| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (mandag 29. mars). Les mer om roperten… Årets påskenøtt: Kva skjedde med brebamsen?Direktoratet for naturforvaltning gav skinnet av brebamsen som vart skoten i juni 2008, til Sogn folkemuseum, Sunnfjord museum, Kystmuséet og Nordfjord museum. Midt i oktober i fjor melde Sogn Avis at Monicha Landøy var i full gang med utstoppinga, og ho rekna med at bamsen var klar for utstilling nokre veker seinare. Det vart opplyst at bjørnen skulle ligge død i snøen med blod og det heile. Dette vekte som kjent ein del reaksjonar. No har det snart gått eit halvt år, og eg har ikkje registrert at dyret er stilt ut. Er det nokon som veit kva som har skjedd med bamsen? Kvir muséa seg for å syne han fram slik som planlagt? Annonse | ||
Kommentarar
Den ligg på Sunnfjord Museum i Movika, og har lege der ei tid. Sunnfjord er det første museet som stiller den ut. Den vert utstillt som planlagt, men å lage ei slik utstilling tek tid. Det er ikkje berre denne bjørnen som skal stillast ut, det blir laga ei utstilling rundt den, som først og fremst vender seg til grunnskulen, og som skal vandre til dei andre musea etter tur. Utstillingsopning er planlagd i mitten av april, og den blir på Sunnfjord Museum i sommar. Opninga vert annonsert.
Men bamsen er vel oppeten, slik eg forstår. Kven fekk eigentleg smake – og kvifor?
Kjøttet vart seldt ja, vi får slå oss til ro med det, kven som åt av det, og kvifor, synest eg kjøparen bør sleppe å gjera greie for. Kjenner eg han rett,så gomla han ikkje i seg denne bamsen åleine.
Kven som åt har vi ikkje noko med, samd i det.. så lenge kjøparen kjøpte. Kjenner ikkje kjøps/salsvilkåra her, eg. Har vel ikkje fylgt godt nok med. Men eg reknar med det var mange om beinet. Hvis tilbodet var ope, er det ikkje å kritisere, for all del..
Det var ein open auksjon ja, og det var mange om beinet, for ikkje å seia kjøttet, og visst eg ikkje hugsar feil så kosta det flesk.
Då er det sikkert vel fortært, og vel unt.
Men det tek no til å bli lenge sidan han datt, så då får vi kanskje sjå han utstoppa før neste bjønn ligg dau :)
Det lukta bjønn på Børstebråten, da eg passerte der hausten 2008.
Denne bjørnen vart i alle fall skoten før skinnet vart selt. Eg var mellom dei som var med å jakta på bamsen, og var også med på å ete den. Det gjekk føre seg i eit dugeleg kalas hos Ole J. Øvretveit som kjøpte bjørnen.
Ole Johannes Øvretveit har meldt seg på utflukta den 20.juni til det no så kjende naturfenomenet Løkagrova. Det er vel ikkje sikkert at dette er grunnen til at Øvretveit har sett i gong med eit omfattande treningsopplegg på Gaularfjellet.
Kjenner eg Ole Johannes rett, så har han nok også Løkagrova i tankane når han sveittar i veg på ergometersykkelen sin. Elles kan eg opplyse om at fårikål er betre enn bjørnebiff, faktisk mykje betre.