Hot kveld med Hot Club

Hot Club de Norvége. Foto: Hallstein Dvergsdal

Det var eit stort og forventningsfullt publikum som tok i mot Hot Club de Norvége på Skei Hotel i går kveld. Dei vart ikkje skuffa av eit band som sprudla av speleglede og glade rytmer frå første akkord.

Gjennom to økter på ein time kvar, fekk vi ein gjennomgang av det beste av Django Reinhardt sin musikk. Denne sigøynargitaristen som utvikla seg til å bli den viktigaste europeeiske jazzmusikaren og komponisten. Ein musikar, som med sin etniske bakgrunn, kunne blitt ein del av tyskarane si “Endløsung” under krigen.
Begrepet string swing, som Hot Club de Norvége er ein internasjnal kapasitet på, var Django Reinhardt sitt varemerke, og ein sjanger der gitaren er den drivande krafta. I Hot Club er det to glimrande gitaristar med Jon Larsen som frontfigur og sologitarist og med rytme av Per Frydenlund. Men der er også ein annan kar som imponerte, Finn Hauge (frå Bremanger) som har fiolin som hovudinstrument men som også trakterer munnspel….og sag! på ein framragande måte.
Konserten var kjemisk fri for daudpunkt, og sidan Django Reinhardt og den stilen omfattar så mykje innan klang og rytme, så vart det både variert og spennande. At dei avslutta med Tanta til Beate , var sjølsagt heilt naturleg, denne melodien som markerte gjennombrotet deira på byrjinga av 80-talet.
Det var også naturleg at ekstranummeret, som var eit potpurri, inneheldt Norge Rundt-kjenningen, noko som passar godt til desse omflakkande musikarane.

Dette vart ein kveld som gjekk så alt for fort, ein kveld der vi fekk demonstrert glimrande musikarhandverk av eit band som på sin lune, humoristiske måte fekk publikum med sag frå første tone. Det var første gongen dei spelte i Jølster, men truleg ikkje den siste. I går kveld såg eg folk heilt i frå Florø som hadde teke turen til Skei for å få med seg denne konserten med dei internasjonalt høgt respekterte veteranane.
For Jølster Jazzklubb er det berre å halle seg tilbake og konstatere at den tredje, vellukka konserten i vinter, er i boks. To konsertar på fem dagar er dristig satsing, men eg såg og snakka med smilande styremedlemmer i Jazzklubben i går kveld.
Vel blåst!

Biletserie med 30 bilete — bla med å trykkje på pilene

Publikum fekk full valuta for pengane

Jon Larsen signerte mange plater

[/bildeserie]

Vist 524 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Flott repotasje med rikholdig bilde matriell, Hallstein. Tok selv mange bilder, men ditt rikholdige bidrag holder i massevis her på sona, så da lar jeg vere å suplere med noe fra min side.

Ingen sak å være arrangør med slike strålende musikere og et så lydhørt og fornøyd publikum:) Takk til alle som kom!

Det er ikkje verst at det kjem meir folk på Hot Club konsert ein tirsdagskveld på Skei enn i Bergen – der dei spelte i går kveld. Kjempeflott konsert men her kom det berre ca 75 personar. Den siste veka lovar svært godt og tyder på at Jølster Jazzklubb er liv laga og det gledar meg stort! Vel blåst til Jølster Jazzklubb!!

Annonse

Nye bilder