Jølster Jazzklubb med lovande start.

Den nyskipa Jølster Jassklubb hadde sitt første arrangement i går kveld, det føregjekk på Fjøsen på Skei, med ei relativt ny gruppe, Hot Club d´Aalesund på podiet.

Fjøsen, som er eit glimrande lokale for ein intimkonsert som dette, var godt oppfylt i går, og dei som hadde teke turen fekk ein tre timars hyllest til den franske sigøynarmusikaren Jean Baptist ( Django) Reinhardt. Django Reinhardt ( 1910-1953) blir av mange rekna som noko av det beste europeeisk jass har fostra. Alle kjenner “Tanta til Beate” Lillebjørn Nilsen sin kjende djangoinspirerte låt med den karakteristiske gitarsounden som var Django sitt varemerke.

Hot Club d´Aalesund har spela saman i 9 månader og er samansett av musikarar med opphav frå Ålesund. Det var sjefen, sologitaristen Terje Svein Terje Barstad, som ivra for at dei skulle satse på Django-musikk, men som rytmegitaristen, Kåre nytun, seier: “All jass ligg oss nær, men vi vil nok satse på Django også i framtida” Dei to andre i bandet er Terje Olsen på bass og Magne Romestrand som, forutan accordeón, også opptrer som vokalist, på fransk. Gruppa vil ha klar ein promotion-cd til hausten, men ut over det er det førebels ikkje planer om plateinnspeling.

No var det sjølvsagt ikkje berre Djangomusikk i går kveld, men også nyare swingjass og franske valsar og ballader. Ei fin blanding av instrumental og vokalinnslag, der også Leiaren i Jølster Jassklubb, Marit Hartvedt etter kvart entra scena. Marit har eit breidt repertoar når det gjeld song og musikk og i går fekk vi høyre fleire nummer med henne, mellom anna “Summertime” og “All of me”

Denne konserten må seiast å vere ein god start for Jazzklubben, ein konsert som både musikarar og publikum var godt nøgde med. Kåre Nytun sa det slik: " Det var eit koseleg, positivt og lyttande publikum. Vi sette stor pris på å spele her, og no er dei i gong. Eg håpar dette kan vere starten på å få i gong eit jassmiljø i Jølster"

Ein eg snakka med av publikum, sa det slik: “Det er stort sett bra å bu på bygda, men vi manglar møteplassar som dette, såleis er dette glimrande”

I oktober blir det “Jazz på Jølst” og då er Hot Club d´Aalesund tilbake, men ikkje berre dei. Går det som Jølster Jassklubb håpar, så stiller også Karl Seglem, Gisle Børge Styve trio og mange fleire. Det som er heilt sikkert er at Florø Storband kjem, og så er det om å gjere at jølstringane kjem.

Jølster Jassklubb har lagt lista høgt, men som Marit sa i går kveld: “Den som ingen ting vågar, ingen ting vinn”

Jassklubben har i alle fall fått ein god start, og dette vil vi ha meir av.

Vist 1107 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

JA, Jølster Jazzklubb er i gang! Og det viste seg at Fjøsen var eit kjempegodt lokale for dette første arrangementet vårt. Fjøsen Pub er intim og koseleg og det var flott å kjenne den gode stemninga fredagskvelden. Det kan vi takke dei trivelege musikarane i Hot Club d’Aalesund for, men også eit særs positivt publikum. Eg vil óg takke Hallstein for velvillig omtale her på Jølster Origo – det kjem godt med!

Det har vore veldig kjekt å oppleve at jølstringar og andre har teke jazzklubben så godt imot. Vi kan allereie glede oss over ei veksande medlemsliste, men har sjølsagt plass til mange fleire! De finn oss på www.jolsterjazz.com og på Facebook. Og både der og her på Jølster Origo vil vi legge ut informasjon om nye arrangement og ikkje minst om Jazz på Jølst 15. – 17. oktober.

“Music is your own experience, your thoughts, your wisdom. If you don’t live it, it won’t come out of your horn.” —Charlie Parker

Annonse

Nye bilder