Lisensavgift og kaffibøner

Lisensavdelingen, vær så god..

God dag, eg har fått ei rekning frå dykk på noko eg ikkje har bestilt, og lurer på kva eg skal gjere med den?

Du tenker på NRK-lisensen? Den må du nok betale, hvis du har TV.

Men eg har ikkje bestilt TV frå NRK, så det må vere ein feil

Nei, men nå er det sånn, at du må betale lisensen likevel, dersom du har TV. Har du en TV?

Ja, og så har eg ei kaffimaskin, eg har hatt den i eit år…

Hva har det med dette å gjøre?

Jau, du skjønar, eg har ikkje betalt noko til Herman Friele..

Det trenger du vel ikke?

Jau, du skjønar, det er han som leverer kaffien. Eg brukar Friele sin kaffi..

Ja, men den betaler du jo for hver gang du kjøper en pakke! Nå tuller du med meg!

Ja, kanskje, men det var de som begynte…Saka er at eg har ikkje kjøpt NRK-kanalane, og då skjønar eg ikkje kvifor eg må betale til NRK? Men eg ser mykje på TV2.

Vent litt nå.. La oss ta det fra begynnelsen. Du har en TV?

Ja, og så har eg ei kaffimaskin. Eg brukar Friele sin kaffi men eg ser ikkje på NRK.

Det spiller ingen rolle hva du ser på, sa jeg, jo! Spørsmålet er bare om du har TV!

Men du sa nettopp at det var difor eg ikkje måtte betale til Friele, fordi eg betaler for kaffipakka alt i butikken?
.
Slutt nå! Jeg vil ikke høre mer om denne kaffen, har du TV så må du betale NRK-lisens. Sånn er det bare.

Men eg eig ikkje ein TV heller..

Du sa jo nettopp at du så mye på TV2?

Ja, men eg sa ikkje at det var min TV.

Da er det vel noen andre i husstanden da, som har en TV, antar jeg?

Ja, men han har heller ikkje bestilt NRK.

Men dere ser på TV, i hvertfall?

Berre av og til. Kaffimaskina derimot brukar vi kvar dag.

Nå vil jeg ikke høre mer om denne kaffemaskinen. Hør her, har du TV, må du betale NRK-lisensen!!

KLASK. Der la han på, gitt..
Ja,ja.

Vist 299 gonger. Følgt av 9 personar.

Kommentarar

På Coop Jølster (eller kanskje var det på Spar?):

Eg kan få eit kilo meierismør.

Versågod!

Nei, forresten, gje meg ein geitost i staden.

Javel, her har du geitosten,

Kunden gjer seg klar til å gå.

Du gløymde visst å betale.

Kva skal eg betale, meiner du?

Geitosten vel.

Nei den bytte eg til meg for smøret.

Men då må du betale smøret.

Nei smøret har du fått tilbake.

Så gjekk kunden roleg heim.

Heilt rett Kari,denne samankoblinga av TV og på tvungen lisens må ein dag ta slutt,eg meinar bestemt at dette er ei ser Norsk ordning som er gåt ut på dato forlengst,og dyr er denne ordninga også,når du ikke ein gang ser på Tv lenger pga.alskens elendigheter,nei lat oss sleppe denne monopoliseringa som NRK bedriver.

Men høyre du radio da?? For trudde lisensen ikkje kun var fordi vi har nrk på fjernsynet, men kanskje høyre på nrk radio også!!

Men kunne og tenkt meg at det var valgfritt for å sjå på nrk kanalen.. den er i grunn ganske så kjedelig:)

No er det heldigvis valfritt om vi vil sjåNRK-kanalen, i alle fall førebels ( i motsetnad til slik det kan vere i somme andre statskanalar, i land vi ikkje likar å samanlikne oss med..)

Elles høyrer eg mykje på radio, meir enn eg ser på TV, eg er tilnærma radioman.. Men her er det altså snakk om TV-lisens, og då tenkjer eg at det er snakk om fjernsyn.

Men om vi skal legge spøk til side, (for det var jo berre slik det var meint, eigentleg, kanskje med ein liten snert.. ) Sanninga er at eg ser mykje på NRK. Ikkje plagar avgifta meg noko særleg heller, om eg skal vere heilt ærleg.

Eg tykkjer likevel det er på sin plass å rette søkjeljos på systemet. Det er avlegs, og “hol i hove”, etter mitt syn. Teleselskapa greier no dette? Det er vel Telenor sitt nett for det meste som vert nytta kringom, likevel betaler vi til den vi har bestilt tenesta frå. Det er det einaste rette . Slik må det vere. Dette “gufset” frå noko som så sterkt minner om ei statsmakt, er det på tide å fri oss frå.

p.s. denne “telefonsamtalen” er sjølvsagt ikkje heilt reell (sjølv om det kunne vore moro!), Men her var det nok min fargerike fantasi som eit lite bel tok overhand :)

Vert det slutt på lisensen vert mange tullingar arbeidsledige,dei er heilt ubrukelge so de vert vert vel trygd.
Las nett no at mobiltelefon er forbutt i nord Korea so der går de frammover.

Annonse

Nye bilder