Vinterdvale ?

Har dei nyvalde kommunestyrerepresentane gått i vinterdvale, eller….. ?
E39-spørsmålet frå Skei og nordover har fått brei omtale i dei fleste media, men det heilt stille om kva Jølster kommunestyre måtte meine om denne saka.
Går ein inn på heimesida til kommunen vil ein oppdage at det ikkje er sendt ut sakstilfagn eller sett opp møte i formannskap eller kommunestyre innan fristen den 31. januar.
Ønskjer politikarane “råd frå folket” før dei bestemmer seg ?

Vist 875 gonger. Følgt av 12 personar.

Kommentarar

Eg trur neppe kommunestyrerep. har gått i dvale når det gjeld denne saka. Men ein kan no lure på kva dei fleste lokalpartia meiner om det vidare trasevalget nord over frå kommunegrensa til Ålesund. Einaste lokalpartiet som har programfesta vidare trasevalg nord over er Frp. Alle partiprogramma ligg på Firdaval 2011. Dei fleste partia har lite med om E39 og det dei har lagt mest vekt på er å ivareta dei mjuke trafikkantane, men faktum er at det er lite truverde i det enkelte har programfesta på det området. Venstre foreks. har programfesta at dei vil arbeide for gang og sykkelveg frå Førde til Våtedalen. På første komm.styremøtet etter valget hadde vi oppe høyringsultate til vegplanane på strekninga Bjørset – Skei. Der var Venstre godt fornøgd med gang og sykkelveg frå Skei til indre Årdalen. Strekninga frå indre Åralen til Bjørset på ca. 5 km. var altså ikkje så viktige. Då kan ein lure på kor mykje ein skal tru på programmet til enkelte parti.
Eg har for ca. to veker sida teke kontakt med ordføraren om denne saka, om ikkje kommunen burde sende inn uttale på det vidare linevalget nord over. Eg fekk eit greit svar som eg ikkje vil gjengi her, men kan berre nemne at kommuneadministrasjonen arbeider med saka. Så eg trur på ein eller annan måte blir det gitt uttale frå kommunen.
Det er klart det kunne vere kjekt med “råd” frå “folket”

Høyringsfristen på konseptvalutgreiinga er 1. februar, så eg reknar med at saka kjem opp i formannskapsmøtet 31.01.

Jølster SV diskuterte dei ulike alternativa på årsmøtet førre veke, og konklusjonen er at vi støttar indre linje.

Det betyr at du Jakob Andre og eg er samde også denne gongen.
Eg syns det er litt dårleg dersom det er berre formannskapet, og ikkje kommunestyret som skal uttale seg, for det er det same som at ikkje alle parti får vere med på uttalelsen.

Kva med “dei store” partigruppene ?
Vil dei vente med å ta standpunkt til det ligg føre “direktiv” frå fylkeslag og naboar slik at H deler seg, Sp går for ferjeløysing mot Eid medan Ap og V går for Stryn ?

Jølster AP skal ha årsmøte i morgon (onsdag). E-39 vert tema der. Eg kan ikkje sjå at nokon lokalparti i Jølster hadde noko i programma sine om fjordkryssing. Så ingen kommunepolitikarar “bryt” nokon val løfte dersom Jølster kommunestyre går for fjordkryssing i Stryn. Det skulle berre mangle at ikkje Jølster kommunestyre skal kome med høyringsuttale om ein KVU som går frå Skei til Volda. Berre tanken på at vi i framtida kan nå Volda på 1 time burde få alle Jølstringar til å sjå mogelegheitene til ein heilt ny og spanande arbeidsmarknad.
Eg ser at partilag både i Gloppen og på Eid kjem men uttale om KVU Skei- Volda. Er det nokon av partilaga i Jølster som har gjort det same ?

Av saklista til formannskapsmøtet den 31.januar ser det ut til at rådmannen ikkje ynskjer at Jølster kommune skal blande seg opp i striden om fjordkryssinga.

Det er vel kanskje det beste, då kan vi ha ei von om å vere vener med både glopparane og stryningane også i framtida?

Jølster Arbeidarparti sitt årsmøte gjekk inn for E-39 via Stryn mot Kviven (SVK-10).

Har Sp og V tona flagg, eller …. ?

I tilrådinga frå rådmann er begge alt. likestilt, men han ser ein fordel for turist og reiselivsnæringa om E39 vert lagt om Stryn. Det blir og foreslått å opne opp for bompengefinansiering.
Kvifor då ikkje gå for indre linje som er nesten 2 milliardar billegare. Då kan ein og unngå bompengar. For ein veit at bompengeandelen av prosjekt blir dobbelt så dyrt, der halvparten går til å admenistrere bompengeinkrevjinga.

Eg trur denne tilrådinga er formulert slik at ein håpar på ei einstemmig uttale. Men eg trur det kjem endringsframlegg. Dersom denne tilrådinga får fleirtal er den så overfladisk at den går i bosset med ein gong.
Det einaste som er positivt med tilrådinga er det som gjeld Skei sentrum og vidare til Klakegg.

Eg og trur kanskje det er stort sett det same om K7 eller K10 blir valgt. Men eg hallar til K10 fordi då får vi tunell gjennom Utvikfjellet ganske raskt, og så er det som rådmann skriv ein fordel for turist og reiselivsnæringa. Og kvifor kan ikkje vi her i Jølster velgje eit av alternativa når alle andre gjer det?

Trur Johs Juklestad at lokale politiske parti har innflytelse på beslutninga?

Eg kan avsløre her og no at framtidig E39 kjem til å gå over Anda-Lote.
Og det er med ferje, i uoverskueleg framtid.

Eg spår at det ikkje kjem bru, dei neste 50 åra.
Glopparane kan roe seg heilt ned.

Lat meg korrigere meg sjølv.
Det kjem aldri bru over Nordfjorden.

Her har vi eit klassisk eksempel på uttalige folkevalde supperåd, som meiner noko. Og alt dei meiner er totalt utan betydning. Det er ikkje ein kjeft med makt, som lyer.

Det ser ut som om Jølster SV og S&Fj. SV er på kollisjonskurs all den tid fylkespartiet går for alternativet med 2 lange bruer og 2 lange tunnellar.

Her er vel ein del som er nyskjerrig korleis denne saka enda i formannskapet idag. Eg var tilhøyrar men er ingen journalist. Men eg skal prøve å gjengi litt av det eg opplevde på møtet.
Det var kun Firda Tidend som var der av aviser, og den journalisten stakk når ein var ferdig med referatsakene. Og der var kanskje referatsaker som vil skape meir debatt i Jølster enn trasevalget nord over E39.
Der er ei sak som blir lagt ut på høyring imorgon på kommunen si heimeside som vil skape sterk debatt. Eg tenker då på omstrukturering av helse og omsorg i forbindelse med samhandlingsreforma. Dette blir antakeleg eit av det største økonomiske tiltak som kommunen nokon gong har starta. Her er snakk om så drastiske og økonomiske tiltak at eg våga ikkje nemne dei her. De får lese det på heimesida eller sjå referat i Firda Tidend. Dette var ei lita avsporing frå trådemne.

Så til fråsegna frå Jølster kommune angåande konseptvalutgreiinga E39 Skei – Ålesund.
Dette var tydeleg ei vanskeleg sak, og den tok faktisk over ein time før ein var ferdig. Der var bl.a. gruppemøte, og samla gruppemøte, der administrasjonen måtte på gangen. Der har vel kanskje aldri tidlegare vore sett fram så monge endringsforslag. Eg kom nesten ut av teljinga til slutt. Eg trur det var SV det einaste partiet som i utgangspunktet ikkje hadde forslag som vart røysta over. Sp sine to repr. presterte å ha kvar sitt forslag. Dei fekk berre ei røyst kvar. Høgre hadde etter mitt syn det beste å klåraste standpunkt forslaget, men eg trur det kom frå “feil” parti så det og fekk berre deira stemme. Ap – V og Sv samordna sine forslag så dei fekk 4 røyster.
Det forslaget er mykje likt adm. sitt forslag med ei endring i punkt 1 der dei fekk stroke siste setninga. Og i punkt 2 der dei fekk stroke punktet om K7 slik at ein sto att med K10 som er indre linje.
Så fekk dei med eit nytt punkt som Høgre hadde med i sitt forslag som lydde slik:
Jølster kommune krev også eit eige arealrekneskap for vegplanane, som synleggjer alle verknadane for landbruket i området mellom Skei og Våtedalen, samt oppsett for dei avbøtande tiltaka som kan utførast for å ivareta produksjonsgrunlaget for denne næringa.
(Gå inn på denne linken for å sjå adm. sitt forslag.

Var dette noko som blir omtalt som polsk riksdag før det enda med eit knapt fleirtalsvedtak ?
Styrker det omdøme til jølstringane med 4 ulike framlegg frå 7 representantar i ei slik sak ?
Vart vinterdvalen avslutta i seinaste laget ?

I fylkestinget si fråsegn går det klårt fram at dagens E39 gjennom fylket må få fullgod standard før det kjem på tale med brukryssing av Nordfjorden. Det er såleis lite truleg at dei som er pensjonistar eller Afp-pensjonistar i dag vil oppleve brukryssing i Nordfjord, enten i midtre eller indre.

Vi kan ikkje samanlikne det med polsk riksdag. Det var kanskje meir likt når du kjem inn i ein hønsegard der dei kvaklar og spring i alle retningar før det roar seg.

Sæmund sin siste kommentar var så avgjort ikkje optimistens tale. Men var det realisten eller pessimistens? Eg har i alle fall tenkt å køyre bru over Nordfjorden før eg legg inn årene. Den som lever får sjå. Men det er viktig å tenkje at det er ikkje opp til “dei” som styrer, men “oss” som finn bryet verd å rusle til vallokala.

p.s. Litt hønseflokkpolitikk er ikkje det verste Det er berre eit teikn på ulike meiningar og at folk står for det dei meiner. Saueflokkmentaliteten i politikken er vi meir enn mette av!

Store vegprosjektet tek tid å få gjennomført utan at det treng assosierast med realisme eller pessimisme.

Vedtaket om hovudvegen mellom Bergen og Sognefjorden (Oppedal) vart gjort rundt 1970, og siste parsellen sto ferdig i fjor. Vedtaket om ny hovudveg mellom Bergen og Oslo vart gjort i -73 og standarden er vel so som so på vestsida av Filefjell, knapt 40 år seinare.
Hardangerbrua og Dalsfjordbrua, som begge er under bygging, er og relativt gamle prosjekt som det har teke “nokre år” å få fullført.
Fylkestingsvedtaket frå i dag, om at Nordfjordkryssing skal prioriterast ned til fordel for andre veginvesteringar, kjem vel i klassen realisme og bør ikkje mistolkast som optimisme eller handlingsorientert når det gjeld gjennomføringstid.

Kari V er inne på hønseflokkar, saueflokkar og slikt.
Problemet med hønseflokk er vel kanskje at flokken som flokk blir handlingslamma medan saueflokken kan bli meir handlingsorientert ?

Dalsfjordbrua er ein gamal “tanke”, men det er no slett ikkje mange år sidan den vart beslutta bygd. Men nok om det. Eit vegprosjekt av slike dimensjonar som det her er snakk om kan ta tid, det skjønar sjølvsagt eg òg, men 40-50 år er no overmåte pessimistisk etter mitt syn.
Elles har det vel synt seg at heile Sogn og Fjordane er ein meir eller mindre stor hønseflokk i denne saka! Men når alle kommunar er invitert til å uttale seg, er det nettopp for å spegle folkeviljen. At den viser seg å vere brokut, er også eit signal.
I saker der kommunestyret har beslutningsmynde, kan eg absolutt vere samd i at “flokken” bør opptre etter eit litt ryddigare politisk mønster.

…… og då blir det saueflokk med berre 1 bjøllesau kanskje ?.
Forventa levetid for dei som nyleg har kvalifisert seg som Apf-pensjonist er ikkje 40-50 år. Ca 20 år er vel meir passande som eit gjennomsnitt ?
.

Beklagar Sæmund, det var visst ikkje du som nemnde 50 år, rett skal vere rett. Eg tru vel ikkje det kjem til å gå 20 år heller, men det er no berre ein spådom.

Jau, èin bjøllesau bør vere nok i ein flokk på to! Det er vanskeleg å vere usamd i det, generelt sett. Men eg vel å tru at dette var eit spesielt tilfelle, og at dei to representantane tilfeldigvis hadde ulikt syn i akkurat denne saka. No kjenner eg ikkje framlegga, men taktikk kan det kanskje også ha vore?

Men no har striden kuliminert i fylkestinget, står det å lese i gårsdagen F.T. Eg lurer på kva det inneber, kan det vere at dei tek det heile litt kuli?

Det spørs, for FT er vel ikkje det mest sannferdige organet i denne saka.
Sjølve vedtaket inneber vel at brua kjem eit stykke fram i tid ?

Kven dei sannferdige i denne saka er, skal eg ikkje gjere meg til doms over. Men at saka kul i minerte tykte eg, med min beskjedne humoristiske sans, var retteleg fornøyeleg. Korleis det heile kulminerer i dei øvre organ, står sjølvsagt att å sjå.
Eg ser slett ikkje bort frå at sæmund b. kan få rett. Dessverre. I mellomtida gler eg meg over Hardangerbrua og pågåande arbeid med tunnel under Vossevangen. Men med halve hjartet trygt plassert i nabofylket, skulle eg sjølvsagt ynskt hønseflokken erstatta med smalbeist.

Ja, hordalendingane fekk det til – først “Osloveg” med tunneller og greier via Sogn, deretter ny “Osloveg” med Hardangerbru og greier.
Dei øvre organ er vel godt nøgd med at opprusting av eksisternde vegnett vart prioritert i første del av planperioden.

;) Men no må du Sæmund hugse på at alle vegar fører ikkje til Oslo, dei fleste fører jo som kjent til Rom. For min eigen del kan eg godt innrøme at når de fjordingane først skulle frårøve oss Fjærlandsferja, så tykkjer eg Lærdalstunnelen var det minste vi kunne få i erstatning. Hardangerbrua er naturlegvis rein bonus, sidan vi opptrer som korrekte norske smalbeist, i motsetning til somme andre ,sokalla fjørkre .(NB. sjølvoppnemnde sådanne)

Fylkesordføraren i M og R var, i dag tidleg, temmeleg oppgitt over at fylkestinget i Sogn og Fjordane ikkje greidde å bestemme seg for ferjefri E 14 gjennom Sogn og Fjordane, men delte seg på tre alternativ. Han meinte at fylkestingsrepresentantane i Sogn og Fjordane var mest opptekne av sine eigne postnummer. Han trudde at Sogn og Fjordane dermed hadde fråskrive seg høvet til å vere med å bestemme. Eg forstod det slik at ein her på berget vona å komme fram til samrøystes val av linje for E 14. Det står igjen å sjå om dei maktar det. ( Eg ref. til NRK Møre og Romsdal) Her i Romsdal nermar det seg byggjestart på bru over Tressfjorden. Den blir 1,3 km lang. Eg veit ikkje kor lang ei bru over Nordfjorden vil bli etter indre linje? Det syner seg at vedlikehald av bruer er heile ti gonger billegare enn vedlikehald av tunnelar. Vegdirektoratet nyttar det som argument for å byggje bru over Halsafjorden istaden for tunnel under, – sjølv om brua er to milliardar dyrare.

Annonse

Nye bilder