millionar i gjødsel og mjøl. So eg vil påstå at også eg for å ta eit konkret eksempel, brukar ein del eigne midlar for bygda, utan at eg viser att på skatte og inntektstoppen i Firda:-) Eller skal ein vere einig i Trygve Hegnar si meining at den norske bonden ikkje skapar noko?
No er det ikkje berre båtdrift som visst nok ikkje kan løne seg i Jølster, ein kan også ta med skisenter, gondolbane, veg til bre, museum, konsulentar osv.osv. ting som går bra i andre bygder som langt ifrå kan vise til same tal som Jølster kan, når det gjeld handel av turistar. Men det er peika på to konkrete ting som er lønsamme på kort sikt, det er hotell og ny camping. Kva med langsiktige planar for Jølster, ting som kjem til å gå med underskot nokon år men som heile Jølster vil kunne dra nytte og godt av etter fleire år? Men her på forumet er det nok ikkje rette plassen å diskutere slikt trur eg, det er tvil om kva kompentanse folk har for å diskutere slikt, og det strekk nok ikkje til med sunt bondevett og nokre konsulent rapportar. Etter snart 1 år med diskusjonar er det kome lite og ingenting fram her på forumet, tid er som kjent pengar, og kor har det seg at folk brukar tid på dette? Burde slike diskusjonar heller flyttast til andre fora der det er folk med meir ekspertise, og denne sona heller brukast på diskusjonar om kven som har høgaste treet i hagen sin? ;-)
Hallvard Viken har etter mitt syn overdreven tru på at det er hotell og hotelldrift som skal løfte jølsterturismen til nye høgder. Det er vel og bra, men den storstilte satsinga på hytteturisme er kanskje det rettaste når alt kjem til alt ?
G.Bergheim.Det var no for å fremheve kompetansen min.(Det er jo litt dumt hvis folk kan tru at eg ikkje kan noke?)
Sigbjørn.du er kjempe flink,eg er berre ein som (likar å sjå andre arbeide,kann sitte timesvis uten å bli lei) O;)
God helg.
Eg har forferdeleg lite kompetanse på det som foregår på denne debatten.
Derfor vil eg ikkje blande meg for mykje inn, men eg har lyst å spørje Hallvard:
Er her for liten hotellkapasitet i Jølster no, og i den nermaste tida?
Johannes, du sa akkurat det eg har lurt på – er det forliten kapasitet på overnatting pr. i dag i Jølster. Eg stiller meg spørsmålet : Kva kom først, høna eller egget? Først må der vere attraksjonar som trekker folk – og så må ein utvide overnattingskapasiteten etterkvart (men for all del eg ynskjer både Jølster hotell og Haugen camping inn på bana igjen!)
Eg vil tippe at dei har enno litt for høg fart gjennom sentrum, til at hotellet er heilt fullt ?
Sæmund Bjørset og andre som ikkje vil skjøne at rett nysatsing på Jølster Hotell vil vere viktig for utviklinga av turistnæringa i Jølster, har lite å fare med i denne debatten.
Hotellet har hatt ein gjennomsnittleg omsetnad på ca 1,4 millionar kroner dei siste fire åra, Med eit sengetal på 65 er dette svært lite. Eg vil vere varsam med å seie at det vil vere lett å skape lønsam drift på hotellet, men tek ein dei rette grepa, bør potensialet for stor auke i aktivitet og omsetning så absolutt vere til stades.
På Skei Hotel har det nyleg vorte gjennomført investeringar som på kort tid auka årsomsetninga med 10 millionar kroner. Dette er viktig for turismen i Jølster.
Sæmund Bjørset har utfordra meg til å kome med idear om konkrete tiltak for utvikling av turistnæringa. Han har fått eit godt forslag, men det ser ut til å vere avvist. Sist sommar kunngjorde Bjørset offentleg at han generøst investerte 5000 kroner i Jølster skisenter . Er dette alt han er villig til å satse for å utvikle ei framtidsnæring i heimbygda?
Det er godt å sjå at Hallvard Viken meiner at (ny)satsing på hotell og hotelldrift må skje på rett måte. Det som er litt underleg er at Hallvard Viken likevel kjem med forslag som ikkje er tufta på dette grunnlaget.
Hotelldrift i distriktsnorge har vore eit slit for mange, og den gode utviklinga for Skei Hotel stadfestar at dei rette aktørane kom på rett plass slik at det vart rett nysatsing.
Skibakke er viktig infrastruktur både for jølstringar, hytteturistar og andre.
Invitasjonen til spleiselag sist sommar fekk magert resultat, men det er fleire måtar å bidra på.
Kommunen skal ha honnør for den fann rom for at litt av “skattepengane våre” kunne brukast til desse formåla.
Akk ja !!
Korleis kan ein få fram store kapitalistar til å satse i ei so nydeleg bygd ,hvis dei ikkje har sett ho.?
Ja , dei kan jo ikkje sett ho , for då hadde dei slått til for mange år sida.!!
Hadde det gått an å innvitert noken investorar opp på Skei Hotell og tatt ein helikopter-tur med dei, so dei fekk sjå herligheita og utfordringane.??
Er planen for reiselivet som kommunen skal ta i bruk , so god at det ikkje er nødvendigt med ein slik innvitasjon ?
NB! Max 2 rundar i rundkjøyringa !!
Ikkje så verst på Jølst – men de må då snart forstå at det må meir til for turistane å sjå på – enn høge fjelltoppar og…kunstkrimskrams. Veit ikkje kor mange mill. Jølsterkommunen har tulla vekk på allslagsen planer og idear fram gjennom tidene – som ikkje er blitt noko av anna av en luftslott og “stjerner i glansbildeboka” til dei som utgjer “pådrivar-eliten” der inne – men må då vere minst eit titals medrekna…underskots-prosjektet Eikåsmuseumet?
Elles er det fint ute ved kysten og ikkje berre på Jølst – og er ikkje akkurat fjord-norge heller de skal selje til desse hersens turistane som ikkje vil stoppe der inne – same kva de…prøver legge ut som åte for dei.
Blir som med krabbe og hummer. Krabben vil ha ferskt agn og hummeren råte. Krabbern turistane som reiser forbi – og hummeren dei som går i kulturteine – i trua på at “godt modna”…er “godt for sjæla”?
Er det noken av sportsfiskarane so hadde benytta seg av eit tilbud frå Jølstraholmen cafe ,der dei kunne kjøyrt ut varmrettar til kjekke nedkjølte svoltne kara ?
Vassenden sitter med nøklane til turistbåten på jølstravattenet,bestill 10 lastebillass med hurtigbetong og fyll desse litt innafor brua på vassenden,og vips så er vattenet heva med minst ein meter,korleis da komme seg til skei uten turistbåten Sigbjørn?
Eg tenkjer veldigt mykje på båt, du Bergheim.
Akkurat no tenkjer eg på at Jølster ligg som eit perlekjede , men manglar 2 perler.
For meg vil dei alltid mangle , inntil ein får “dreis” på Vassenden hotell og “Jølstrabrura” på vattnet.
Hotellet må ha pri.1
Eg også ser føre meg dette perlekjede som du Sigbjørn ser,men eg mangler 3 perler for eg ser Sandalen som den kommende turist/kunst bygda her i Jølster med aktiviteter sommer som vinter og så selvfølgeligt det vakraste bygge i Jølster vassenden hotell,og da er jo det berre å hyre ein pansjonert skipper som kunne frakte alle desse (yre-turistane) på tur. God reis alle samman.
Det ordner seg nok,,,,,, Her trengs tid og tolmodighet.. Vi bur jo i JØLST.
Hmm.Kjem akkurat frå Skei.
Eg tenkte eg kunne sjå etter “handlegatene” mens eg for forbi. Fann ikkje noko på utsida .
Ligg dei på langs ,eller på tvers “inne i” butikkane ??
Til Sigbjørn.
Sjå opp !!!!!! Kansje under taket. mente du ute, " OPP I DET BLÅ"
Du Bergheim.
Eg ser for meg heile sørsida som ein idyllisk plass for alle dei som kjøyrer ATV.
Mange lange og svingete uoversiktelege strekningar med telehiv og vattn i vegbana, og mange andre overhengande fara. Eit eldorado for slikt.
Var eg stygg no ??
Håkon !
Hvis ikkje vi får svar her no , so kan ein ta spørsmålet opp på Naturstien 17 mai ?
Nei det var du ikke Sigbjørn,og eg er rimeligt sikker på att turistane villa kosa seg med desse ATV ane,men når alt er på plass i Sandalen så trur eg det hadde passa beire med hest og kjerre til transporten til Astrup tunet?
God ide` Sigbjørn