Stengde Kjøsnesfjorden!

Stengt veg

Tidleg fredag ettermiddag bestemte Statens vegvesen seg for å stengje riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden.

Dette har skapt frustrasjon for mange bilførarar som no får ein 3 timar lenger tur for å komme seg til Sogndal.

- Eg skjønna ikkje kvifor dei stenger? seier ein Sogning som møtte nedlagt bommen fredag etter middag. – Det er fint vær og sola skin. Dette er berre hysteri avsluttar han før han set seg i bilen og for å kjøre rundt..

Fulle rasvollar
Rune Henning Skår, i Statens vegvesen seier til avisa Firda at det har gått fleire ras i dag, og ein del har komme ned i vegbana. Rasmagasina som skal fange opp snøen bak rasvollane er fulle, og det er meir snø og is igjen oppe i fjellet.

Han har ikkje detaljar om kor store rasa som har gått i dag er, men påpeiker at det er plass til ein god del tusen kubikk i magasina.

Vegen opnar tidligast laurdag morgon.

Folk møtte ein stengt veg — Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Lenge etter at vegen i Kjøsnesfjorden vart stengd, heldt både bilistar og trailersjåførar fram med å køyrde heilt inn til bommen i håp om å sleppe igjennom. — Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Vist 155 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder