Nordfjordingane gode på søppel ?

For nokre dagar sidan hadde Firda eit større oppslag om at nordfjordingane var gode på søppel, truleg dei beste i fylket. Det er mange måtar å lese statistikk på, men går ein inn i årsmeldingane til renovasjonsselskapa i nordfjord og sunnfjord vil ein oppdage at sunnfjordingen kastar over 410 kg søppel for året medan nordfjordingen held seg med rundt 310 kg.
Kan årsaka til den etter måten store skildnaden (30-40%) vere at nordfjordingen er meir nøysom med pengebruken slik at han et opp all maten, også den som er utgått på dato, kjøper mindre av “bruk og kast”-ting og brukar emballasjen til fyring medan sunnfjordingen er meir “raus” og ryddig i sin livsførsel ?
Kan årsaka vere at nordfjordingen saboterar renovasjonsordninga i større grad enn sunnfjordingen slik at meir av søppelet hamnar på ulovlege bossfyllingar rundt omkring i nordfjordbygdene og ikkje på renovasjonsbilen ?
Går ein vidare i statistikken ser ein at nordfjordingen må betale rundt 30 % meir enn sunnfjordingen for å bli av med 30 % mindre søppel på lovleg måte.
Er det å betale mykje for lite det same som “å vere god på søppel” ?
Er det grunn til å tru at sunnfjordingen vil levere mindre på lovleg søppelleveringsmåte dersom prisen blir sett opp ?

Vist 329 gonger. Følgt av 6 personar.

Kommentarar

Her er monge slag søppel. Her er tilogmed søppellesnad. Kan hende sunnfjordingane reknar det for søppel slikt som nordfjordingane ikkje reknar for søppel. Men som du Sæmund skriv så er forskjellen stor, og det skulle vore interesant å vist årsaka. Trur det blir berre synsing og lite fakta. Kan det vere at der er mykje gardsbruk og lite “byar” i nordfjord? Dei som har gardsbruk med dyr brukar kanskje ein del matavfall til dyra. og så har dei større muligheit å brenne og bli “kvitt” “anna” avfall. I sunnfjord har vi ein “stor” by,(florø har eigen avfallshandtering.) og det er klart at byfolk må meir levere alt bosset til renovasjonsverket. Du Sæmund som “veit” alt, veit du ka som er landsgjennomsnittet levert boss pr. innbyggar.
Det med prisen trur eg har lite å bety, for slik som det er i sunnfjord så betalar hushaldninger eit fast årleg gebyr uansett kor mykje dei leverer. Det hadde vore litt andreleis dersom ein betalte for kor stor mengde ein hadde. Det hadde kanskje vore meir rettferdig, men då hadde det vel vorte meir “villsøppel”.
Det mest rettferdige ville vel vore ei avgjiftsgradering etter kor monge husstandsmedlemmer ein var.

.. eller kanskje handlar det om vel så mykje om kjeldesortering……? Der er dei nok flinkare i Nordfjord enn vi med adresse i Sunnfjord.

…. Ja kanskje, men dei same statistikkane viser også at nordfjordhushaldningane returnerer mindre av fraksjonar som papp/papir, farleg avfall og glas enn sunnfjordingane.
Kan det vere ein indikasjon på at sunnfjordingen kjøper fleire og “tjukkare” aviser, fleire glas og flasker enn nordfjordingen ?

Annonsene i Firda veg ein del meir enn i Firda Tidend

Eg trur heller det er det redaksjonelle innhaldet som gjer utslaget. Alle har vel merka kor feite bokstavane har blitt i Firda i det siste? Med ei slik boulevardavis-tilnærming likt søppelblekkene i Akersgata er det ikkje anna å vente.

Sjølv om Firda blir påstått å vere tyngre både redaksjonelt og elles vil vel fleire nordfjordaviser vege litt opp ??

Det er ikkje mange nordfjordingar som har meir enn ei nordfjordavis. Faren for å bli mistenkt for illojalitet er overhengande. Men ser ikkje bort ifrå nordfjordredaksjonane legg større vekt på at det redaksjonelle skal tene eiga sak.

Johannes J er inne på at prisen(gebyret )er uavhengig av mengde.
Dette er ikkje heilt rett då det må betalast ekstra dersom ein ønskjer å levere meir enn full dunk.
Nordfjordingane har kanskje litt mindre dunkar og skjeldnare henting slik at det blir plass til mindre ??

I dagen Firda er det eit saftigt lesarinnlegg om boss-situasjonen i Nordfjord.
Alt er relativt og ein kan undre seg på om kva som reelt sett er best av å vere værsting i ein elles topp klasse eller å vere best i ein klasse av værstingar ?
Begge deler kan vel vere rimeleg bra ?

Annonse

Nye bilder