Svømmeundervisning i Jølstravatnet

Dette er kopiert fra gruppeoppstartar på facebook, og eg synest dette kan komme hit også for meiningar.

Hei alle saman som har eller kjem til å få elevar på Vassenden skule.
Rektor ynskjer å arbeide for å få utandørs symjeundervisning frå hausten 2012, der alle klassar skal
få symje- og livbergingsopplæring i Jølstravatnet.Saka er med på sakskartet til Utval for Oppvekst, Kultur og Helse den 22.08.2011.
Handsaminga er open for publikum.
Dette er eit saksframlegg. Det vil seie eit framlegg til vedtak til eit politisk møte.

Vil vi som foreldre at våre elevar skal fom 2. klasse svømme i kalde Jølstravatnet istadenfor i eit varmt basseng?
Har ikkje vi betalt like mykje skatt som alle andre, og dermed like mykje rett til vanleg svømmeundervisning som andre elevar?
Livreddning i kaldt vatn kan gjerne vere eit 1 dagers kurs pr år pr klassetrinn, men eg trur ikkje dette er noko god erstatning for basseng svømmeopplæring.
Blir vel meir vannskrekk enn trygghet i vatn med dei få gradene i Jølstravatnet??
Eg trur Rektor og utvalget for Oppvekst, Kultur og Helse bør finne andre måtar å bruke ressursane sine på, slik at elevane får sin rettmessige svømmeopplæring.
183 av 414 fjerdeklassingene ved 12 skular i Oslo kan ikkje svømme. No skal de få gratis svømmekurs på fritida.
Legg ved ein artikkel om dette temaet i gruppa.
Alle som meiner at dette forslaget til å erstatte vanleg svømmeopplæring med svømming i Jølstravatnet må melde seg inn i gruppa, slik at vi får stoppa dette.
Det HASTAR med innspel til politikarar og medlemmar av utvalget.

Helsing
XXXXXXX

Eg personleg meiner dette er kanskje en god ide, men også en dårlig ide. Eg forstår alt dreiser seg no om penger, men skal kommunen gå so langt no at dei skal sløse vekk en mykje penger på våtdrakter som kanskje ikkje blir nytta anna en å ta på, fordi unger kjem til å nekte gå uti vatnet?? Eg er nesten sikker på når eg lagar et bilete i hove mitt, at veldigt mangen kjem til å stå på kanten å gråte store krokodilletårer, fordi dei ikkje vil uti vatnet, og eg ser for meg en flokk ungdommar på vassenden som skulkar timen, eller dagen det er bading, fordi dei gruar seg.

No har vi på vassenden i alt for mangen år brukt pengar på å måtte ta buss til skei, og det er på tide at vi kanskje får et baseng i vassendenområdet. Alle som bur i Jølster burde kjempe for fleirbrukshall med baseng, og vi må få til at det skal stå klart fort. Så slepp man at ikkje alle klassar får svømming, ikkje minst, så slepp ungane, lærerane måtte pendle den timen det tar å reise, ikkje minst, så slepp man utgiftene med reising og lønn som fort blir millioner på sikt, som kunne puttast inn i denne fleirbrukshallen.

Grunnen til at eg seier at eg meiner det kanskje er en god ide, er fordi at det alltid finnast unger som sikkert har lyst til dette, og da burde dei kanskje få prøve seg. Men da meiner eg at det kanskje bør leggast inn som et valgfag. Ja vi hadde jo valfag før da eg gjekk på Vassenden skule, så regnar med dei kanskje har det no og, men er ikkje sikker…

Link om dette :
Utdanningsnytt
http://utdanningsnytt.no/4/Meny-A/Meninger/Innspill/Svommeundervisning-i-skolen-og-den-nye-svommekampanjen/?mode=print

Vist 1186 gonger. Følgt av 13 personar.

Kommentarar

Kvar lærde folk i Jølster å symje før dette vart skulefag i oppvarma vatn?

Ja, men no lever vi ikkje på 1960 talet meire, vi er faktisk i år2012, og tilbud om badebaseng er for dei på skei skule, så da burde dei få ha same tilbudet på vassenden!! Ellers burde det stillast likt, og legge ned anlegget som er på skei skule, slik at alle stiller likt.

Meinte vi er i år 2011.. men skuleår 2011/12

Dette forslaget er direkte uforsvarlig og er nok ikkje nøye gjennomtenkt av dei som har foreslått dette.
Det er nok riktig som Helge Bolstad seier at det finst folk som har lært seg å symje i Jølstravatnet før det vart bygd badebaseng med oppvarma vatn, men eg trur nok helst at dette gjekk for seg i ein begrensa periode (Juli-August)
Eg har og ein mistanke om at det var færre som lærte seg å symje før vi fekk oppvarma baseng.
I Mai er det nok ikkje mange andre enn Vidar prest å sjå som driv med bading i vatnet og dei som vågar seg uti er nok ganske fort på land igjen. Ein symjetime går eg utifrå skal vare bortimot 45 min, dei kan prøve det den som vil å sittje med føtene ut i jølstravatnet i 30 min i Mai ,når tempraturen i vatnet er under 10 grader. Eg har ikkje lyst.
Er det satt noko tal på kor mange lærarar ein måtte ha for å ivareta sikkerheita ved eit slikt opplegg ,eller kor mange elevar som ville utvikle totalt vannskrekk ?

Misforstå meg ikkje; eg meiner sjølvsagt at alle born må ha same rett til å lære seg symjing.

Mi meining vil elles vere at dette bør ungane få lære seg FØR dei tek til på skulen. Symjing er ingen stor kunst. Det gjeld å lee på armar og bein etter eit visst mønster anten det gjeld brystsymjing, kravling eller symjing på rygg, og her meiner eg foreldre eller andre føresette/vaksne kan ta sitt sjølvstendige ansvar.

Nokre føresette vil nok vere meir usikre på framgangsmåte enn andre. I staden for å vente på skule og lærarstab, kunne me då ha ei ordning der t.d folk frå Hjelpekorpset (eller andre kompetente i bygda) kursa foreldre/føresette i korleis dei skal lære sine søte små å symje, anten det er i basseng, vatn eller sjø.

Eg vil óg tru at det må vere enklare å få opplæringa til på individuell basis enn i ein “klasseromsituasjon” der ertinga kan liggje på lur dersom ein eller annan fryktar vatnet meir enn fleirtalet. Men dette veit nok skulefolk meir om enn det eg gjer.

“Jølstring” må vere klar over at innlegg, kommentarar osv på denne sona skal føregå under fullt namn. Innlegget ovanfor blir sletta dersom det ikkje blir signert på vanleg måte, dvs med fullt namn.

Går bra det Halstein:) var berre meg som meiner det samma som deg, som demostrerte litt i en debatt, fordi alt for mangen ikkje gidd signere med navn, og da føler for å angripe mykje lettare:))) Så da tenkte eg at eg ville vise dei at det er ganske så irriterandes:) jaja… fiksa no:)

Dersom dette er alvorleg meint, må det ligge ei god kostnadsoversikt med i saksutgreiinga. Det held td. ikkje å kome med kostnader til innkjøp av våtdrakter på utvalsmøte. Kva med dei som av ulike grunnar ikkje kan symje i 10 grader vaten. Dei lyt bussast til Skei og då vert kostnaden det same om det er 1 eller 25 elevar. Eg trur også at ein undervurderer tida det tar å td. kle på og av 26 tredjeklassingar med våtdrakt. Dei som har prøvd ei våtdrakt veit kva eg snakkar om. Våtdrakter skal også tørkast og vaskast på skikkeleg måte. Må det byggast eit eig avkledingsrom med tørke? Og kva skal eventuelt Jølster rafting ha. Eg reknar det som sjølvsagt at dei ikkje skal jobbe dugnad:-) Eg vil føreslå at alle gode krefter jobbar for å realisere ein svømmehall/badeland.

Children from both schools should have equal opportunities, whether it be swimming , football or whatever. I think it is high time that Vassenden school had its own swimming pool. iIknow the cry will be , " we havnt the money" If the reason is strong enough , the money can be found. I know a very well respected person in Jolster that says there is no such word as cant or cannot, everything is possible.Come on give the Children from Vassenden school their own pool. If they want to swim in jolstervaten at holiday times o k, but to teach them to swim properly they need to learn in reasonable comfort

Graham har beskrevet dette på fortreffelig måte, og har nok mesteparten av Jølster med seg i sin beskrivelse. Veldig bra og støtter opp om det jeg selv skrev på Fjordaglimt. Heldigvis sendte politikerne forslaget tilbake, for andre gang. Det er snart kommunevalg i Jølster, men kan ikke se at noen politikere har vist kortene i denne saken. Velger ikke å kommentere det, men det finnes et godt ord for slik unfallenhet. Dere har nå anledningen å komme på banen å mene noe, foran valget. Dere velges for å mene noe, og utrette noe. Hva vil dere?

Når økonomien i Jølster Kommune ikke strekker til i alt som ønskes,ja da er det ikke nokk å håpe på ein eller annar “glup” politikker som lover å sette denne saken på ei eller annar liste,og det skjønner også du Her : Å Løset.

Forventer intet svar fra noen såkalt politikere, taushet er varemerket til Jølsterpolitikerne. De skal bare velges for egen status, uten å mene noe! Så enkelt er det, så godt valg! Dere har ikke mye å velge ut fra, slik Eirik Hjembrekke beskrev det i et tidligere innlegg. Ingen vet hva dere prioriterer for kommunenen. Det bør vere mer enn grunnlag for bekymring…..!

Bra at Jølster nå topper omdømmeprosjektet med en skikkelig debatt om hvorvidt barn kan lære å svømme i Jølstervann eller ikke. Andre saker kan saktens stå på vent. Når Hylderås og undertegnede har badet der siden guttedagene og gjør det enda fra begynnelsen av mai og langt ut i oktober så kan selvsagt smålubne unger fra Jølster plaske litt i vannkanten sommerstid de også. Sier ikke omdømmeprosjektledelsen at Jølster skal være spot for ekstremsportere? Litt gåsehud på barnerumpene bør være en beskjeden start på villmarkslivet. Ellers kunne jo de tapte pengene til omdømmefadesen vært nyttet til svømmeopplæring for barn. Sannsynligheten for at barn i Jølster blir forulykket ved f. eks. manglende bilbeltebruk på grunn av slendrian fra voksen er 1000 ganger større enn ulykker ved svømmetrening i Jølstervann under oppsyn av kompetente voksne. Skjerpings på landsbygda! folkens. Og godt valg

Om det er vilje så er det fult muligt å lage ein flytande konstruksjon som eg har grovrissa her.
Denne kan då flyttast og nyttast kor som helst på vattenet,sommar som vinter,og besparelsen er meir enn kva som idag blir brukt i tid/pengar på transport av desse “svømmeiherdige” elevane..

I dont think it is mentioned anywhere about there being accidents to children swimming at jolstervatnet, Surely the main concern should be for the comfort of children learning to swim. it is wonderful to perhaps swim there when you are a fully competent swimmer, but for children , particularly young ones to have to stand around and be taught to swim i dont think it is even an idea that should ever get off the drawing board. Now also why should the children from Vassenden school be forced to learn to swim in such cold conditions when their counterparts at Skei have a good comfortable indoor pool to learn in. If the finances are so tight that is not possible to take them to skei then the kommune should be looking elsewhere to reduce its expenditure. Give the children a proper pool with the right conditions to learn to swim in comfort. It is vital with so much water around, not only in jolster but in the whole of Norway that children learn to swim at an early age. If they have a warm area then they could also be taught life saving techniques, which could not be done properly in the Lake.

Høyrer i dag at saka om svømmeopplæring i Jølstravatnet skal opp i FAU og Samarbeidsutvalget i morgon. Dette vart ikkje nemnt med eit ord på foreldremøte forrige veke? Skal ikkje foreldre til ungane på Vassenden skule få uttale seg om denne saka?? Skal ikkje klassekontaktane representere synet vårt, både på godt og vondt? Eg trudde at saka var avgjort, med utgangspunktet at dette blir ei dyrare løysing for fattige Jølster kommune(som aldri har pengar til noko) uansett utfall.

Annonse

Nye bilder