Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 31. januar). Les mer om roperten…

VINTERJAZZKONSERT, 3. februar kl. 21.00

ERLEND APNESETH, HEYRA OG FRØYDIS GRORUD PÅ JØLSTRAMUSEET!

Heyra (HC Dalgaard, gitar/perk., Sigmund Vik, bass) er ein bergensbasert duo som for tida samarbeider med folkemusikaren Erlend Apneseth (hardingfele). Dei tek utgangspunkt i den nordiske og austeuropeiske folkemusikken og leverar konsertar med alt frå eggjande hallingar til balkanske rytmar, nykomponert verdsmusikk og dei opne, uventa pusteromma der improvisasjonen står i fokus. Dei har spelt for fulle hus i Bergen og gledar seg no til å spele på Jølst!

I tillegg blir Frøydis Grorud, ho med saksofonane og ymse andre blåseintrument i Beat for beat-bandet, med som gjesteartist. Særs gledeleg!

Konserten inngår i “Vinterjazz”, ein landsomfattande markering av jazz i regi av Norsk Jazzforum. Lokal arrangør er Jølster jazzklubb.

Dette blir ein konsert for alle som er glade i gode livekonsertar, og vi lovar ein triveleg kveld med god stemning i låven på Jølstramuseet.

Billettinformasjon her.

Her kan du sjå og høyre Heyra på Landskappleiken i 2011. Her er Frøydis Grorud kvartett live i Arendal. Erlend Apneseth kjenner vel alle jølstringar godt til, men her er det eit døme på korleis fela hans let i 2010.

Vist 74 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder