Vel blåst Jølster Jazzklubb!

Gjennom ei litt kald og hustrig helg, kom det vel med å ha mykje god musikk å varme seg på. “Jazz på Jølst” er avslutta og der vart det servert mange både smektande og varmande tonar.

Avslutning i klasse med opninga.
Det var stilt store forventningar til kyrkjekonserten med Karl Seglem og hans kvartett i dag, og Seglem skuffa ingen. Rundt 100 menneske fekk med seg ein fantastisk konsert på Vassenden Kyrkjesenter i ettermiddag. Dette var ein 100% akustisk konsert, noko som passar framifrå i den kyrkja med sin glimrande akustikk. Dei mjuke, til tider klagande, saksofontonane til Segklem som presenterte både folketonar, voggesong og mykje ,mykje meir, gjekk rett heim hos eit svært så takknemmeleg publikum. Seglem hadde også med seg tre andre dyktige musikarar, som alle gjorde sitt til å gjere dette til ei stor musikkoppleving. Av alle bassistane eg har høyrdt denne helga, trur eg Sigurd Hole i denne kvartetten tek bassprisen.

Festivalgeneralen med nytt band
Marit Hartvedt, leiar i Jølster Jazzklubb og festivalsjef, har det med å stadig dukke opp i nye musikalske samanhengar og konstellasjonar. Denne helga stilte ho med eigen kvintett, eit ganske nyfødt barn som absolutt ser ut til å kunne vekse opp. Kvintetten spelte på kafèen til Audhild Vikens Vevstove på laurdag ettermiddag, og der var fullt hus. Konserten var ei reise gjennom den godt og vel hundre år gamle jazzhistoria, og handla sjølvsagt for det meste om amerikansk jazz. Naturleg sidan jazzen hadde sitt opphav mellom frigjevne negerslavar i Sørstatane på slutten av 1800-talet.
Det er berre å ta av seg hatten for prestasjonane til denne kvintetten som har hatt minimalt med øvingstid. Under her ligg eit bilete av ei hand på strengene til ein kontrabass. Handa tilhøyrer 19 år gamle Kjetil Andreas Nydal frå Jølster, bassist i gruppa.

Det oppsto eit aldri så lite intermesso under denne konserten, då vokalist Marit Hartvedt plutseleg vart slegen ut av krampe i eine stortåa, av alle ting. Men resolutt handling av ein tilstadesverande sjukepleiar, redda resten av konserten for vokalisten.

Variert laurdagskveld
Kvelden starta med Janne Nybø Kvintett på Hotellet, ein konsert som hadde fortent eit langt større publikum enn dei vel 50 som var i salen. Janne Nybø har ei utruleg flott stemme og har med seg ein gjeng flotte musikarar. Her var det både mjuke og svingande tonar; standardjazz og meir balladeprega, melodiøs musikk. Mykje av repertoaret var sjølvkomponert, og applausen var lang og ekte då ho takka av etter eit par ekstranummer.

Som fredag, vart det så ei økt med “Fjøsjazz” der Hot Club d´Aalesund sto for musikken. Desse karane var på Fjøsen også i sommar, og serverte mykje av same menyen som då: Django Reinhardt-musikk og franske ballader, krydra med muntre replikkar og flørting med publikum. Gruppa passar ypparleg i eit slikt intimt lokale der dei skapar stemning og god kontakt med tilhøyrarane.

Florø Storband avslutta kvelden med dans på hotellet. Her også skulle det absolutt vore meir folk, men dei som var der fekk i alle fall swingande dansemusikk for pengande. Det blir skikkeleg trøkk når så mange blåsarar set seg i sving, og dette orkesteret er det verkeleg kvalitet over, med mange framifrå musikarar med stor speleglede.

Godt jobba av jazzklubben
Det er godt gjordt av ein jazzklubb med rundt 30 medlemmer å setje i gong med eit såpass stort arrangement. Superlativa og godorda har site laust i helga, og fortent. No kan arrangørane slappe litt av og kvile før oppsummering og evaluering står for tur.

Marit Hartvedt har så godt som lova at det blir ny Jazz på Jølst neste år, det er berre å glede seg.

Alle foto: Hallstein Dvergsdal

bilde 1547596!

Vist 645 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Ja, seier som overskrifta: Vel blåst!
Og så bra at det kom folk og koste seg. Dette er god reklame for Jazzklubben og Jølster.
Men: Dårlig gjort å legga noko så bra til jobbehelga mi… ;-p
Dette hadde vore fantastisk å få med seg.

Det er berre å gratulere. Om nokon hadde sagt til meg då eg drog i austerveg til Oslo på sekstitalet både for å studere og høyre dei store jazzstjernene, at det ein gong skulle bli jazzfestival på Jølst, hadde eg knapt tatt det alvorleg. No har det hendt, og dersom de unngår at han kolliderer med grendafesten i Helgatun i Årdalen kjem eg på begge deler neste år. Fint om det ikkje kolliderer med Dølajazz på Lillehammer også, der eg var på jobb denne helga.

Eg stiller meg i køen av gratulantar, og seier som Roald Helgheim: at det skulle bli jazzfestival i Jølster hadde eg aldri trudd.. No fekk eg rett nok berre med meg fredagskvelden, men arrangøren skal ha ros for eit glimrande artistval denne første festivalkvelden, med den “mjuke” trioen til Gisle Børge Styve som innleiing (mjuk her i tydinga passeleg jazzifisert – med tanke på publikumsappell til såkalla breiare lag:). Lydkvaliteten under denne konserten var dessutan i ein klasse for seg – heilt fabelaktig..
Det intime møtet med Tore Hovde trio på Fjøsen seinare på kvelden stod heller ikkje attende. Eit par av dei Coltrane’ske godbitane som her vart servert, gjorde i seg sjølv turen betalt for underteikna. Dessutan kan jølstringane vere stolte over at dei har ein jazzgitarist i særklasse buande i kommunen (Tore Hovde).. Gratulerer Jølster Jazzklubb!

Heilt einig med Kari her når det gjeld lyden på hotellet. Den var super heile helga. Elles var det ein ting som imponerte meg, og det var kvaliteten på dei nystarta “amatørbanda” Tore Hovde Trio og Marit Hartvedt Kvintett. Trass i kort eksistens og ikkje alt for mykje øvingstid, leverte dei varene. Tore Hovde tek heilt klart gitarprisen denne helga. Like klart er det at Stian Villanger i Janne Nybø Kvintett tek trommeslagarprisen.

På vegner av Jølster Jazzklubb vil eg (noko seint – men godt) takke for alle gode ord sagt på denne og tidlegare trådar om Jazz på Jølst 2010! Vi hadde sjølv ei strålande helg der dei gode opplevingane stod i kø. Og så reknar vi med at neste år blir det eit like godt og endå større publikum! Før den tid vil Jølster Jazzklubb arrangere andre konsertar/klubbkveldar, så følg med!

Annonse

Nye bilder