Omdømmeprisen og Kulturprisen for 2009 tildelt Oddleiv Apneseth og Knut Osvoll

På det siste kommunestyremøtet før jul, som var på Skei Hotell i dag, vart Oddleiv Apneseth tildelt Omdømmeprisen for 2009 og Knut Osvoll tildelt Kulturprisen 2009. Det er Jølster kommune som delar ut prisen. Vi gratulerer dei verdige prisvinnarane!

Her er dei to prisvinnarane ( og fotografane) med kvar sine bevis på at dei er prisvinnarane i Jølster dette året!.

Vist 777 gonger. Følgt av 13 personar.

Kommentarar

Gratulerer begge to! Vel unt!

Det var bra. Gratulerer til begge to.

Det vart utdelt ein pris til. Tiltaksprisen. Den vart tildelt Finn Årdal for oppbygginga av Jølstralia fiskemottak. Alle desse prisane var svært populere, og spesielt prisen til Apnaseth, som fekk ståande applaus frå kommunepolitikarane.
Eg trur alle i Jølster er einige at det er velfortjente prisvinnara!

Knut Osvoll fekk prisen for det fantastiske arbeidet han legg ned for Hyrdingrøysta.

Oddleiv Apnaseth sjønar vel alle var for fotoprosjektet 2008.

To verdige prisvinnarar! Gratulerer til begge!

Det er SÅ fortjent! Gratulerer!

Finn Årdal skal sjølvsagt gratulerast! Eg var berre ikkje klar over dette då eg møtte dei to andre prisvinnarene utanfor Skei Hotell i dag. Fint med supleringar frå dei som sit i “styre og stell” ;-)

Det var et stasleg møte, hvor samtlige kom.styre representanter hadde tatt finklær på seg for anledningen. Vi skulle også hedre siste kom.styremøte for vår rådmann Jostein Bye igjennom 14 års virke. Da vår kjære rådmann går inn i pensjonistenes rekker, var også den nye rådmannen ( rådskvinnen ) tilstede.Vi ønsker Ingvild Hjelmtveit velkomen som rådmann fra nyttår 2010.
Legger ut noen bilder her på siden , slik at dei som har lyst til å skrive (printe) ut det av interesse kan fritt gjøre dette. Bildene er ikke royalbelagte i fra meg, og du finner dei i biledgalleriet her på Jølster-sona. Bildene ligger også under ROTESKRINET i bildemappene for Jølstersona
Jornalist i fra Firda Tidend var også tilstede, så vi får vel en fyldig reportasje i avisen om nokre dager.

Eg synest at alle 3 prisane var vel unt! Eg fekk inntrykk at dei som mottok prisane synest det var litt stas. Apneseth trur eg var beint ut rørt. Gratulerer med prisen og takk for den store innsatsen til alle prisvinnarane.

Gratulerer til begge.

Dette kom ikkje som noka stor “bombe”. Her har kommunen funne verkeleg verdige pris-vinnara. Eg antyda vel på ein tidelegare origo-tråd,at Knut burde vere ein sterk kandidat til denne prisen og Oddleif Apneseth og Finn Årdal er også prisar verdige. Oddleif som ein stor foto-kunstnar,med ei fantastisk fotosamling og eit stort prosjekt-resultat som er anerkjent langt utover kommunens grenser -truleg også landets grenser. Finn Årdal er bedriktskaparen, som tok tak i eit stort behov for småskala-fiskarane i Jølster. Vi/kommunen treng slike. Gratulasjon til dåkke alle.

Det er berre å stille seg i køen av gratulantar. Velfortente prisar til alle tre.

Annonse

Nye bilder