

I går fekk eg, via omvegar, ein e-post frå ein kar i Sverige. Far hans fiska i Jølster i mange år og budde, etter det eg forsto, på Vassenden. På ein av turane til Jølster kom han over denne bilen, som han fekk kjøpe og tok med seg til Sverige i 1980.
Sonen ynskjer no å få tak i opplysningar om denne bilen som er ein Ford 1937-modell. Er det nokon i veteranbilmiljøet i Jølster, eller andre, som veit noko om denne doningen, så vil eg gjerne ha greie på det.
Biletet av bilen er dårleg, men ikkje verre enn at det skulle gå an å kjenne den att.
Kommentarar
Bilen veit eg diverre ikkje noko om, men biletet til høgre er frå “Stegvasshogjen” (måtte no berre seie da…)
Håpar det blir ei løysing Hallstein, det hadde vore moro!. !
Eg er overaska hvis du ikke kjenner at bilde nederst til venstre. der bilen sto bilen i mange år før svensken kom på bana å “kjøpte” han. Bilde er er frå lisjevatnet /dalavatnet, bilen sto på ein steintipp nedanfor tunet til Ottar D, han var også eigar (i alle fall bruker) av bilen. Dette var så vidt jeg vet den første bilen til Ottar men det var nok langt fra den mest pålitelige, husker vi møtte han en gang han da hadde aliert seg med mange sterke karer for å dytte.
Dette er eit godt eksempel på at Jølster-sona kan brukast til det meste. Jau, Njål, det første som slo meg då eg såg biletet, var at denne bilen hadde eg sett før, og det stemde. To timar etter at eg la ut denne saka, fekk eg ein hyggeleg telefon frå Rune Grønfur som hadde mykje interessant å fortelje.
Her er hans historie: Denne bilen kjøpte far hans, Ingvar Grønfur, i 1957. Før han var det Alf Løset som hadde den. Løset hadde lakka den opp att med dei fargane som vi hugsar; grøn med kvitt tak. Løset kjøpte bilen ca 1955, av ein på Eikås, som Grønfur ikkje visste kven var. Men Grønfur, som overtok bilen i 1957, stoppa opp att seta, og bilen var mykje brukt dei tre åra han hadde den. Bilen hadde ein V-8 motor og var ein stasbil. Rundt 1960 selde Grønfur bilen til Johannes K. Dvergsdal, som, etter berre nokre dagar, selde den vidare til Ottar og Magne Dvergsdal. Og som det står i forrige kommentar, var dette første bilen til Ottar, og også Magne.
Eg har snakka med Magne som hadde ein del opplysningar. Etter at dei fekk bilen, var det stort sett berre plage med den, den ville stort sett ikkje gå. Olav Fluge som ofte var på besøk på nabogarden hadde mange timar med skruing på denne bilen. Magne meiner bilen var i bruk berre ein sesong, og han hugsar godt siste turen, med seg sjølv som sjåfør. Dei var komne til krysset ved lysløypa ( ca 1 km heimanfrå) då det vart problem med giringa. Bilen ville ikkje i gir, og etter eit forferdeleg spetakkel, vart det avslørt at mykje av innhaldet i gearkassen låg på vegen. Men dei kom seg heim att med det eine giret som var att, men då var det slutt. Bilen hamna etter ei tid nede på steintippen ved vatnet, og vart der m.a. brukt som skyteskive. Han vart såleis levert med kulehol. Han var også ribba for bakaksel, noko som syner på biletet. Akslingen hadde Ottar Dvergsdal planar om å lage tilhengar av.
Så langt det vi veit om denne bilen. No spørst det om det er råd å rekkje opp resten av historia, kanskje heilt til då den var ny, i 1937?
Søndag fekk eg ein e-post frå Arvid Løset. Han meiner bestemt at onkelen hans ikkje åtte bilen, men hadde den til reperasjon. Når det gjeld ein eventuell eigar på Østenstad, så har Arvid Løset snakka med ein annan onkel, Leif, (bror til Alf og 91 år ) Han trur at det kan ha vore Olav J. Østenstad som hadde denne bilen. Fins det nokon som veit noko om det? Elles fekk eg ein mail frå Sven-Olof Soneby i dag (Eigaren av bilen i dag) Han må ha ein eller anna slags dokumentasjon på at bilen ikkje er stolen, dette for å få den registrert. Helst ville han hatt dokumentasjon frå siste eigar. Men det får vi sjå på. Kanskje Biltilsynet kan fikse det? Eg har også snakka med Magnar Dvergsdal som sjølvsagt hugsa bilen godt. Han hadde køyrdt den og hugsa karen frå Sverige som henta bilen ein søndag for vel tretti år sidan.
Her kjem nokre bilete av bilen slik den ser ut i dag. Som ein ser så manglar det litt før den er klar for trafikk.
Foto: Sven-Olof Soneby