Det swinga i Jølster

Etter 22 år var dei tilbake i Jølster,The Brazzbrothers som starta karrieren under namnet Ytre Suløens Jazzensemble. Og dei vart svært godt mottekne av ein nesten fullsett Jølstersal på Skei Hotel i går kveld. Jølster Jazzklubb hadde nok skote litt av ein gullfugl denne gongen, som fekk dette bandet til Jølster under deira turné “langs den musikalske stamvei” i regi av Vestnorsk Jazzsenter.

Dei tre brødrene Førde og to blad Tafjord pluss ein fantastisk trommeslagar gjorde dette til ei uforgløymeleg musikkoppleving. Salen var med frå første tone under denne konserten, der høgdepunkta kom som perler på ei snor, og der publikum på slutten gav lang og ståande applaus.

Der er utruleg kva desse godt vaksne karane får ut av instrumenta sine, både av lyd, improvisasjon og speleglede. Repertoaret veksla frå oppjazza halling via amerikansk jazz og eigenkomponerte låtar til søraferikanske og latinamerikanske rytmer. Å seie kva som var best her, er vanskeleg – nesten umogeleg, men skal eg velje min favoritt må det nesten bli “Domen” Eit eigenkomponert musikkstykke laga spesielt for framføring i Nidarosdomen. Utruleg flott med det eg vil kalle “sakral lyd” og med ein klang og eit arrangement som var i absolutt toppklasse. Men eg skal heller ikkje gløyme “Blowing Brothers”, “Lauras teme”, “Limbojazz” og dei sørafrikanske rytmene på slutten, der trommeslagaren varta opp med eit fyrverkeri av afrikanske fuglelydar, og afrikanske trommelydar.

Vi fekk også høyre bandet i eit vokalinnslag. I Limbajazz var der nokre vokalstrofer, der dei brukte dei små instrumentmikrofonane som vokalmikrofonar. Ein kjempekonsert som samla det publikum den fortente, og som var ei stor fjør i hatten til Jølster Jazzklubb.

Biletserie med 16 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 469 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Eg skjønar at eg gjekk glipp av noko stort! Kjempeflott at Jølstringane slutta opp om arrangementet – og til eldsjelene i Jølster Jazzklubb: Godt jobba! Eg gler meg til neste arrangement med Fredriksbergs Jazzensemble og Kim Fairchild 1. april!

I det opprinnelege referatet hadde det lurt seg inn ein feil når det gjeld sist dette bandet var i Jølster. Jarle Førde sa frå scena at det var 30 år sidan siste jobb i Jølster. No i kveld har Eivind Myklebust ringt og gjort det klinkande klart at dei var i Jølster i april 1989, ikkje 1981. Då i regi av Jølster Næringssamskipnad og, etter det eg skjønar, etter initiativ frå Eivind Myklebust. Det var ein stor dag for alle som var involverte, får eg opplyst, også for kjøpmannskonsulenten.

Gratulerer Jølster Jazzklubb! Når det gjeld Brazz Brothers var det nokre av musikarane i Ytre Suløen som starta eit reint brassband i 1981, men Ytre Suløens Jazzensemble fornya seg og lever vidare i beste velgåande.og fartar verda rundt snart førti år etter starten. Keep swinging.

Annonse

Nye bilder