| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 22. januar). Les mer om roperten… Mykje snø - seinare sol?Det er fleire som hevdar hardnakka at vi kan få sola opptil eit par dagar seinare enn vanleg dersom det er mykje snø i fjellet. Til og med personar som har solid utdanning i matematikk og utrekningar av vinklar, sinus, cosinus og tangens, hevdar at vi her på Skei i snøfattige vintrar kan glede oss over ekstra tidlege solstrålar, sjølv om fjellet som stengjer, ligg over 10 kilometer vekke. Vi kan ikkje ha desse diskusjonane år etter år, og difor vonar eg at origodeltakarane syter for at vi få greie på kva som er rett – ein gong for alle.
Vist 732 gonger. Følgt av 14 personar. | ||
Kommentarar
Sidan avstanden til sola er ca 15tusen ganger lenger enn til fjellet – vil 3 meter snø – bli 3 meter “høgare” sol på huset. Altså …iår (med lite snø?) vil sola lyse inn i stova … men med 3 meter høgare snø på fjellet – vil sola berre lyse berre på pipa… men imorgon kanskje ? Altså: Meir snø – seinare sol :-) … sånn vil det være her nede i Gløppa – jallfall :-) PS: Eg har ikkje solid utdanning – berre “gymnas”.
Heilt klart snøen i fjellet har ein samanheng med når sola kommer,her i mitt byggefelt kom den i dag,men vanligvis så er den her ca 20 Januar. O=)
Eg har alltid fått tilbake sola 28.januar, same kor mykje eller lite snø det måtte vere i fjellet. Så dette med ymse datoar for sola sin tilbakekomst, har eg lite tru på.
Og til Bergheim: kva er ca 20. januar. Den 22. kanskje?
Hallstein, ca 20 Januar då var det ikke sol men vi brukar å få sola då.
Når eg budde under Heilevangstaurane,ja då sa dei gammle at om det var lite snø i fjellet så kom sola tidligare,og det har eg sjølv oplevet så det er nok ikke “tull”.
Det er lett å forstå at snømengda i fjellet har litt innverknad, og dessutan at avstanden til dette fjellområdet vil vere avgjerande.
Gunstein Bergheim sine observasjonar er lite å byggje på i år når det var overskya den 20.januar. Her på Skei får vi første solstrålane over Salsegga, og fjellvande folk seier at der ligg det til vanleg lite snø fordi den driv av. Er det nokon som veit korleis det er i år?
Så har vi matematikken. Ein eller annan kan vel fortelje korleis ein kan finne ut kva til dømes fire meter høgdeauke 10 km borte har å seie for solgangen ein stad? Lars Bjørkeland har kanskje ei god forklaring for sitt reknestykke, men då må han fortelje korleis han har kome fram til sin konklusjon.
Er det nokon som kjenner til om solstrålen(ane) får avbøying som følgje av coriolisk kraft, tyngdelov og magnetisme ?
Eg er samd med Hallstein. Der eg voks opp kom ho att 6. januar, – kvart år. Eg går utfrå at det er slik framleis. Eg innbiller meg at både er avstanden til sola og sola sin storleik set standarden. Då er eit fjellskar eller dalsøkk i Jølster med to eller fem meter snø for ingen ting å rekne. Det er ikkje alltid at vi ser heile sola, at det kan vere nokre millimeter å hente der, kan tenkjast. På den andre sida fins det til slutt alltid ein marginal, – om vi skal kalle det det.
Den som fagleg sett er best kvalifisert til å gje svaret både på mine og Sæmund B sine spørsmål, må vere ein sivilingeniør med landmåling i fagkrinsen. Slik kompetanse er det på Jølstrasona, så dette blir spennande.
Dette er litt interesangt, eg får sola inn kjøkkenvidauge 23 januar, kvart einaste år, uansett om det er mykje eller lite snø i fjella i Sandalen, dersom det er mogeleg å sjå sola selfølgeleg, men det har vel litt med avstanden mellom fjellet og vindauget , kort avstand , stort utslag, lang avstand, ingen merkbar forskjell, eller kansje eg er heilt på viddene. Men der skin sola heile året.
Eg tillet meg å tvile på at sola “kjem att” same datoen år etter år. Vintersolsnu, datoen med lågast “døgnmaksiumumshøgde over horisonten” vekslar nemleg mellom 21. og 22. des. I år var vintersolsnu 22. des, og derfor vil eg tru at sola kikka over fjellkammen ein dag seinare enn ho har gjort dei 3 siste åra.
Legg ut ein link til wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Vintersolverv
At solsnu ikkje skjer på same klokkeslett og dato kvart år, slik Wikipedia-linken ovanfor viser til, er vel dei fleste klar over. Denne tråden gjeld derimot påstanden om at mykje snø på fjellet Salsegga kan føre til at vi her på Skei får sola to dagar seinare enn på mindre snørike vintrar.
Dersom det er nokon som framleis meiner at dette er rett, bør dei leggje fram reknestykke som kan forklare det, elles trur eg vi gjer rett i å høyre på Hallstein Dvergsdal, Malvin Barlund og Harald Sunde som har overtydande erfaringsmateriale å byggje på.
Her med meg kjem sola “normalt” att 13 dag jul, altså 6 jan. Eg får ho ca. kl. 11.45 då ho er midt i Skrøklingen, og ho skin berre nokre min. Dagen før ser eg berre ljysjin av ho. Men faktum er at det har hent at ho har kome den 5 jan. og kva som er orsaka til det veit ikkje eg, men gamlekarane her på garda sa alltid at det hadde med kor mykjke snø det var i Srøklingen på den tid. Men det er klart at vi har ei litt skeiv tidsrekning, så helst truleg har det med det å gjere. I år er det skotår så då vil solsnu bli litt anleis både midtsomar og i desember. Eg trur det er slike ting som har mest invirkning.
Vi veit at dagane vert nokre minuttar lengre kvar dag. På nokre minuttar stig sola ganske mykje. Vi ser forskjelen frå dag til dag. Om eit fjell er fem meter høgre enn eit anna ser vi ikkje med berre augo.
Eg trur nok utgangspunktet må vere kor fort jordaksen dreiar seg. Det skjer minst rundt solsnuen, når vi kjem ut på vinteren legg dagane meir på seg. Då er det endå mindre sannsynleg at sola bommar på gjekomstdag.
Eg har ikkje all verdens erfaring i landmåling og djupare matematikk, men korleis spelar skotåret inn her. Denne dagen er vel med å finjusterar årssyklusen, så den må vel ha innverknad, i alle fall for dei som får sola att i mars og utover.
Vi kan vel tenkje oss ein teoretisk situasjon der solbana er slik eit år at øvste solkanten nesten tangerer vår siktline, men at marginane er så små at med litt mindre snø på fjellet kunne ein ørliten del av sola vere synleg. I det tilfellet kan ein kanskje påstå at sola kjem ein dag seinare på grunn av uvanleg stor snømengde. Eg gjer merksam på at no tenkjer eg berre på snømengda sin innverknad utan å dra inn at tidspunktet for solsnu varierer.
Når eg bude på Heilevang,så betydde snømengda/snøskavlane på Heilevansstaurane ein god del,+/- tid.
Må huske på høgda på desse fjella,og vi bude heilt under foten på desse,så det merkast uten tvil.
Dersom ein tenkjer litt vidare kan ein kanskje tenkje seg at Jølstravatnet (eller Skei) låg på ei stor slette utan åsar eller fjell i vid omkrets – dvs at jordkrumming og horisont var samanfallande.
Kva då med snødjupne, skotår og 1. solstrålen ?
Får du årets første solstråler til vanleg inn i 1. etasje i huset, så vil ikkje snømengda på fjellet i sør kunne gjere meir skilnad enn at du må gå ein eller to etasjar opp for å sjå ei rand av solskiva – då må ein telje dagane etter solsnu frå år til år.
Eg vil tru at Lars Bjørkeland har rett, solstrålene er nok rimeleg parallelle i denne siktelinja, og utan å ha rådspurt Einstein vil eg og tru at strålene i dette høvet er tilnærma beine.
Forklaringa finn vi i Almanakken. I 1984 “snudde” sola 21 des. kl. 17.23. – I 1979 “snudde” ho 22. des. kl. 12.10
Eg meinar at eg har lese at det kan, over tid, vere over 20 timar i forskjel.
Tidspunktet for solsnu varierer heile tida og almanakken syner at dei siste sju åra har vi svingingar frå den 21. kl.12.12 i 2012 til den 22. kl. 06.30 i 2011
Når det gjeld fjellet Salsegga og otte for store snømengder der, så kan eg opplyse fylgjande. På dette fjellet får snøen sjelden ligge i fred meir enn nokre timar. I år, som vanleg, er fjellet ganske reinsopa for snø. Folk på Skei kan såleis vente seg sola i heilt normal tid i år, som elles.
Så var det reknestykket til Lars Bjørklund: Dersom avstanden til sola ikkje var meir enn 15 tusen gonger avstanden til fjella vi snakkar om, så då hadde vi nok alle vore både kokte og steikte for lenge sidan. Han må nok sjå på utrekningane sine ein gong til.
Bevare meg vel. Det verkar ikkje akkurat som de er korkje kokte eller steikte der oppe i Jølster for tida, slik de finreknar og siklar etter solstrålane. Er det slik at dei fleste jølstringar flyttar på loftet ei lita veke midt i januar?
No fyrst skjønar eg kor priviligert eg er, som har busett meg på ein stad der sola skin i tre og halv time når ho er på det lågaste. Difor balar me oss ikkje opp med slike bagatellar. På livets lyse side går solen aldri ned!
Dette er ein liten digresjon frå debatten, naturlegvis (men eg kunne ikkje dy meg,som vanleg).
Eg trur forresten at eg held litt med Hallstein og Harald i denne saka. No skuldast ikkje det mine matematiske evner, for eg må tilstå at dei er nokså fråverande, men eit eller anna i deira argumentasjon appellerer til min sjølvinnbilte, smule logiske sans.
Eg trur vel omtrent lite på at snø kan “flytte” sola, som at tru kan flytte fjell. Men kanskje kjem nokon med fasiten snart?
I mellomtida sender eg varme tankar og “utlånte” solstrålar til Jølster. De har mi fulle medkjendsle.
Helsing Kari (litt solbrent, men elles i fin form)
Ja, både Kari og jeg er kanskje heldige som har sol inn stuevinduet hele året der vi er fastboende. Men Ronald og jeg setter nå ekstra pris på 6. februar på Bakkane hyttefelt i Stardalen. Da ser vi solen for første gang der i det nye året når den noen få minutter stikker solhodet over breen en stakket stund kl.11.45. Da er det solfest hos oss, og vi tillater oss en liten skål for solskinnet.
P.S. I hytten til Fonningene bak oss ser de solen dagen før – og vi er utrolig misunnelige på dem :) :)
Hallstein: “kommafeil” – skjer i dei beste familiar :-)
Snøen i fjella må påvirke “skuggen” på landjorda. Men den blir mindre og mindre dess lenger vi nærmar oss vårjevndøger – då sola “stig” raskast. Sola er visuelt sett like stor som månen. Om det er ein liten eller større del (sektor) som skin på huset (inn i stova) – er vel ikkje så enkelt å vurdere år for år. Eg går uansett for at snøhøgda påverkar “tidlegsol”. Jord-Sol avstand: 149600000000m
Eg ser at det er nokre som har lyst til å fortelje oss at dei bur slik til at dei har sol heile året dei få dagane skylaget er fråverande. Eg har opplevt dette sjølv nokre år, og eg må berre seie at eg likte det dårleg. Det blir ikkje same julestemninga når ein sit i si eiga stove og ser at sola lyser opp juletreet!
Så er det viktig for oss menneska å ha noko å glede oss til. Når det er slik at sola er borte i kortare eller lengre tid, så gledar vi oss storleg over at ho kjem tilbake, ikkje så mykje fordi ho varmar noko særleg i byrjinga, med det er eit signal om at no går det sakte men sikkert mot vår og sommar igjen.
Så kan vi glede oss over at plantane søv betre nokre solfrie dagar eller veker, slik at dei blomstrar så mykje betre når våren kjem. Kanskje det same skjer med oss menneska?
Eg ber om forståing og medkjensle med oss i størstedelen av Jølster som ikkje vil la eit beskjedent snøfall snyte oss for første høve til å få ein glimt av etterjuls-sola. Før 1970 hadde eg budd i Askvoll, Os utanfor Bergen, Lifjorden, Bergen, Trondheim og Florø – og alle stader hadde eg kunne sett midtvinters-sola når skylaget var samarbeidsvilleg. Men på Jølst var det annleis og ein vesle-julaftan i 70-åra blei eg freista over evne av solskin i lia opp mot Fugla-stølen. Fluksens kledde eg meg i Raude-krossens vinterhabitt og vabba til opp til livet i snø til eg nådde solskinet, og det var turen verdt.
Elles så har vel eit sidespor på denne tråden vist at sola er totalt upåliteleg i høve til klokka vår, ja til og med kalendaren. Vi lærte jo og på skulen at vi kunne finne sør ved å stadfeste sola kl 12, men Bjørn Støfring som styrer kart og kompass-retningar på teknisk etat i Jølster komm, han hevdar at at vi finn sør kl 13.35. Men det er vinterhalvåret, med sommartida må vi venta på høgdepunktet ein time til. Slikt er til å få geografisk og kronologisk fnatt av.
Jonas Helge: Det er litt rett i det BS seier… sola står “omtrent” i sør kl 12 (vinter) – og kl 13 (sommer) – men berre omtrent – då sola vil danne eit skrått liggande 8-tall – dersom du fotograferer sola til same tid (kl12) kvar dag heile året. (diagram)
Bilde er “stjålet” ifrå internett….
Eg var på Skei rundt kl. 12.00 går og observerte at sola skein på dei fleste.
Hallstein kl.12,00 er det inga sol her som eg bur og mange med meg i Viken 1,men når klokka er 13,40 då er ho her.
Jaså, det er sol på Skei i dag! Heldiggriser. Ingen sol skinner her oss meg i dag. men iflg. Hallvard og Jonas skal det jo være slik mesteparten av året.
Men du Hallvard – den gang du bodde i byn, må solen ha skint mye lengre i julen ! Jeg har aldri opplevd solstråler konkurrerere om kapp med min juletrebelysning som jeg selvsagt ikke tenner før etter at julen er ringt inn kl.1700, og da er den solen jeg kanskje ser, forsvunnet i havet.
Men du har rett i at det er kjekt å ha noe å glede seg til – det er akkurat den følelsen vi har fra solsnu og fram til 6. februar på Åmot kl.11.45 ,og solfest blir det enten solen er med oss eller mot .
Dine plantekunnskaper trekker jeg i tvil – sol eller ikke – uansett er vel mesteparten av plantene under jorden
på denne tiden av året. I hvert fall hos meg.
Sluttkommetar til utgangspunktet: Om snøen på fjellet påvirkar tidspunktet for solas igjenkomst.
Argument 1: 3meter snø (eksempel) på fjellet påvirkar ikkje solstrålane !!
Konklusjon (Argument2): Då vil naturlegvis ikkje 3 meter “lågare fjell” heller påvirke situasjonen… eller 6 meter … 9 meter? …eller ? (Kanskje ikkje pedagogisk riktig å avslutte ein diskusjon med spørsmålsteikn – men…)
“Solbana” som vist i eit innlegg ovanfor må vere “ein vekkar” for dei som hardnakka hevdar at sola kastar dei same skuggane før og etter solsnu.
Vi diskuterer og disputerer, blir freista til å sitere Forkynnaren i den store boka:
5 Sola går opp, og sola går ned,
6 Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord, medan vinden snur og skifter og tek til med rundgangen på nytt.så stundar ho attende
til staden ho går opp.
8 Alle ting går sin strevsame gang,
menneskeord strekk ikkje til.
Auget blir ikkje mett av å sjå,
og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
No har Lars og Jonas Helge sytt for at diskusjonen har gått i litt meir åndeleg retning. Eg vil då gjerne fylgje opp bøna om medynk med frosne jølstringar, som må sluke glas etter glas med vitamintabelettar for å erstatte soltapet. Vi som har sol heile året, og må ta eit par tastetrykk på fjernkontrollen for å dempe varmepumpa litt julafta, vil gjerne gje uttrykk for samhug og samkjensle. På mine breddegrader veks dagane litt raskare enn lenger sør, så her er det endå mindre sjanse for at snøen skal øydeleggje for sola sine gamle gjenkomstradisjonar, – for dei som bur slik til. Denne debatten har vel synt at han har rett gamle Ivar når han seier at “vesle vitet det strekk ikkje til, trua må stydja oppunder” . (Vi får vone at barneborna våre får lære om Ivar sin visdom når dei veks opp,) Lars har hamna saman med bonden som skulle køyra staur. " dreg du ikkje den. så dreg du ikkje den heller" eller omvendt. Og Jonas Helge har alliert seg med Preikaren som seier at det er “ikkje noko nytt under sola.”
Harald (Sluttkommentar2). …eller han bonden som skulle vennje hesten av med å ete … han klarte det— nesten !
Det er ein ting eg har lært meg her-i-livet. Eg må ikkje bruke argumentet: Du må no forstå!
Men at at når sola skin på husveggen og bak handa di er det skugge— vil det..når du flyttar handa “litt opp” – jammen skuggen flytte seg og… spookey!
Eg kan i alle fall melde om at sola dukka opp att i dag, på same dato som ho alltid har gjort. Ho har vore vekke sidan 14 november, som vanleg.