Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 11. mars 2010). Les mer om roperten…

Senger frå Jølster på veg til Bosnia!

11.03.2010

Jølster kommune har bytt ut ei rekkje institusjonssenger. Desse er no på veg til Bosnia. Jølster Røde Kors tok utfordringa når kommunen no trengde å tømme lageret. I samarbeid med Sogn og Fjordane Røde Kors har vi funne nokre som kjem til å få mykje glede og nytte av desse sengene. Tidlegare i vinter hadde vi besøk av representantar frå Brcko Røde Kors i Bosnia, i samband med eit samarbeidsprosjekt. Dei var her og såg på sengene, og då dei kunne fortelje at dei ville få god nytte av sengene, valde vi å sende sengene til Bosnia.

Det kostar totalt ca 25000 kr å frakte dette til Bosnia. Jølster Røde Kors betalar kr 10000. Resten er Sogn og Fjordane Røde Kors behjelpelege med.

Så torsdag 11 mars stod eit heilt Hjelpekorps klare til å laste ombord sengene. Etter litt planlegging, lemp og list, fyllte vi opp heile hengaren til Tenden Transport. Det gjekk akkurat! Hengaren var 8 meter lang, så når vi stabla 3 og 4 senger oppå kvarandre gjekk alle dei 31 sengene inn i hengaren.

Det er flott at utstyr som vert utbytt her hjå oss, kan komme andre til nytte. Flott initiativ av Jølster kommune! Vonar andre kan lære av dette!
No er vi spent på korleis det går når sengene kjem fram, og vi er lovde å få høyre korleis dei vert disponerte i Bosnia. Det vi veit er at nokre av dei skal til eit sjukehus, medan nokre skal til trengande i ulike heimar.
Takk til Jølster kommune for elles godt samarbeid, og den “råsterke” gjengen som fekk sengene avgårde!

11.03.2010 — Tunge tak! fv: Torbjørn Feldt, Bjørn Anders Steinsund, Sigbjørn Steinsund og sjåføren

11.03.2010

11.03.2010

11.03.2010 — Etter vel utført arbeid var det godt med ein kopp kaffi og noko å bite i.

Kommentarar

Dette var eit kjempegodt tiltak, og godt jobba av alle partar.
Det er jammen positivt at vi har slike tiltakspersonar her i kommunen.

Likeeins syns eg det er fint at de legg slike ting ut på denne sona, og at de har lagt ved bilde. Slik at alle Jølstringar får sjå kva de driv med.

Ein må her også få takke Camilla for den gode gjærbakst-kringla ho laga , og kaffien som dei kom med for annledninga.
Korleis klara du å steikje kringla so lang ,uten å måtte legge ho i ring ? :)

Takk Sigbjørn! Bra du likar kringla:-) Jo bakarovnen er brei!

Godt tiltak.

Både et godt tiltak samtidig som det setter Jølster kommune som en positiv medspiller for å hjelpe en hardt treng befolkning.

Bra tiltak – og utruleg viktig at lokale representantar var på besøk for å sjå om dei kunne bruke materiellet. Eg tenestegjorde i NATO sine fredsstyrker i Bosnia på 1990-talet, og Forsvaret transporterte ein del materiell som humanitære organisasjonar delte ut i det krigsramma landet. Det var då av og til trist å sjå kvaliteten på utstyret enkelte hadde gitt som bistand. Ein del var regelrett skrot, og burde vore kassert i Noreg.

Som sagt, veldig bra at ein koordinerer hjelpesendingane med mottakarane.

Veldig bra at det går an å få til slike gode løysingar for brukt utstyr, som kan gjere nytte på ny plass! Og veldig kjekt å lese om det lag og organisasjonar i Jølster får til! For det trur eg er veldig mykje!

Annonse

Nye bilder