Sei det med ropert
Dette innlegget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 3. februar) Les meir…

Knut M. Olsen ny generalsekretær i SP

Knut M. Olsen — Foto: Hallstein Dvergsdal

Olsen som, i tillegg til politikken, også er bonde, har budd på Myklebust sidan 1987, men er opphaveleg frå Son i Akershus. Han kom til Jølster for å overta morsgarden her, og kom fort med i aktiv politikk.

Etter ein periode i kommunestyret, vart det Fylkestinget, der han no er inne i sin tredje periode. I fylkeskommunen er han no leiar av samferselsutvalet, og har også leia utval for undervisning. Knut M. Olsen er også fylkesleiar i SP, eit verv han tok over etter Liv Signe Navarsete, og han sit i landsstyret i partiet.Olsens er, så lenge Liv Signe Navarsete sit i regjering, også første vara til Stortinget, der han har møtt fleire gonger. Han har også hatt, og har verv sentralt i SP, mellom anna i studieutvalet. Jobben som fylkesleiar har han sagt i frå seg, og går av på Årsmøtet i mars.

Det er såleis ein røynd politikar som no overtek den høgste administrative stillinga i SP. Vi gratulerer!

Kommentarar

Sogn og fjordane har hat generalsekretærer fra Sogn og Fj. før. Og med Liv Signe som leder i Senterpartiet, var det vel kke noen overaskelse at Knut M. Olsen ble ny generalsekretær.

Det er riktig det. Knut M. er, så vidteg veit, den tredje Jølstring som har møtt på Stortinget.Dei andre var Nils O. Øvrebø Venstre, og Nils J. Helgheim SP.

Ja nå vet jeg ikke om generalsekretæren møter så ofte opp på stortinget, men det kan bli noen stortingsbesøk, men ikke på stortingets tale stol, jeg tenkte på Ness fra viksdalen i Gaular.Han har vært generalsekretær i Sp Jeg kom foresten på at Knut M. Olsen er vararepsentant til Stortinget, og som vararepsentant til Sande, kan det hende at han kan møte opp på stortingets tale stol

Nei, men no er altså Knut M. også første vara til Stortinget, og møter der når Erling Sande har forfall. Han er, som eg skreiv den tredje jølstring som har hatt varaplassen på Stortinget. Når det gjeld denne generalsekretærstillinga, så er den felles for både partiorganisasjonen og stortingsgruppa. Elles er eg fullt klar over at Steinar Ness har hatt generalsekretærstillinga tidlegare.

lukke til.håper han huskar ka retning han skal ta til dei forskjellige møta,nok om det.kor er de med isen på vatnet, det vart so merkeleg stilt.