NY REGJERING - AV ORIGOVENNER

Eg ser at det blir etterlyst politiske talent til listene for neste kommuneval. Men som vanleg er vi fjogningane og jølstringane for lite stortenkte, jamfør Anne Viken. Nei, Stoltenberg-regjeringa kan ikkje ha lenge att, dei truar til og med med høgre skatt. Derfor bør vi origo-vennene i Jølster vere i bredskap, klar til å starte ny regjering. Nokre forslag:

1. Magne Skrede blir ny fiskeri-minister, sjølv om fangstmeldingane frå Smutthullests venner har vore noko mangelfulle og til dels uklåre.

2. Hallvard Viken er sjølvskriven som nærings- og nytings-minister. Siste del av denne oppgåva er avhengig av at han fer varsamt fram i alkohol-politikken.

3. Judith H blir justisminister. Ho driv jo framleis og oppklarer hundre år gamle mord på Angedalen, dermed konkurrerer ho greitt med den oppklaringsprosenten som Storbergets politikorps oppnår.

4. Sæmund B er den sjølvsagde statsministeren. Hans make til å gje svevande eller unnvikande svar, finst ikkje. Og slike evner er umissande i omgang med radio, TV og aviser.

5. Sjølv stiler eg ikkje så høgt som minister. Eg satsar på å bli riksantikvar. Kona hevdar at min kompetanse til å ta vare på antikvariske vitsar og fortelje dei gang på gang – bør belønnast med ei slik stilling.

Fleire framlegg blir mottekne med takk, her er enno mange ministerpostar å fylle.

Vist 1331 gonger. Følgt av 22 personar.

Kommentarar

Viser kun siste 30 kommentarar — vis alle 89 kommentarar

Var inne og såg. Ser ut som om fristaten Lusky Næroset er nedlagt. Noko kunstig og konstruert og meir eit spel for galeriet enn noko med overlevelseevne og dybde i seg. Om ein spør meg.
Det med skulen og flyplassen fekk eg ikkje med meg.

Takk for den Jonas, er det med fri stillings instruks?
Til Jarle O , på årsmøtet i Lukky Næroset 25/09 vart det vald ny stasminister. Ellers kan vi vel trenge litt (meir?) humor, fantasi,galskap og mot ogso i vår bygd?

Det var tidlegare nevnt, at det ville bli problem med Magne S, som energiminister, men det kan eg ikkje vere einig i.
Han har allereie programfesta at alle over 70 skal få betalt for å bruke straum.
Dette vil seie, at vi må kvitte oss med EØS,avtala, som ikkje tillet slikt.
Vi hadde då hatt ca 5 milliardar kr spart, som vi kunne bygge kraftlinjer for, på kryss og tvers, og over det meste.
Når det gjeld skeiseisen som forsvinn, så er vel det eit miniproblem, i forhold til gratis straum, for dei over 70. Vi blir alle snart over 70, så vi får vel lage våre eigne kaker, som smakar oss best, samstundes som vi opprettheld ein god tradisjon, sett i frå ministerstolane.

Det er vel ei dame i Stardala som bør bli innvandrings og innflyttarmisnister, – Johannes? Du kan jo vere politisk rådgjevar. Så var det ei som gjekk ut mot lensmannen i Jølster og kravde orsaking av han. Å halde styr på politiet er ikkje lett. Ho bør bli justis- og politiminster. Anders Kristian som er i klammri når det gjeld “orsaking”, kunne jo bli omsorgs – og “omferladelsesminister”. Jarle Olav bør ikkje vere undervisningsminister, sidan han stadig vekk skriv “poker” med to kåar. Vi skriv jo litt rart, av og til, dei fleste av oss, men det får vere måte på. Undervisningsministeren skal vere føredøme for den oppveksande slekta. Det ser heller ikkje ut til at han kan bli miljøvernminister, – etter siste innlegget. Minister utan portefølje, høyrest fint ut for han. Det ser ut til at mitt framlegg om Tinghus på Skei kjem til å vinne, om no ikkje Hallvarden har monopol på Storting og. Eg har kome med desse framlegga under tvil, for ein kan ikkje vere “kjenslevar” om ein skal stille i ei slik regjering. Elles syns eg at framlegget om å la Hallvard få posten som utanriksminister samt minister for kontakt med framande galaksar, var eit godt framlegg. Johannes S kunne jo vere statssekretær, eller politisk rådgjevar når det gjaldt det siste.

Det var Lucky Næroset eg hadde i tankane då eg ba om ein " Helseminister "- for ein slik har dei i Næroset. Har sjølv vore på synfaring i denne “staten” i Hedemark og det er imponerande. I “Utenkte tankers tårn” blir det spekulert ut dei mest fantastiske tiltak for å få liv i den vesle bygda. Eg er heilt sikker på at denne kreative galskapen har får liv i ei bygd som heldt på å sovne vekk. Staden er blitt kjend over heile landet i kjølvatnet av Lucky Næroset. No er kopiar ikkje det beste – så kanskje eit sidespor… Gjennom slike bekjentskapar kan ein sjølv bli trent opp til sleppe fantasien laus – og sjå mogelegheiter ein aldri har tenkt på før. Den etter kvart godt kjende inspirator og foredragshaldar Geir Styve (Humørbonden på Hjelmås) har fått mykje inspirasjon frå denne staden og no reiser han rundt og besøker kreative tiltak på bygdene med tittelen “Oppmuntringstilsynet” – bl.a. besøkte han Krimfjøsen i Angedalen i fjor og gav meg godkjent sertifikat ! og slikt er ..ja, akkurat oppmuntrande og får meg til å tru på det eg held på med!

Ja og når kongen kom på besøk, stilte de selvsagt opp med rød løper…
Hehe – eg meiner han sprang i heilstøypt raud trikot : )

Kongen – vår konge – i raud trikot? Dette må du forklare nærare, Lene. Ein slik konge ville fluksens bli avsett av vår regjering, 70-åringar i trikot er knappast nokon reklame for naturvakre Fjell-Noreg.

Eg har gjort framlegg om Ove me gara som kulturminister. No er kultur og kyrkje ofte slege saman til eitt departement, og då er eg i tvil om Oven har den avbalanserte roen og kompetansen som trengst for å utnemne biskopar.

Tek du deg av kyrkjedepartementet, Harald Kjell? Med ditt humør så risikerer vi at besøkstala for kyrkjene vil stige.

Det va´ jo ikkje Kongen som sprang i rødt – det var den røde løperen… hehehehe…? : )

Ein kvar som har sett Oven me gara i kjole prestekrage på gråtassen bør ikkje vere i tvil om hans kompetanse på det kyrkjelege planet

I ei superbygd som her er beskrevet, trengs det både kringasting,egen avis, helårs skøytebane og et skikkelig damelag i fotball. Birger Meland tar med seg mikrofonen fra NRK, og okuperer Jølster Hotel som Kringkastingshus. Hallstein Dvergsdal og Njål Nedrebø er selvskrevne kandidater til fjernsynsavdelinga. Som avisredaktør er Knut Osvold selvskreven. Isbana må legges østenfor solrenning camping. Her må det forhandles med Juklestad’en om kjøp av areal. Som sjef for dame-fotballen anbefales Anne Cicilie Kapstad. Til slutt et tips for det nye Dame-fotball-laget. Skal vi vinne Norges cupen og serien må dere bruke kjerringa mi som målmann.( Hvorfor ?) Ho slepper ikke inn ballene.

Trur ikkje det skulle bli nokon stor mangel på “målmenn” til det “dame-balle-laget” der inne på Jølst. Då trur eg det blir verre med utespelarar og slike som er i stand til å…få ballane i mål?
Er vel nedsovidt oppe du Håkon som var så seint i seng men kva trur du om trenarjobben…på det laget. Noko for deg å aktivisere deg i? Vil kanskje medføre meir søvn og litt mindre slike – tunge phillosopiske problemstillingar – som du no…ballar deg opp med?

…til bøndene der innate er…på tur uti fjøsen?

Norvald N, du er ein fredens mann, men kanskje nett derfor ville du vere ein forsvarsminister etter mitt hjarte. Frå ditt yrkesliv kjenner du det militære frå innsida, og som forsvarsminister ville du kunne styre karriere-stigen for både fine og ufine sjefar frå fortid og notid. Verkar ikkje det freistande?

Sjølv gler eg meg mest til marine-øvingar lagt til Smutthullet i Fossheimsdalen.

Vil berre få fortalt at i den tida Norvald og eg gjekk i lag for presten så kalte vi han for Biskopen! Han siterte i tide og utide den vesle bibelen…For så elska Gud verda ..osv , så ut i frå det kunne han også ha egna seg som kyrkje og undervisningsminister!

Eg var oppe kl. halv 8 i dag tidlig, for å klargjøre 3 barn til skolen. ( kona på jobb).Ettersom du mener eg ballar meg opp i phillosofiske problemer , kommer det av at jeg ble kalla en ballstyring da eg vaks opp……. ( fornøyd ??? ).

Ja her var det to tilbod som kunne vere interessante. Veit ikkje heilt kva eg skal takke ja til. Rett som du Judith seie, eg kunne denne Johannes 3.16. + eit par salmevers. (Berre så synd at ikkje Roti trefte meg her på overhøyringa). Når det gjeld Forsvarsminister, så kanskje kan eg skaffe fram litt overskotsmateriell og få dette utplassert på strategiske plassar. Kva med ein pent brukt fregatt på Jølstravatnet?

Ja, det var ein god idè – kanskje militæret kan bidra med ei Jølstrabrur – på Jølstravatnet! Då hadde både eg og Steinsunden vorte glade! (og fleire også, venteleg)

Så hadde du “styring på ballane” likevel då Håkon…
Ja slik kan ein ta feil men seint i seng var du no likevel – eller vakna du berre litt i godstolen – før du gav deg ut på videvanken…og gjekk og la deg igjen?

Norvald..Eg trur du heller må få tak i eit landgangsfartyg.Då treng vi ikkje kai , og vi kan sikkert være konkuransedyktige når det gjeld transport av siloballar og anna slåtteutstyr . Det er sikkert ikkje so heldigt å komme med traktorar og slåtteutstyr frå nordsida og presse seg innover sørsida heller ,etter som denne vegen er best egna for ATV`ar :)
(men noke Jølstabrur vert denne båten ikkje)
Såg du forresten at eg fekk eit hint om å søkje stillinga som Fiskerimenister.Var veldig betenkt , men eg sakna desse posisjonane til rusa du skulle komme med.Følte at so lengje eg ikkje har dei , so har eg likså ikkje noke å slå i bordet med.Eg kunne sikkert tatt opp bestilling på fleire tonn , hadde dette vore i orden .No har eg kome meg over kneika og satsa på kulturdep. i staden ,og søv godt:)

Skulle ikkje heller bygge galei då – no når det er sånne flinke folk med bile der på Vasenda som heilt sikkert kunne fått snikra saman eit par styker til å leike krig med – om dei fekk seg…litt betalt fø da?
Slavar til å svinge årane skulle vel heller ikkje “by seg på så mange problemene” i året som kjem…i motsetnad til sist eg var inne på tanken?
Eller skulle bere – bile seg ein retarstad – og gå tilbake til ca. Hugleiksons tid..og Gultingslovene?

Sjølvsagt blir det mannskap til galeien, alle politikarar, til og med i vår origo-regjering, må kunne ro.

Tenkt ikkje på det men – kommunestyret inkl. mest øverflødige byråkratar – kunne ei heilt sikkert ha lenka til årane…i eine galeien.
Origoregjeringa kan trenast opp til å svinge pisken og vere…styresmenn på skutene.
Trengst og ein trommeslagar til å holde takta – på begge skutene – men kva har ei vel…hotelleigarar til?

Hadde ikkje tenkt å kommentere på denne tråden her, men klarar ikkje holde meg… Må berre få sagt at det Håkon B her fjasar ut av seg når det gjeld damefotballen, og si eiga kone, er USMAKELEG! Som tidlegare nemt er takhøgda på Jølstersona høg, men det får vere måte på! Sikkert mein som eit snev av humor, i så fall utruleg dårleg humor! Lykke til vidare!

Heisan – kom ikke på at det var damer her – anna enn ho…judith med H.

Denne tråden på Origo har utviklet seg til og bli en humørfyldt tråd med skjemt og morsomme komentarer. ( Ca. 85 innlegg siden lørdag 23 jan.) Det er jo et tegn på at til og med Jølstringane liker humor. Når så Camilla Ø. føler seg støtt over min form for humor, så ber jeg om unskyldning for det. NEI. det er sant som det sies i ordspråket : TIL LAGS KAN EIN IKKJE ALLE GJÆRA. Til Jonas Helge T. Du var heldig med denne tråden. Masse av folk og skriverier med et muntert preg over seg. Vi trenger det også imot all elendighet, som ellers preger nyheter og tabloid-aviser. Dei fleste trådene på denne sona har vert preget av grav-alvor og kynisme . Defor er det gøy med et trådtema som skaper lit humør i hverdagen. ( Tildømes LØKAGROVA av Hallvard V.

Er det ein sikker konklusjon, ein påstand eller ei hypotese, Håkon B ??

Fakta : når så mange ( 85 stk.) er inne og skriver på så kort tid ( 4 dager ) så må det vere et synlig tegn på at denne humoristiske tråd-starten (tema) falt den humørfyldte del av befolkningen til behag. Dei ble i godt humør, og fikk sansynlig lyst til å skrive. ( Er ikke sona her da til utveksling mellom oss innbyggerene i byga.) Mange soner på Origo dør ut på mangel av engasjemang fra oss ORIGO-RYTTERNE. Til slutt : Uten vann dør alt levende liv. Uten noen form for humor dør denne sona også………………….Wait and see……. !

Skulle hatt Stig Eikås meir innpå her. Hadde eit etterpåskjelv i fjordaglimten i dag – etter at ho Anne Viken fekk forskyve nokre plater her av stivna vulkanmasse frå sist ho var innom – og slepte ein gysir av flytande ord…iblanda eld og svovel over heimfylket.
No har det seg slik at eg ikkje lenger får “sleppe til” der i spalten sidan eg oppførde meg meir som ein lausaktig son av ein FRP-ar med ukjendt mor enn ein som ville gifte seg og selje sjæla for å kunne ligge og “rulle seg” i åndsløvheita og…lettvindte løysingane på alt der.
Stig Eikås hadde eit samandrag av overskriftene der i det siste…på nettet. “Kven blir årets homo.” “Brukte motorsag på bil.” “Buss i fjellveggen.” Den siste var vist mellom Førde og Naustdal og soleis ikkje riksvei 39. Måtte ikkje berre kyrkjer men avishus også falle…kuppel-hodene av.

Jonas, som trådstartar trur eg du må finne ny ambassadør til Lucky Næroset( L N ). Damene på jobben var skeptiske til sit eige ve og vel, dersom dem reiseveksemda ein høyrer om ellers i diplomatiet skulle slå til. Med bakgrun i avtalen om inkluderande arbeidsliv fin eg derfor å seiefrå meg stillinga som utsending til L N. Dersom forutsetningane skulle endre seg,kan det vel vere nødvendig å ta opp att spørsmålet då?

Damers ve og vel har eg stor respekt for, Arild, men dei må vel unne deg litt permisjon – dessutan er det vanleg at mannlege ambassadørar få ta kvinneleg følgje med på reiser. Kan dette roe dei – viss ikkje så denne historia til trøyst:

På ein gard nær brua Kjøsnes – Sunde eller omvendt, skulle det i eldhuset bakast til jul. Ei ugift taus med munntøyet på skaft var innleigd. Då kvinnene var godt i gang med arbeidet, kom ein av karane på garden inn og ville klage på at broka hans ikkje var resleia, heile buksesmekken mangla knappar og stod på vidt gap. Han vart litt overraska då han såg teneste-tausa, men prøvde kvikt å bli situasjonens herre: Ja, du ser du, fekk du fornemmelsa’ kansje?

Men svaret kom kontant: Å nei du, da røska ikkje da tær, same ko mykje sprotta di sprikje!

Annonse

Nye bilder