"Eg kan ikkje ta telefonen akkurat no"Er du er ein av dei som har denne tøvete svarmeldinga på mobiltelefonen din? ”Send meg ei melding, eller legg att ein beskjed etter pipetonen”. Dette brukar å kome påfølgjande. Men det at eg kan sende ei melding, er heller ikkje noko eg treng å betale for å bli fortalt. Det er tvert om ein nokså innlysande førstereaksjon, dersom det hastar med å få fatt i vedkomande. Då står vi att med den siste opsjonen, som er å legge att ein beskjed etter pipetonen. Denne kan vi sjølvsagt bruke dersom vi ønskjer at mottakaren skal betale for å ringe opp teleselskapet sitt for å få beskjeden vår, som i 99% av tilfella vil lyde ”Ring meg!” Min enkle bodskap er at automatisk telefonsvar på private mobiltelefonar er noko forbaska tull. Ei sak er at venene dine ikkje får tak i deg i første forsøk, dersom du sit på do. Men dei treng no vel ikkje måtte betale for å ikkje få ta i deg, når du kan hindre det? Det får vere måte på kor enkelt teleselskapa skal tene pengane sine! Dette var vekas lille fredagsgruff. Ha ei strålande helg!
Vist 349 gonger. Følgt av 6 personar. | ||
Kommentarar
Eit luksusproblem? Definitivt
Noko eg ikkje har ofra ein tanke, før no, men Kari har sjølvsagt rett, Det rart korleis alt endrar seg på få år.
Definitivt eit luksusproblem! Trøysta kan kanskje vere, at alle som er med på denne tulling-leiken, i beste fall er med på å finansiere utbygging av mobilnett i utkantstrok! Noko må jo teleselskapa bruke desse lett-tente pengane på.
Det ligg vel l også nokon kroner i :
Det er for tiden stor trafikk Tast 1 ,hvis du fortsatt vil ligge i køen. Du ligger fortsatt som nr 10 i køen , og rykker stadig nærmare + vente-musikk
Etter ei tid får du beskjed at våre opningstider er fra …………….ha ein fin dag (Etter iherdige forsøk heile ettermiddagagen).
Ein kan bli sittande so lenge at ein gler seg til å skulle fått gjordt noko.Hvis ein då får kontakt , får du signal om at batteriet er tomt.
.
Det er her dei kan hove litt penga inn ,etter at ein har knust telefonen i fortvilelsen , men kva gjer ein ikkje i utkantstrok ? :)
Eg kunne ikkje vore meir enig med deg, Kari! :) For min del endar det med at eg sluttar å ringa til venner med mobilsvar.