E39, tidshorisont og pengar.

I den oppheta diskusjonen som går i media kan det sjå ut som det blir vanskelegare enn før å reise frå Skei til Volda og omvendt. Det vert og hevda at staten vil prioritere vegbygging mellom Innvik og Stryn framfor strekningen Vadheim – Skei dersom E39 skal gå via indre linje ein gong i framtida.
Her er det noko som ikkje stemmer for når Kvivsvegen opnar til hausten vil alle dei reisande kunne velje ei ny køyrerute til eller frå Skei.
Tungtrafikken vil for det meste (truleg) bruke Stigedalen eller Kvivsvegen og vidare til Anda – Lote medan dei andre i større grad vil velje indre linje via Stryn og Utvikfjellet.
Det mest naturlege er at E39 går via Anda – Lote i fleire år framover og utan ombyggingskostnader i milliardklassen.
Byrkjelo – Stryn er eit viktig samband og vil truleg få gul midtstripe på sikt, i god tid før det blir pengar til bru, enten indre eller ytre.
Er det nokon her på jølstrasona som trur på påstanden om at staten vil prioritere ned dei prioriterte parsellane mellom Vadheim og Skei berre for å endre på vegnummera i Nordfjord ?

Vist 303 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Nei,,nei blir aldri nokke av..

Opprusting og ferjefri E 39 fram til Skei er dei svært opptekne med også her i fylket. Den første prioriteringa her er tunnel under Romsdalsfjorden. Så kjem kryssing av Storfjorden. I siste tilfelle er det fleire prosjekt som er aktuelle. Det siste er bru over Storfjorden og så tunnel frå Velledalen til Hjørundfjorden og så vidare inn på Kvivsvegen. Det blir nok ikkje lokale interesser som vinn i dette prosjektet, men ei totalvurdering av heile strekninga Egersund – Kristiansund – Trondheim. Kvivsvegen krev eit framhald sørover Vestlandet om den skal bidra til utvikling for Sogn og Fjordane.

Annonse

Nye bilder