Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 26. januar). Les mer om roperten…

Uovervinneleg i Borgja på søndag!

For andre gong inviterer Jølster musikkråd til nyttårskonserten “Lyden av Jølster”. Komande søndag i den flotte, splitter nye konsertsalen i Borgja på Ålhus. Korleis høyrest Jølster ut i 2012? Mangfald og mot er to gode stikkord. Emil Rasmussen er ein av aktørane på scena. Han er ute med ny singel og kallar bandet sitt Invictus. Uovervinneleg. Inspirert av den britiske poeten W. H. Auden sitt dikt med same tittel. Diktet sluttar slik: I am the master of my fate. I am the captain of my soul.

-Eg skal spele piano på søndag, fortel han. Det er andre gongen eg spelar piano på ein konsert. Eg har lært meg det sjølv. Eg kan ikkje så mykje notar og slikt, så eg spelar på gehør. Det var igrunnen slik eg lærte meg å spele gitar også. Eg spelar dei fleste instrument sjølv, etter kvart. På singelen “Therapy” er det eg som spelar piano. Eg har spelt den inn sjølv også, held Emil Rasmussen fram. I løpet av samtalen kjenner eg meg meir og meir audmjuk over Emil sitt pågangsmot og tenkjer at diktet han har tatt namnet på gruppa i frå verkeleg høver svært godt!

Ein annan ung jølstring som vil imponere publikum på søndag er Miriam Sandnes. Då Jazz på Jølst vart arrangert i fjor haust deltok ho på work-shop saman med musikarane frå Ytre Suløens jazzensemble, der bildet ovanfor vart teke. Søndag spelar ho den legendariske standardlåten “Maple Leaf Rags” av Scott Joplin på det nye konsertpianoet i Borgja. Miriam har ikkje lært seg å spele piano sjølv, slik som Emil, men vore elev på kulturskulen sidan ho var lita. Det har ho til felles med mange av dei andre aktørane på søndag, lyden av Jølster er ung og sprek!

Varm og moden er den også. Dag Arne Veitberg og Marit Hartvedt vil glede publikum med to vakre duettar akkompagnert av Elisabeth Dalen på piano. For leiaren i musikkrådet sat det langt inne å seie ja til å opptre sjølv, men dei andre i styret insisterte! Sjølv gler Marit Hartvedt seg særleg til å høyre Aziz Hammo frå Syria synge og spele på instrumentet Saz Tamor. Kva er det for eit instrument, undrar eg. -Nei, jeg veit ikke jeg! ler Marit, og forklarar at det er difor det er så spennande! Så gler ho seg til å høyre Jølstrakoret skal avslutte konserten med ein av dei vakraste songane ho veit om, Karlekens tid. Før den tid har Jølstrabeljen svinga seg med Masurka frå Breim og andre lystige torader-tonar.

“I verdas vakraste ramme skal vi få fram skaparkrafta i menneska.” Slik formulerer Jølster kommune visjonen om korleis det skal vere å bu i Jølster. Mykje tyder på at det er akkurat slik det er.

Difor blir lyden av Jølster uovervinneleg! Velkomne til konsert, og til så lenge: Her er heile diktet. Invictus av W. H. Auden.

Out of the night that covers me,
Black as the Pit from pole to pole,
I thank whatever gods may be
For my unconquerable soul.

In the fell clutch of circumstance
I have not winced nor cried aloud.
Under the bludgeonings of chance
My head is bloody, but unbowed.

Beyond this place of wrath and tears
Looms but the Horror of the shade,
And yet the menace of the years
Finds, and shall find, me unafraid.

It matters not how strait the gate,
How charged with punishments the scroll.
I am the master of my fate:
I am the captain of my soul.

Vist 290 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Dette blir nok bra, så det er berre å møte opp folkens.

Annonse

Nye bilder