| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 9. februar). Les mer om roperten… VIKENHUSET PÅ SKEI – VERDT Å SATSE PÅ?![]() Vikenhuset på Skei (eigd av Jølster kommune) var før jul annonsert for sal og riving. Dette er eit formannskapsvedtak frå 1998 som kommunen no har teke tak i for å få gjennomførd. Nokre har sikkert sett (i Firda sist måndag) at ingen har lagt inn bod for kjøp og riving innan fristen. Nokre har òg sikker fått med seg at ei lita gruppe entusiastar er i sving for å unngå riving og få Vikenhuset til å gjenoppstå som det stashuset det har vore. Vi tenkjer at det kan vere eit aktivitetshus (for barn, unge, eldre, klubbar m.m.)/lite kulturhus/møtestad for frivillige organisasjonar m.m. Med si plassering sentralt på Skei kan born og unge frå byggjefelta rundt komme seg til og frå både enkelt og trygt. Vi trur dette kan vere samlande og skape auka trivsel for alle i og rundt Skei sentrum. Vikenhuset er i tillegg eit sjarmerande og flott bygg og vil, om det blir rehabilitert på ein god måte, vise att litt av det relativt gamle Skei sentrum. Vi trur òg at eit aktivitets-/kulturhus kan vere ei hjelp til å gjere bulysta større for moglege tilflyttarar til Skei og omegn. Å ha eit godt tilbod til unge og kulturinteresserte gjer omdømmet til kommunen endå betre. Tanken vår er ikkje å ”ta” aktivitetar frå andre lokale i nærleiken for å putte inn i Vikenhuset. Vi trur det er nok av aktivitetar som ikkje har noko/god nok lokalisering og som kan finne plassen sin her. Det er heller ingen motsetnad til ungdomsarbeid m.m. på Vassenden, snarare tvert om; ein kan støtte kvarandre og samarbeide. Det er sjølvsagt ei økonomisk side ved dette, eller snarare to; rehabilitering og drift/vedlikehald. Korleis ein skal løyse desse utfordringane må takast på alvor, men vi meiner det må kunne finnast ei løysing (eller fleire) om viljen er til stades. Kven som skal eige huset er eit anna aktuelt spørsmål. Arbeidsgruppa med hjarte for Vikenhuset har vore i kontakt med kommuneleiinga ved fleire høve. Dei har sjølvsagt fleire ting å ta omsyn til, men dei har vore positive til å diskutere saka, og vi har fått ein frist (15. februar) til å levere eit budsjett for rehabilitering og drift. Fakta om Vikenhuset: Kva vil vi med dette innlegget? Jau, vi vil gjerne ha kontakt med dykk som meiner dette er ein god idé, som ser verdien i å la Vikenhuset framstå i ny drakt, både kva gjeld utsjånad og innhald. Kanskje nokon har vore med på liknande arbeid før og har erfaringar å dele med oss? Gode idear til inntektsgjevande innhald er også velkomne. Frå og med i dag kan folk melde seg inn i Vikenhusets venner (helst pr. e-post til Marit marit@mkh.no eller ved å skrive det i klartekst her på Jølster Origo). Vi er glade for all moralsk støtte og tek imot gode argument for at huset bør få stå. Men vi vil òg gjerne vite kva nettopp du kan bidra med i ein rehabiliteringsfase og seinare når det gjeld drift. Vi er som sagt i dialog med kommunen, men må vise at Vikenhuset er «liv laga» for å unngå at det blir reve. No er vi spente på reaksjonane! Beste helsing
Vist 1103 gonger. Følgt av 15 personar. | ||
Kommentarar
Så flott at aktivitets-gruppa tar det skritt å prøve på og bevare Viken-huset. Melder meg herved sporenstreks inn i Viken-husets venner.. Klart at et slikt aktivitetshus trengs på Skei. Her må bygdefolket få anledning til å kjøpe seg inn med aksjer i huset.Likeså må kommunen forstå at slike tiltak er med på og hindre endel av utflyttingen fra Jølster. Kommunestyret trenger dessuten nytt møtelokale isteden for det kummerlige og trange biblioteket som dei nå til dags holder sine møter. Så her må kommunen gå inn med en betydelig aksjekapital. Mulighetene til og skape et allsidig og attraktivt møtested for ungdom / foreninger / lag og organisasjoner er til stede. Dugnad-ånden er stor i Jølster. Bare se hva Årdølingene klarte med gjennomføring av BORGJA. Er sikker på at når finansiering og byggeplaner for Viken-huset foreligger, skorter det ikke på dugnadvilje blant Jølstrabuaren .
Arbeidsgruppa for Viken-huset må ta kontakt med sparebanken for informasjon om opprettelse av aksjekapital, samt lånemuligheter til eventuell kapital som kanskje trengs. Viken-huset må beregne seg endel leie inntekter igjennom året. Dette i form av utleie for bursdags-selskaper / brylluper / tilstellinger / intimkonserter / møtevirksomhet / aktivitets- hobbyer osv. osv. ( You name it .)
Takk Marit for at du tok dette opp her på origo-sona. Du er en ildsjel-skapende person for kulturen og trivselen i kommunen vår. Lykke til …………. ( Eg blir med i dugnadsgjengen din, når planene realiseres.)
Har litt mange hattar i ei sak som denne, som journalist i Firda og dermed i utgangspunktet objektiv iakttakar i eit lokalsamfunn. På den andre sida; innbyggjar på Skei, og i denne samanheng kanskje mest prega av å vere leiar i Jølster samfunnshus, og eg håpar alle forstår og aksepterer hatteplasseringa.
Mitt tankekors oppe i det heile er kva gjer vi med ei samlingsbygga vi har. Skei er eit lite lokalsamfunn og per i dag har vi mange arenaer for samling: Skei misjonshus, Jølster samfunnshus, Skei hotell og Livsmeistringssenteret som også er ein del av leigemarknaden på Skei.
Dei siste åra har styret brukt mykje tid og og jobba fram økonomske midlar midlar til å ruste opp bygget. Torsdag kveld hadde vi styremøte i samfunnshuset, der den stadig attvendande saka stod på saklista: behov for meir aktivitet og oppjustering av bygget for å tilpasse seg dei behov som er og vil bli i eit lokasamfunn som vårt.
Vi har nettopp fått avslag på søknad om samfunnshusmidlar, midlar som kunne bringa oss eit godt stykke vidare. Dermed må vi starte på nytt for å få økonomi til ei sårt tiltrengt oppgradering. I eit slikt bilete er det eg stiller spørsmålet om det er rett å bruke endå meir menneskelege og økonomiske ressursar på å ruste opp eit nytt samlingshus på Skei. Er ser klart det positive ved å gjere det, men burde vi kanskje setje oss ned og drøfte korleis vi best kan bruke den bygningsmassen vi alt har på Skei.
Samfunnshuset er i overkant av 50 år, ein del yngre enn Vikenhuset, men ein veteran som treng aktivitet og som treng oppgradering for å kunne fungere som den samlingsstaden kommunesenteret (kanskje?) treng. Her er mange mogelegheiter å tilpasse bygget til å bli ein samlingsstad for til dømes ungdomsklubb, møtelokale, festlokale. Men det krev ombygging innanfor eksisterande bygningskropp. For å få det til er det behov for økonomiske og menneskelege ressursar. Som sagt; eit tankekors i ei sak der det blir invitert til debatt.
Svein Heggheim
Enig i argumentasjonen om Vikenhuset. Men premissen som impliserer at en journalistrolle i Firda er lik profesjonell objektiv iaktagelse i et lokalsamfunn er vel mer humoristisk å betrakte som idealitet enn realitet. Men forvrengte selvoppfatninger holder oss oppreist, det gjelder oss alle. Vi kan ikke alle leke det tullete spillet til Knausgård. Selv om sjeleristing for gribbene gir gull til åpenbareren av våre fortrengte erfaringer.Ibsen var god her.Epoken for journalistisk oppsøkende og objektiv kildebasert metodikk er definitivt over, de har druknet i våre flimmerdigitale medier som fosser nedover skjermene. Preget av subjektive redaksjonelle valg hvor salg og cash er eneste mål. Dagbladet med sine daglige dødsannonser med hjertedød og spisedød og whatever på førstesidene går i front. Faktisk er trauste aftenposten ute og smaker på tabloidstreamen også. Kommentatorer som kommenterer hvermansen sitt tankegods smøres utover det ganske land. Vår nasjonale tragedie på Utøya har tippet over all forstand i mange medier. Nei. å være objektiv er nok ikke endel av menneskenaturen og den naturretten som John Locke forfektet. Mannen som ville kontrollere vårt ego gjennom parlamentarisme og folkesuverenitet. Dette som småsnacks før mitt subjektive kunstprosjekt fortsetter. Svein Heggheim sto tidlig for et Firdaoppslag om kunst 9 Desember 1995. Det var oppsøkende journalistikk av det gode slaget. Kom ut til Hyen, studerte og undersøkte, spurte og grov, tok bilder,brukte god tid. Altså tiden før de journalistiske digitale varmestuene hvor alt skjer via luft og kabel og kortkjapt hamres på www.no
No vil eg sikkert bli oppfatta som negativ og pessemistisk. Men eg trur det som Svein Heggheim her skriv skal ein legge merke til. Faktum er at etter mi meining så er det allereie nok forsamlingshus på Skei. Ein skal vere klar over at det er store faste utgifter på slike hus gjennom året, uansett kor mykje og lite utleige det er. Der må og reknast med ein stor dugnadsinsats for å klare drifta økomomisk. Og det spørs om ein kan rekne med at folk i nærområdet er villige til meir dugnad. Eg reknar og med at samfunshuset har mindre utleige no etter at Skei hotel vart utvida, for eg legg merke til at der er ein heil del arrangemang som før vart lagt til samfunshuset. Det er klart der er ein del ungdom som hevdar dei har ingen stad og vere. Men eg ser misjonshuset er brukt ein god del av ungar og ungdom, og dei som ikkje er der kunne kanskje få bruke samfunshuset meir, likegodt som å satse på endå eit hus på Skei.
Stig. Her er det teke opp ei seriøs sak, som det kan vere delte meiningar om. Likevel prøvar du som vanleg å komme med dine OVANIFRÅ og NEDOVERPRAT, med ein masse FRAMANDE ORD, tydeleg for å ødelegge også denne saka og meiningsutveklingar omring dette. Som vanleg for å få fram din person. Før du forset, so må eg få spørre. : Kven er du ? Kva bakgrunn har du for å vere ein kritikkar over for alle andre eller deg sjølv ? Kven i denne verden har bedt om å få laga ei statue av seg, av deg ? Dei fleste nolevande som har stilt opp for å avduke seg sjølve, laga av deg, har slik bilda eg har sett, verka noko skuffa. Å eg forstår dei. !
Er helt uenig med deg Magne Skrede. I kommentaren min sier jeg meg enig i Svein Heggheim. Intet ovenfra og ned ved det.Jeg er en folkets mann som jobber for folket på grassrotnivå. Jeg byr på meg selv, samtidig som jeg gjennom årene også har gitt mye til andre av opplevelser, refleksjoner og kommentarer. Slik er jeg og slik lever jeg mitt liv, Magne.Det har jeg dokumentert gjennom folkelig og usnobbet atferd i alle år. Jobber langs landeveiene, ikke i varme saler. Enkle livsvaner. Leser du det jeg skriver over er det en kritikk av vår medieverden som i stor grad forsøpler intellektet og de fleste områder innen humaniora. Også påpeker jeg det humoristiske i det å hevde seg objektiv. Noen fremmedord og litt akademia har sonen bare godt av. Påstand om å ødelegge også denne saken? Slik innflytelse og makt har jeg nok ikke. Husk jeg er en utenbygding som bor i Bærum. Har ikke en sjangs i havet til å komme under huden på det intime jølsterfolket.At jeg liker meg i Jølster og mange av folka der gjør at jeg engasjerer meg. F. eks i tilstanden for Astrup og Ludvig. Synd at bygda ikke ser sitt eget beste her. Mens Førde titter nordover med sitt nye museum. Derimot spør jeg deg: Hvem er du som legger for dagen så mye hat i teksten din? Statuer og bilder blir for det meste laget på oppdrag, slik produksjon ellers i landet vårt. Skuffet? Torsheim, Odd-Bjørn Hjelmeset, Audun,Slettemark m.m er nok uenig med deg. Uansett. Jeg har intet i mot deg. Jeg kjenner deg ikke. Har ikke snakket med deg. At du ikke liker meg er helt greit, men premissene for din misnøye med min person må du nok lete inne i ditt eget hode og hjerte for å finne. Aggresjon. bitterhet og surhet har forøvrig verden nok av. Gå deg en frisk vintertur så kommer nok smilet på plass igjen. Ingen verdenskrig dette.
Viken huset er flott og må kunne bli bevart,men då må det nok flyttast til ein meir eigna plas,for der det står no så har det ingen funksjon i det heile.
Om Skei sentrum skal ha noen muligheter i å kunne bli noe annet en ein mengde med gamle hus som tar plasen for å kunne få til eit meir framtidsretta sentrums plan så må nok Viken huset demonterast og settes opp ein annar plas,det trur eg.
Hvis man skulle finne på å kjøpe Vikenhuset i samlag med noen andre, kan det da stå der det er? Kanskje utvikle det til et musuem for maleri og skulptur. Er ikke det en god ide da.
Dette initiativet som er teke av dei tre i gruppa: “Vikenhusets Venner”, er absolutt eit rosverdig tiltak.
Det har vore stilt lenge no om dette huset. Synd at også gamlestova måtte rivast for nokre år sidan. Hadde den og fått overlevd, så hadde ein hatt eit komplett tun med driftsbygningen som no vert nytta som Fjøsen restaurang. Vikenhuset er spesielt. Og tunet her med den flotte hagen i si tid var eit mønsterbruk frå etter krigen og utover. Eg kan uttale meg om dette for eg hadde mine første barneår i dette tunet, etter som eg voks opp og budde her til desember 1946. Eg har vandra mykje i Vikenhuset, og det er eit spesielt hus med skjel i. Eg melder meg på som “Vikenhuset Venner”.
Huset skal stå der det står. Dei som meinar det må flyttast, har ikkje mykje sans for å ta vare på gode gamle.
Eg ser leiaren i Jølster Samfunnshus er noko bekymra utifrå at her vert mange lokaler som skal fyllast opp. Eg skjønar denne bekymringa. Men slik gruppa her har tenkt, så er vel dette tenkt aktivitet som ikkje har vore i Samfunnshuset til no. Her kan det vel vere lurt å sette seg i saman å drøfte dette. Samarbeide er nok betre enn motarbeide. Her kan vere nye ting av aktivitet på Skei som kan passe inn i Vikenhuset.
Den største utfordringa vert økonomien. Både til å få sette huset i god stand og seinare å drifte dette.
Eg ynskjer arbeidsgruppa i Vikenhusets Venner lukke til med arbeidet vidare.
Om det er slik at Vikenhuset kan stå der det stå kan det faktisk realiseres en stiftelse med interesse for å etablere et pittoresk kunstmuseum for maleri og skulptur midt i Jølster. Ulike bidragsytere kan her være interessert i et kunstnerisk samarbeid. Det bør da være noen med interesse for billedkunst i Jølster som kan oppleve dette som seriøst? 8 September åpner kunstmuseet i Førde.
Den tanken din Stig likar eg. Forsamlingslokale har vi nok av på Skei, så dersom huset skal stå må ein tenke heilt nytt, slik som du gjer. Men om huset er brukande til det du tenker er no ein annan ting, men det får no dei som har greie på det vurdere. Kanskje du kunne ha det som ein “base” her i Jølster?? Men det ville det sjølvsagt bli “rabalder” av i dobbel forstand.
Kanskje det kunne bli ein samlings-stad for kunstnara her i Jølster? Så har vi Fjøsen like ved som kanskje på ein måte kan brukast slik som Teaterkafeen i Oslo.
Ja. Johannes, detter er faktisk både en realistisk, seriøs prosjektide midt i kunstsmørøyet Jølster. Rabalder fru Blom. At jeg klarer å realisere mer kunstproduksjon i fylket enn de 49 passive/aktive? medlemmene i BKSF, som i tillegg blir subsidert økonomisk av staten for å produsere kunst, er jo ikke mitt problem. Se på småligheten og misunnelsen til kunstnerorganisasjonene da Nico W. fikk i oppdrag av anonym giver, å lage 56 like monumenter over ofrene fra Utøya. Omtalt som minnefabrikkproduskjon av Aftenposten. Hva er forresten salgsbeløpet og betingelsene fra kommunen rundt Vikenhuset?
Vi takkar for innspel til Vikenhuset så langt, både her på Jølster Origo og via andre kanalar. Vi har fått ein del støtte for forslaget vårt og idear for bruk, medan nokre er skeptiske. Det skjønar vi, det er fleire måtar å sjå dette her på.
Ei av dei viktigaste årsakane til at vi har tru på at huset kan vere «liv laga», er at det er eit heilt annleis hus enn dei andre forsamlingshusa/møtelokala på Skei og omegn. Difor må det også få eit annleis innhald, og vi har prøvd å tenke nytt og kreativt. Vi meiner også at plasseringa er heilt rett for eit lavterskel kulturhus som dette er tenkt å kunne bli. Med si plassering sentralt på Skei kan alle, og vi tenker spesielt på born og unge, frå byggefelta rundt komme seg til og frå både enkelt og trygt.
Vi har sendt eit brev til Jølster kommune med tankar/idear og budsjett for rehabilitering og drift, så no er det opp til dei. Dei som er interesserte kan gå inn på postlista til kommunen og lese. Vi viser også til oppslag i Firda Tidend i dag, der mykje av tankane våre kjem fram.
Stig, det har så langt ikkje vore diskutert pris for Vikenhuset.
Diskusjonen her på Jølster Origo må gjerne halde fram, det er interessant å høyre kva folk meiner. Og skulle vi få gjennomslag for framlegget vårt, er det bra å få fleire innspel. Samarbeid er også viktig for oss om vi skulle få lov til å satse på huset.
For Vikenhusets venner
Dette må jo ha med økonomi å gjøre. Om Vikenhuset er i en prosess for avhending foreligger det vel en slags takst eller grunnlag for salgssum. Det beløpet er interessentene for et billed og skulpturmuseum interessert i å få vite. Kanskje Jølster kommune har kunnskap her?
Glimrande ide å bruke Vikenhuset til kunstmuseum for bilete og monument. Marit H har sikkert og kontaktar i BRUKSKUNST-miljøet, brukskunstnarar vil og kunne få ein utsalgsstad midt i Skei sentrum. Blir det mykje verdfull kunst samla i huset, så er TRYGGINSTILTAK ei sak som må løysast. Når saka er løyst kunne ein alliere seg med Pål Enger og arrangere eit spektakulært innbrot. Det ville vekkje oppsikt og SKRIK i media.