Kim Fairchild, the lady of swing and sweet.

Kim Fairchild gav alt på scena. Foto: Hallstein Dvergsdal

Jølster Jazzklubb satsar friskt for tida, og det faste konsertlokalet på Skei Hotel kunne i går kveld tilby ei konsertoppleving av dei sjeldne. Fredriksberg Jazzensemble med turbodama Kim Fairchild som vokalist, hadde teke turen frå Bergen til Skei, og eit publikum, som sjølvsagt kunne vore større, fekk mykje for pengane under denne konserten som heldt det gåande frå kl. 20.00 til 23.30 avbroten av to pausar.

Dette var ein konsert som mange fleire burde fått med seg, for dette var det som må kallast allemannsjazz. Ei herleg blanding av tradjazz og latinamerikanske rytmer som bosanova og samba, framført av 6 dyktige musikarar og to fabelaktige vokalistar.
Kim Fairchild var på førehand annonsert som eit fyrverkeri, og det var ho absolutt. Ikkje berre hadde ho ei utruleg flott stemme, men også eit scenshow med gjøgling og ablegøyer som sjarmerte salen i senk. Her fekk vi oppleve ei dame som gav absolutt alt og som levde seg inn i musikken på ein utruleg måte.
Men der var også ein mannleg vokalist, Eigil Helland, som også imponerte. Ein godt vaksen kar med ei stemme som på mange måtar fekk ein til å tenkje på Old Satchmo, Louis Armstrong. Fantastisk bra!
Som sagt; dei som tok turen til Skei i går kveld, fekk veldig mykje att for pengane, og folk kosa seg frå første stund. Applaus til Jølster Jazzklubb som allereie førstkommande tysdag bankar til med ny konsert. Denne kvelden med Hot Club de Norvége, bandet som har turnert sidan 1979 og som altså no endeleg kjem til Jølster. Møt opp folkens!

Biletserie med 23 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 657 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder