Breiband som grunnlag for næringsutvikling og busetnad

Breiband med høg kapasitet er ein føresetnad for at næringsliv og innbyggarar skal ha lik tilgang til informasjon og digitale tenester uavhengig av kvar dei er lokalisert, og dette legg til rette for at arbeidsplassar kan skapast uavhengig av geografi.

I næringsstrategien til Jølster kommune kjem det fram at vi har få arbeidsplassar i høve til talet på arbeidstakarar i kommunen, og det fører til at mange pendlar til arbeid i andre kommunar. Eit av hovudmåla i næringsstrategien er å auka talet arbeidsplassar i kommunen. Skal vi nå dette målet meiner SV at det er nødvendig med eit større mangfald i type arbeidsplassar i kommunen, og ein føresetnad for det er breiband med høg kapasitet. Dette vert og trekt fram i Norges offentlige utredninger, NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser – drivkraft for vekst i hele landet, der tilgang på høghastigheitsbreiband vert omtala som ein vesentleg føresetnad for lokalisering av staduavhengige kompetansearbeidsplassar, og det vert konkludert med at dette bør prioriterast høgt som politisk tiltak.

Breiband er med på å utvikle bygdene, og saman med eit variert tilbod av arbeidsplassar skapar dette attraktive bumiljø som aukar sannsynet for tilflytting. Breiband med høg kapasitet gjer det og mogleg med gode heimekontorløysingar, noko som gjer det lettare å verte buande sjølv om ein har arbeidsstad i ein annan kommune.

Fiberbreiband vert no bygd ut i dei sentrale delane av fylket. Jølster SV meiner at vi må halde følgje med utviklinga, og kommunen må vere aktiv og søke på dei offentlege støtteordningane som finst for slik utbygging. Vi må og vurdere å bruke av næringsfonda for å dekke den kommunale eigendelen i slike prosjekt. Kommunen kan og førebu framtidig fiberutbygging allereie no, ved å legge trekkerør når det vert gjort gravearbeid av andre grunnar, til dømes ved oppgradering av vegar og vass- og avløpsnettet.

Jølster SV vil arbeide for tiltak som betrar den digitale infrastrukturen dei kommande åra. Ei framtidsretta satsing på breiband vil legge til rette for nye arbeidsplassar, og skape attraktive bumiljø i heile kommunen.

Vist 410 gonger. Følgt av 10 personar.

Kommentarar

Har Jølster kommune fiberbreiband i delar av kommunen nå? I tilfelle kvar? kva tidsperspektiv kan me forvente oss på ei eventuell utbygginga?
Ei bra sak å arbeide med forresten :-)

Sunnfjord energi har lagt fiberkabel i Jølstravatnet i samband med kraftutbygginga i Kjøsnesfjorden. Det er bygd forgreiningar til land fleire plassar langs vatnet, men så vidt eg veit er det ikkje bygd ut vidare på land så langt. Du kan sjå Enivest sitt dekningskart for fiberutbygging her: http://www.enivest.no/fiber/dekningskart/

Tidsperspektivet er vanskeleg å seie noko sikkert om, sidan dette er kostbare utbyggingar. Men SV meiner dette er viktige infrastrukturtiltak, som vi vil prioritere å støtte dei neste åra.

Mo og Jølster vidaregåande, avdeling Vassenden, har vore dyktige innan data og kommunikasjon, formgjeving og media, her burde kommunen sjå muligheiter no når kampen om å overleve hardnar til for dei vidaregåande skulane.

Sandal referer gjentatte ganger til “næringsstragegien” til Jølster kommune. Det hadde vært greit å få en kildehenvisning til denne strategien, da jeg tror den for mange er ukjent.

I samband med omstillingsarbeidet etter nedlegginga av HV10 vart det utarbeida ein rapport med tittel Mål og strategiar for ny næringsutvikling i Jølster. Trur ikkje den er tilgjengeleg på nett, men du kan sikkert få tak i den ved å henvende deg til kommunen.

Handlingsprogrammet knytt til strategien ligg ute på nettsidene til kommunen, og hovudmåla er omtala der: https://www.jolster.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=5&FilId=50

Tore Gamborg meiner at næringsstrategien i Jølster er ukjend for mange. I samband med at kommunen fekk omstillingsstatus vart det gjennomført ein strategisk analyse, og det vart vedteke å fokusere på fire hovudstrategiar for utvikling av kommune og næringsliv:

  • Utvikling av turisme og reiseliv
  • Utvikling av Skei som kommunesenter og logistikksenter
  • Auka tilflytting og tilbakeflytting til Jølster
  • Effektiv organisering av næringsarbeidet

Denne prioriteringa vart vidareført etter omstillingsperioden og er framleis gjeldande.

Kommunen får kvart år tilført midlar til eit næringsfond som skal brukast til å hjelpe fram næringsutviklinga. I rundskriv H-16/98 frå Kommunal- og regionaldepartementet blir det gjeve retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunale næringsfond:

Det understrekes at den enkelte kommune selv avgjør, på grunnlag av en kvalitetsmessig vurdering, hvilke prosjekter som skal støttes fra næringsfondet. Prosjektene bør vurderes i lys av de prioriterte satsingsområdene i kommunens næringsplan.

Desse reglane er enkle å forstå, men det synest vanskeleg for mange å respektere dei.

Så sant, så sant Hallvard.

Annonse

Nye bilder