| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 3. september 2010). Les mer om roperten… Jazz på Jølst 2010 – programmet er klart!
Gisle Børge Styve Trio til Jazz på Jølst 2010! Helga den 15.-17. oktober vil Jølster stå i jazzen sitt teikn. Det blir til saman sju konsertar frå ulike scener, og det blir musikk for både jazzelskarar og dei som kanskje trur dei ikkje likar jazz. Først ut er Gisle Børge Styve Trio. Trioleiaren skulle vere velkjend for eit breitt publikum, og i det heile blir det både etablerte og mindre kjende namn du kan få med deg under Jazz på Jølst 2010. Fredag 15.10. blir det først kveldskonsert med Gisle Børge Styve Trio på Skei hotel, deretter konsert med Tore Hovde Trio på Fjøsen. Laurdag 16.10. opnar tidleg på ettermiddagen med gratis jazzkafé på Audhild Vikens Vevstove. Kveldsprogrammet tek til med Janne Nybø Kvintett på Skei Hotel, så kjem Hot Club d’Aalesund på Fjøsen før Florø Storband rundar av med dans på Skei Hotel. Søndag 17.10. blir det ettermiddagskonsert med Karl Seglem Kvartett på Vassenden kyrkjesenter. Oppfordringa er med dette servert: Gi jazzen ein sjanse og støtt opp om eit nytt kulturarrangement i Jølster! Les meir om artistane og programmet i kalendaren her på Jølster Origo: | ||
Kommentarar
Dette blir bra! Eg oppfordrar Jølstringa spesielt og folk frå fylket elles til å slutte opp om dette flotte arrangementet. Janne Nybø, også kjent frå Nybø band og med mor frå Jølster, Tore Hovde innflytta Jølstring og dei andre artistane fortener at vi stiller opp! Det er lagt vekt på å presentere lokale krefter frå fylket med høg kvalitet.
ser bra ut detta her………….. blir å sjå på endel av arrangementa
For det første er det bra at det finst eldsjeler som set i gong slike prosjekt, og for det andre er det viktig at folk støttar opp ved å møte fram på konsertane. Dette er eit stort løft økonomisk, så her må folk komme seg ut av TV-stolen og ut og høyre musikk.