Bruk røysteretten

Nedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08:

Gode velgjarar
Etter snart fire år i kommunestyret er eg mange erfaringar rikare. Noko av det første eg erfarte var at sjølv om partia har ulike meiningar og prioriteringar, så blir vi ofte einige etter litt gje og ta, fordi vi har eit felles mål om å gjere vedtak som er til det beste for Jølster.

Eg vil derfor løfte blikket litt og snakke om nokre av verdiane som ligg til grunn for politikken vår.

Likeverd, mangfald og sosial utjamning er sentrale verdiar for SV. Desse verdiane er avgjerande for å inkludere alle i fellesskapen uavhengig av kva bakgrunn ein har.

Kva betyr så desse verdiane i praksis for arbeidet til SV sine kommunestyrerepresentantar her i Jølster dei neste fire åra?

Eg skal nemne eit par eksempel:

1. Vi skal satse vidare på dei gode skulane og barnehagane våre for å sikre alle barn og unge gode oppvekstvilkår. Det betyr mellom anna at vi må gjere noko med plassbehovet på skulane våre, og syte for at vi har nok barnehageplassar i nærområda der folk bur

2. Vi skal arbeide for eit større mangfald i type arbeidsplassar i Jølster. Vi vil legge til rette for staduavhengige arbeidsplassar, og då er breiband med god kapasitet i heile kommunen ein føresetnad. Vi vil bruke av næringsfonda til dette.

Noko av det første Jens Stoltenberg sa etter terrorangrepa 22. juli var “Mer demokrati, enda mer åpenhet”. Det er ei utfordring vi alle har eit ansvar for å ta tak i. For oss i SV betyr det at vi skal støtte aktivt opp om opne politiske prosessar i kommunen, og vi skal kjempe mot utviklinga vi ser der politiske avgjersler vert flytta inn i styrerom der retten til innsyn i sakspapir og møter er avgrensa.

Vi ønskjer og å involvere innbyggjarane meir. Det kan til dømes gjerast ved å arrangere opne møter i viktige saker. Vi vil og at Ungdomsrådet skal få uttale seg i fleire saker, og på den måten få større innverknad. Våre folkevalde skal og vere aktive i aktuelle debattar i sosiale nettsamfunn på Internett, slik som Origo. Desse nettsamfunna har ein låg terskel for deltaking, og er slik sett ein styrke for demokratiet.

I SV har vi eit hovudmål for vårt politiske arbeid – og det er at ulike menneske skal ha like sjansar til å lukkast. Det målet når vi best gjennom fellesskapsløysingar og gode kommunale velferdstenester.

Bruk røysteretten – godt val!

Vist 128 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder