Pangstart for Jazz på Jølst.

“Dere aner ikke hvor glad jeg er for å se så mange mennesker her”, sa leiar i Jølster jazzklubb, Marit Hartvedt, då ho i går kveld helsa velkommen til den første konserten under “Jazz på Jølst”

TV-kjendis som opningsartist.
Det var Gisle Børge Styve trio som fekk æra av å opne Jazz på Jølst, og denne gongen hadde både jølstringar og andre skjønt at dei måtte komme seg ut av sofaen. Meir enn 150 menneske hadde funne vegen til Skei Hotel, og fekk med seg ein konsert full av høgdepunkt.

Dei fleste kjenner Gisle Børge Styve frå Tv-programmet Beat for Beat på NRK, men ikkje alle kjenner den sida av Styve som vi fekk oppleve i går. At Gisle Børge Styve er ein dyktig musikar, er det ingen tvil om, men han er også litt av ein ordkunstnar og med sin lune, underfundige og treffande humor, hadde han publikum med seg frå første strofe. I tillegg til musikk og trestemt song, fekk vi også gjøgling og entertainment som heilt tydeleg fall i smak.

Musikken var ikkje typisk jazzprega, men meir i pop/balade-sjangeren, men sjølvsagt med nokre jazzlåtar inn i mellom. Ein god del av repertoaret var sjølvkomponert og låtane vart heile tida bundne saman av verbal showing av dei tre musikarane.

Sjølv om Gisle Børge Styve er den musikalske drivkrafta i denne trioen, både instrumentalt og vokalt, skal vi på ingen måte gløyme dei to andre. Helge Harstad -el-bass/kor og Per Willy Aaserud-kor, trompet og melodika (av Styve kalla slangeleik) var på kvar sin måte med på å lyfte denne trioen opp i ein svært høg klasse.

Etter nesten to timar og to ekstranummer, takka dei for seg, og Gisle Børge Styve, opphaveleg frå Førde, gav uttrykk for at dei hadde hatt ein triveleg kveld på Skei. Frå publikum var det berre lovord å høyre, og dei som ikkje var der har all grunn til å angre.

Tore Hovde trio på Fjøsen
For dei som ville ha meir musikk, og det var mange, gjekk turen rett på “Fjøsen” der Tore Hovde trio møtte fullt hus då dei drog i gong sin intimkonsert. Her vart det meir standardjazz, med klassiske jazz-instrument som gitar, kontrabass og altsaxofon. Vi fekk høyre eit utdrag av jazz-historia med rolege låtar der Tore Hovde sitt glitrande gitarspel fekk selskap av saxofontonar som var svært godt eigna til å få folket i god jazzstemning. Og stemning vart det i dette lokalet som eignar seg ypparleg til konsertar av denne typen. Og trass i at konserten føregjekk i ein pub, var det prisverdig stilt, noko som vitnar om respekt for musikarane.

Tore Hovde gitar, Fernando Pineda Lopez (Mexico) altsax og Ove Mjåtveit Bass har ikkje spelt i lag meir enn nokre månader, men etter denne konserten er det berre å slå fast at trioen på alle måtar er liv laga.Og etter første dag av Jazz på Jølst, var leiar i jazz-klubben, Marit Hartvedt, eit einaste stort smil, noko det var all mogeleg grunn til.

I kveld er det nye sjansar til å få med seg god musikk, både på hotellet og Fjøsen. Men når dette blir lese, har Marit Hartvedt kvintett hatt kafékonsert i dag ettermiddag. Meir om dette seinare.

Alle foto: Hallstein Dvergsdal

Vist 556 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Artikkelen vart desverre liggande nokre minutt utan bilde. Teknisk svikt, må vite.

Annonse

Nye bilder