Firda og Nrk i utakt.

NRK (lokalsendinga) melder vinterlege værforhold ut neste veke.
Dagens Firda, eller sanninga som den blir omtalt i ytre strøk, melder om temperaturar i området 10-14 plussgrader i heile fylket. Det skal også vere utrygt for noko nedbør i form av regn, både i låglandet og i fjella.
Heile værmeldinga til Firda, med kart og det heile, liknar mistenkjeleg på ei melding som dei har funne i arkivet.
Er ombruk av arkivstoff av denne typen ein ny måte å få ned kostnadane på ?

Kommentarar

Ja det er ikkje første gongen Firda rotar med værmeldingane. Enkelte gongar brukar dei Svensk språk og.

Ad namn på avisa i ytre strøk. Då er det no jalfal grunn til å kalle avisa Firda for Pravda. Det skal bety sannheit etter det eg har høyrt. ;-)