Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 20. februar 2010). Les mer om roperten…

Gondolbane til Bolsetnipa ?

Njål har lagdt ut gode bilder frå Bolsetnipa, der ein ser utover store deler av Jølster.
Eg har langt i frå vore på alle fjelltoppar i Jølster, men vil likevel meine at der er ingen fjelltopp ein kan sjå so mykje av Jølster, som der i frå.

Når eg no såg desse bilda til Njål, so kom eg på det ein god kjenning sa til meg for ei tid sidan.: " Kva med ei Gondolbane til Bolsetnipa " slik at det er ikkje eg som har klekka ut dette, åleine.

Dette kunne verkeleg vere noko for turistane, tenk å kunne stoppe på Klakegg, for å ta bana opp for å få med seg denne utsikta. For dei som er litt kjende der oppe, så veit ein og at der er eit kjempe område for flotte turar i mange retningar, for ikkje å snakke om skirennet nedigjen gjennom Fossheimsdalen.

Dette er eit anlegg som kunne brukast heile året. Og truleg vere eit økonomisk gjenomførbart prosjekt.

Oppe i fjellområdet der, er der god plass til ein kafe og andre fasilitetar.

Dersom eg ikkje tek heilt feil, så makta vi heldivis å halde Bolsetnipa utan for Nasjonal parken, slik at den skulle ikkje vere til hinder for ei slik utbygging. !

Er det nokon som er med ? Så burde dette kunne realiserast.

Kommentarar

Bra at du tek opp att dette temaet Magne! Eg har tidlegare her på Origo nemnt at Jølster bør få seg ei gondolbane, og bli førstemann ut til å få ein slik turistattraksjon på plass. Les tråden her.

Ei gondolbane vil vere ein draum for skiturisme i tillegg til sommarturistane. Tenk alle skientusiastar som vil ta gondolen opp for å stå på ski ned fjellsidene?

Gondolbaner er relativt miljøvennlige på mange måtar, samtidig som dei gjer naturen meir tilgjengeleg.Jølster bør vere raskt ute med å bli førstemann til mølla på gondolbanebygging. Då vil Jølster bli “den staden med gondolbane” i Framtidsfylket. Bana bør vere i Skei-området, på ein stad der det vert gitt oppleving av bratt og dramatisk utsikt. Frå toppen av bana må det vere mogeleg å ha godt utsiktspunkt for å sjå både bre og Jølstravatnet.

Anne-Cecilie. Det er rett at du hadde eit utspel om gondolbane for ei tid sidan, der du kom med fleire gode idear om tiltak og aktivitetar på enden (toppen) av ei slik bane.

Det som er viktig i ei eventuell planlegging og vidareføring av eit slikt prosjekt, er som du seier, ein må vere på ein stad, der ein har eit vidt utsyn over bygda, Bolsetnipa er etter mitt syn, den plassen.

Kva ein kunne få til der oppe,er berre fantasien som set grensene for.Både for dei spreke unge – eldre og dei gamle, med og utan ski – stavar eller rullator osv.

Eg vil ikkje gå veldigt i detaljar no, men mogelegheitene til å få til noko stort, dei er der.

Kansje dette burde vere ei sak for det nye Næringsforumet og det nye prosjektsamarbeidet, som er på trappene mellom Gloppen og Jølster, å ta tak i. ?

Bra at debatten om gondolbane vert teken opp igjen !
Eg har tru på at Bolsetnipa er eit betre prosjekt enn alternativa i Stardalen og
Kjøsnesfjorden som sist var framlagde. Ikkje minst med tanke på dei mulegheiter dette opnar for, med skiturar / nedrenn som Anne Cesilie nemner.
Dette vil forlenge driftssesongen mykje i forhold til før nemde alternativ.
Utsynet frå Bolsetnipa er flott, både til bygda og breane kring.
Glimrande plassering mht. nord/sør trafikken i fylket.
Grensa til nasjonalparken ligg 6-700m aust for toppen (viktig moment).
Vi må få ein “sakleg” debatt om dette, og kva med Næringsforumet og
prsjektsamarbeidet som du Magne nemner ? GOD IDE !

Hadde det vore mogeleg å legg ut bilete frå Bolsetnipa her på tråden – teke i ulike retningar slik at dei som ikkje er så godt kjende forstår kor flott denne staden er? Einig i at det er viktig å komme i gang så fort som råd er – slik at dette blir den første Gondolbana i fylket – også med tanke på økonomisk støtte. Tvilar på at det blir løyvd midlar til mange slike prosjekt.

Jeg holder nå fast på at gondolbane fra Galjen til Jostedalsbreen vi bli det mest spektakulære !
Men hvis ikke – støtter jeg Bolsetnipa.

Skal den gondolbana vere i Stardalen må der i alle fall bli gjennomgangstrafikk (E-39) for å få nok publikum!!

Eit slik prosjekt krev vel ein grunnstein eller kanskje to,er denne eller desse bestilt.Burde vert lagt ned ved neste fullmåne for å få litt fart på sakene.
Månen kan jo vere ganske magisk så eg trur nok han vil hjelpe til med å løfte/trekke fram prosjektet.
For å få maksimal utnytting av bana er då Klakegg rette startplass?Er no litt travelt å gå frå Fossheim å inn til Klakegg i dagens beksaumar vil eg trur,viss ein fekk lyst på ein tur til då.
Reknar med att det er få som tar turen rett ned Bolsetnipa,sjølv om dei fins dei og.

Grunnstein kan leverast på dagen frå Nordfjord Skifer.
Skei Taxi er sikkert interessert i rutekøyring – Esso Skei til Klakegg/Bolset,
med avgang kvar time.Ellers kan no du Olav Sveinung ta til å planlegge
panoramavindauge til restauranten på toppen !

Frå litt spøk her, til meir alvor :
Judith – kva meiner Reisemål Sunnfjord om eit slikt prosjekt. Dette er etter
mi meining noko som ville løfte heile regionen kva angår turisme.
Jfr. god plassering – lang sesong – positiv samkøyring vinter/vår med t.d.
Bjørkelia – og eit fantastisk utsyn til bygda og alle breane kringom.

Dette høyrest flott ut – få alt ned på papiret med kostnadsoverslag og presenter det for reiselivssjefen, er mitt råd. Eg må berre presisere at eg ikkje er tilsett hos Reisemål Sunnfjord! Eg arbeider freelance for dei og for andre, men reiseliv og reiselivsutvikling i bygdene våre er det som interesserer meg mest! Eg lurer også på kvar de meiner er beste startpunkt? Og så har eg bedt om bilete som viser utsikta i alle retningar, …for meg som ikkje spring opp på fjelltoppar, men ser fram til ei gondolbane!

Tre utsiktsbilder frå Bolsetnipa

Ja, dette er lekkert – eit prosjekt det er verdt å jobbe for! Kanskje det bør lagast ei avstemming om det er innteresse og einigiheit i val av punkt?

Som de sier i " The Julekalender " D e bærre lækkert. Kjempeplan som må gripes fatt i, med tanke på turist-utvikling av Jølster. Skal vi se sammenhengen i en bærekraftig turisme og et vidgjeten reisemål som Jølster kan bli, må flere faktorer inn i det store helhetsbildet. Astrupbygget sammen med Eikåsgaleriet må sammenslåes,og bygges på Kjøsneset. Like så en familie-camping også på Kjøsnes. ( Ala Hardangertun og Mikkelparken i Kinsarvik. ) Båtplanene til Sigbjørn Steinsund må også realiseres Tenk Jølstrabrura og Friaren på vatnet en vakker sommerdag, med servering av vin og tradisjonel Jølstramat. Kaianlegg og vinteropplag for båtene bygges også på Kjøsnes. Eikåsgalleriet selges til Ålhus grendalg,som igjen vil få Norges vakreste grendahus.( Tenk å kaste bort så mange penger på arkologisk utgraving og bygging av nytt grendahus.) Et samarbeide med Skei Hotel må også realiseres. Dette med tanke på å få turistbussene til å stoppe.( overnatting ) På verdensarv-listen er Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blitt stadfestet. Her vil turist-strømmen vokse enormt. Aksen mellom disse to stedene vil gå forbi Skei. Hva skal til for å stoppe endel av den sterkt økende turist-strømmen. ? Hotelet må ha kapasitet,og avtaler med turoperatører om overnatting og naturopplevelser.Det har Jølster flust av. ( Bare ikke utnyttet enda ). Ser for meg om ca. 15 år er Skei Hotel større en Sunfjord Hotel.) Men da må vi samarbeide om en felles struktur for kommunen vår. Haugen Camping, Jølstraholmen,( utbygging av golfbanen ) Solrenning med sitt Raftingtilbud, Ny familiecamp på Kjøsnes må inn i helhets-planen. Båtruter på Jølstravatnet med stopp på Astruptunet. ( for intresserte ) Nytt kunstsenter på Kjøsnes. Gondolbane til Bolsetnipa.( med en resturant ) Fiskemuligheter i Jølstravatnet.Oppmerka fot-turer på endel av dei vakre fjella rundt oss. Mange muligheter her. Det kan sikkert nevnes flere alternativer for å skape ei sagnomsust turistbygd. Mulighetene fins, det eneste er å gripe fatt i dem. Kom sammen kommune, og organisasjoner som har med nærings-utvikling og turisme å gjøre. Dra lasset i sammen. Skal love at Jølster blir ei bygd det går GJETORD om langt utafor Norges grenser.

Noen som har glemt den vakreste bygden i Jølster kommune ?? STARDALEN !!
Det er her man finner den mest spektakulære naturen – og kan utvikle de største opplevelsene for turistene!!
Igjen skal alt handle om jordene rundt Jølstervannet !
Sørg for alle jølstringer at dere får en samlet kommuneplan som omfatter HELE Jølster !!

No er det slik at stardølingane har laga si eiga Origosone i direkte konkurranse med Jølstrasona.

Enig med deg Grethe S. Stardalen må også vere med. Flott og vilter natur der. La Stardølingene selv finne ut hva som er best egnet for grenda med høve til å dra turisme-interessen dit. Lokalmat ?. Kansje barnas bondegård. Med ridemuligheter, endel av den Norske dyre og fuglefaunaen. Samt forskjellige hønseraser, kaninraser, ellers dyr som trivs i Norske forhold som ikke skader miljøet. Tenker en model som er mye lik den på Namsskogan i Nord Trøndelag. En ny ting som enda ikke har blitt utviklet i Norge er en STEINALDERPARK. Her kan familier overnatte og bo noen dager,og selvfølgelig leve på ekte steinaldervis. Matlaging over bål, kokt i leirkrukker. Eller stekt på varme steiner. Glødekull-groper i jorden også et alternativ. Naturdo og ingen moderne fasiliteter som vi har i dag. Gjerne utleige av klær fra den tids bruk. Blir det vanskelig å realisere et slikt prospekt fra steinaldertid, er muligheten og flytte tidsepoken fram til tidlig vikingetid og legge til rette for denne tidsepoken. Stardølinger samle dere og finn ut mulighets-alternativer.

Eg forstår det slik at Grethe Skjeie vil gondolbane i Stardalen, og eg føreslår at den kan gå til Grepstadnipa i Stardalen. Ein vil ha den same fantastiske utsikta der i frå.

Ja da er bare å begynne da . Gamle planer er vi raske å ta frem når det trengs. Vi på Klakegg er klare .Tomt til dalstasjon er klar . I 1999 ble det planlagt gondolbane på Folgefonna i Odda . Hadde da noen tlf. til de som jobbet i Hardanger Vekst A/S, med forprosjekt til gondolbanen . Forprosjektet ble ferdig. men med opprettelsen av Folgefonna Nasjonalpark, ble planene avslutta. Forprosjektet hadde jeg da mulighet til å få kjøpe .Hvis interessen er der så får vi søke kommunen om midler til et forprosjekt , så er vi iallefall igang.

Grethe – ikkje betre eg huskar var det ein Stardøling (Kjetil) som lanserte idèen om Bolsetnipa i ein annan tråd. Er det nokon som kjenner fjella (og utsiktene) i Jølster godt, så er det Kjetil og eg vel å stole på hans dømmekraft! Blir det ein slik attraksjon ved hovedvegen gjennom Jølster vil folk stoppe og det vil då vere naturleg å lede gjester både til Stardalen og andre attraktive deler av Jølster derfrå. I Stardalen er det mykje som kan utviklast, men eg trur at hovedsaka er at det som blir etablert har ei viss lokal/historisk forankring i dalen. Ein Steinalderpark blir eit stebarn i så måte – sorry Håkon. Dessutan er det under oppbygging ein slik attraksjon i Hyllestad….med lokal forankring i kvernsteinproduksjonen der! Vikinghistoria er vel ivareteken langs Dalsfjorden også med lokal forankring i dei gamle hovdingane Atle Jarl og Ingolfur Arnason! Slike aktivitetsgardar du nemner finns det overalt etterkvart og Viksdalen vart den første som gjorde alvor av å starte 4H-gard i fylket så det toget er gått!
Nei Stardalen må bygge på det dei har t.d. Olav Befring sin spesielle ineresse og nyfikne for naturen og stjernehimmelen ….og eg har sagt det før : Eit “Vil vite”-senter i Stardalen er tingen! Det finns ikkje i heile Sogn og Fjordane!

Sæmund b;for noe vås !! En lokalsone som f.eks. Stardalsonen er IKKE opprettet for å konkurrere med den kommunale Jølstersonen !! Enig Hallvard ( vert for S. sonen) ?
Skulle alle de små lokalsonene være konkurrenter til de større ( Jølster, Førde m.fl.) ville det bli mye ufred rundt på bygdene/grendene.
Ja,Judith. Kjetil nevnte Bolsethnipa, men jeg har forstått det slik at ideen om en gondolbane dit ikke er Kjetil sin ide, men er tatt opp av andre før han.
Mitt forslag om gondolbane til Gallen skiller seg ut fra andre baner ved at den vil føre direkte til breen med de muligheter det gir ( se bilder i Stardalsonen ). Men kanskje det ikke er gjennomførbart ?? Kan noen gi gode svar på det ?
Men for all del : jeg gidder ikke krangle/ diskutere med jølstringer om hvor en gondolbane skal bygges. Bare se å få satt ideen om en gondolbane ut i livet uansett hvor den blir bygget, og FÅ FART PÅ JØLSTER !! Det trengs !!

Har vel gitt nok utrykk for mine meiningar i tidligare diskusjonar om dette tema på denne sona. So eg har ikkje tenkt å skrive so mykje her, Grethe er inne på noko som eg meiner er vesentlig i debatten, nærhet til breen. Jølster er jo ei brebygd! Minuset med Gallen er at den ligg godt inni Nasjonalparken. Men det er jo ikkje sikkert at det er so negativt, kven veit før ein har prøvd. Det bør uansett arbeidast fram fleire alternativ i denne saka.

Ja, Atle. Beliggenheten inni Jostedalsbreen nasjonalpark er muligens den eneste hindringen for å bygge gondolbane til Gallen, men forskrifter er til for å søke endres. Man finner mange eksempler på aktiviteter inne i nasjonalparker i Norge, selv om kanskje ikke en gondolbane (ennå) ligger innenfor grensene.

Det er flott med pågangsmot Grethe, men ein treng jo ikkje oppsøkje problem. Å bygge noko innanfor nasjonalparken er i beste fall svært vanskeleg. Kraftverket i Kjøsnesfjorden er unnataket, men det vart teke atterhald om kraftutbygging den gongen Nasjonalparken vart oppretta. Utanom DNT veit eg ikkje om noko døme der det har vore noko slags type "utbygging " innanfor nasjonalpark grenser. Likevel dersom godolbane skal byggast på Gallen lyt nok trafikkgrunnlaget opp monaleg og då kjem ein vel ikkje utanom ny veg (E-39) gjennom Stardalen ?

Riktig av Pål at det vart teke atterhald om kraftutbygging når Nasjonalparken vart oppretta. Men meiner det også er viktig å legge til at Kjøsnesfjorden Kraftverk i det store og heile er utanom Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ved oppdemming av Trollevatnet vil noko vatn komme over grensa nokre få plassar og nokon få bekkeinntak ligg også så vidt over grensa, men i det store og heile har ein bygd Kjøsnesfjorden Kraftverk utanom Nasjonalparken. Nemner dette fordi mange har fått intrykk av at Kraftverket ligg innafor Nasjonalparken.

Ja Atle. Og til trass for at berre ein “snipp” av anlegget ligg innanfor Nasjonalparken var det mange protestar frå “miljøvernarane”

Ja det er tull og tøys å hevde at Stardalssona er ein konkurent til Jølstersona. Det var so dumt at eg ikkje hadde tenkt å kommentere det,men når Grethe ba meg om det ,so gjer eg det.
Ellers so er eg posetiv til tanken på ei gondolbane til Bolsetnipa, det er flott. Einig med Pål B om at ei gondolbane til Gallen er døfødt på grunn av Nasonalparken. Og pr i dag er det ikkje trafikkgrunnlag for ei slik utbygging. Etter det eg forstår er det tomt på Klakegg som er klar til bruk. Start opp arbeidet med å få midlar til eit forprosjekt.Det gjeld å komme i gong fort slik at ikkje andre finn på noke liknande andre stader i regionen.

Dette var interessante opplysningar Esten, som vi må “varme opp att”.
Ellers er det sjølsagt andre alternativ som kan vurderast, men som Pål skriv, så er det
svært liten sjanse for å etablere noko innafor nasjonalparken.
Nærkontakt med breen vil difor verte vanskeleg, og dessutan er her rimeleg god tilkomst
andre stader i fylket. Det som eg meiner talar for Bolsetnipa har eg nemt før og treng ikkje
gjentakast no.
Det er vel og bra med prosjekta innafor “småskalaturisme” , men først må vi få ein " magnet ",
og då kan gjerne mindre aktivitetar vere verdt å satse på.

Tre bilder frå turen opp til Bolsetnipa.

Gondolbane til Bolsetnipa blir vel omlag som ei gigantisk kraftlinje, som har vore mykje debatt om, her i fylket. men tanken er spennande.
Problemet er nok kostnaden, som blir svært stor, og eg kan ikkje tenke meg at det finst innvestorar til eit slikt prosjekt.
Så kansje er det best å gå, både for helse, miljø og natur.

Svært fine bilete Njål, og dei underbygger så absolutt prosjektet.
Til Malvin - ja vist skal vi gå både til Bolsetnipa og andre fjell , vi sluttar nok ikkje med det.
Men eg gjentek meg sjølv nok ein gong,——- dersom vi ikkje får fram ein" turistmagnet" i Jølster,
kjem vi truleg ikkje serleg lenger enn i dag.

Einig med Kjetil, at ein må prøve å få til noko i Jølster og, vi har masse å tilby, og det er berre fantasien som set grenser, men eg trur nok at ein må starte med noko mindre kostnadskrevande, enn dette prosjektet.
For nokre år tilbake, jobba eg ein periode i Japan, der var det fleire slike gondolbaner, dei gjekk med overskot, dei fleste, men dei hadde eit befolkningsgrunnlag på ca 30 millionar mennesker, mindre enn 1 times kjøyring i avstand, marknadsføring er eit stikkord, men kostar ein del, det og.

Utsikt fra Galjen og ned i Stardalen.

Pål;jeg oppsøker ikke problemer – men ser de heller som utfordringer !
Noe av det første jeg fikk høre da vi kom til Stardalen var;" no er de kome til “sutrefylket” !"
Det vet jeg ikke om jeg er enig i, men uttalelsen kom fra en sunnfjording. Kanskje, hvis det stemmer, så er Jølster “pessimistkommunen” ???
Nei,nå var jeg stygg !!
Ja, nasjonalparken kan være et hinder ( som vi må komme over), men jeg velger å tro på Galjenprosjektet inntil det motsatte er bevist!
Som et apropos : i Oslo er det planer om å bygge gondolbane fra Bjørvika til Ekebergrestauranten (uten sammenligning forøvrig). Prislapp 90 mill. !
Har Jølster/S&F i det hele tatt råd til å bygge en gondolbane ?
Eller fins det en millionær som spytter i slik som Ringnes gjør i Oslo ?
Ellers har jeg lest et meget interessant forslag om gondolbane i Nordland fylke, nærmere bestemt i Beiarn. Det minner veldig om det jeg ser for meg opp til Galjen ( bre + nasjonalpark). Finn fram til artikkelen på NRK Nordland.
Langt i fra alle gondolbaner ligger ved en europavei, Pål.
Kjetil; hvor er det best nærkontakt med en bre i fylket ? Uten å være like sprek som deg ? Ikke si det er Bøyabreen – den er jo snart smeltet !

Utsikt fra Galjen mot Strupevatnet (bl.a.)

Bøyabreen vil vokse igjen om endel år. Naturen har sin flo og fjære. Slik har vi fått disse vakre dalføra i Jølster. Ikke bare etter en istid. ( men mange ) Livet vårt er så kort, at forandringer knapt kan merkes. At enkelte politiske parti skal sanke stemmer på en naturlig syklus, er heller mere å reagere imot. Det ble noe stillere, etter den fimbul-vinteren vi hadde i år. Hva blir det neste.???? Nå som svine-influensaen viste seg og være en hysterisk bløff. Villfisken er forgifta. Vill-laksen utrydnings-trua. Oddekalven får herje fritt fram med sine miljø-påstander om oppdretsanlegga for fisk. Til tap for dei som har slitt i åravis med å bygge opp en lukrativ eksportnæring for staten Norge. ……………… Det går så det griner……………..

Best nærkontakt med breen Grethe, det kan sikkert tolkast på mange måtar.
Det eg meinte var stader med enklast tilkomst til brekanten . Då er det vel helst
Briksdalen – bil/ til fots, Nigardsbreen – til fots eller kombinert med båt.
Bøyabreen (den delen som ligg nede i dalen) er pr idag ein “klatt” av nedrasa isblokker ,
og er vel knapt å rekne for bre.

Ja helt sikkert Håkon; men neppe stor nok til å imponere meg i vår tid!
Ellers burde innlegget ditt vært et nytt bidrag i
miljødebatten.
Nærkontakt med breen, Kjetil, er for meg noe mere enn å kjøre-gå-ta båt inn til Briksdalebreen/Nigardsbreen.
Besøkte Nigardsbreen første gang i 1974, og da var det nærkontakt! Ingen forbud mot å gå inn i breportalen bl.a., men man tenkte vel ikke sikkerhet slik som i dag. Utrolig !!

Mine to gutter i nærkontakt med Nigardsbreen i 1974 !

Med nærhet til breer tenkte jeg vel først og fremst på breer i Stardalen/Jølster. Breer man kan nå uten å gå i timer.
Noen forslag? Grovabreen er vel heller ikke av en slik art ?

Annonse

Nye bilder