| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 23. februar). Les mer om roperten… Litt spesielt venstremøte om ei viktig sakJølster Venstre inviterte onsdag til ope møte om samhandlingsreforma med følgjande program: Vidar Roseth, samhandlingssjef i Helse Førde, kjem for å innleie om samhandlingsreforma og utfordringane den medfører for kommunane. Spørsmåls- og kommentarrunde. På grunn av at Venstre annonserte at møtet var ope for alle, og at dette er eit omfattande emne som er vanskeleg å setje seg inn i, fann eg ut at eg ville delta og høyre kva omstillingsgruppa kunne fortelje om framlegget sitt. Eg rekna det som mest sannsynleg at det var kommunalsjef Kirstin Bruland som skulle stå for presentasjonen. Møtet starta med at Vigdis Tonning straks gav ordet til partikollegaen Judith Kapstad. Det viste seg at det var Kapstad som skulle orientere, og eg har aldri høyrt ein så einsidig gjennomgang i noko sak. Ho brukte heile taletida til kritikk av framlegget, og ho slakta heile rapporten. Likevel sa ho at Venstre ikkje hadde bestemt seg for korleis dei ville stille seg. Det er jamen godt gjort av den tidlegare varaordføraren å ikkje finne eit einaste positivt element i heile den omfattande rapporten, og då eg spurde henne om dette i den etterfølgjande debatten, nekta ho å svare. Hilde Yndestad Halland, som har stilt på venstrelista mange gonger, hadde og venta seg ein annan presentasjon, og ho gav tydeleg signal til partiet om det. Samhandlingssjef Vidar Roseth i Helse Førde kan nok sitt fag, men han heldt eit altfor langt foredrag, det burde vore korta ned til ein tredjedel. Kommunalsjef Kirstin Bruland var til stades som tilhøyrar, og ho svara godt og presist på eit par spørsmål som vart reiste. Dersom Venstre vil framstå som eit parti for heile bygda, bør dei no endre kursen. Denne gongen fekk dei kritikk frå ein av sine eigne, trugne støttespelarar, men det er nok for optimistisk å tru at Judith Kapstad og resten av partileiinga tek omsyn til det.
Vist 1478 gonger. Følgt av 19 personar. | ||
Kommentarar
Når ein møtast slik er det for å ta opp ting ein lurer på og ikkje ser direkte svar på. At ho stiller spørsmålsteikn ved ting viser for meg at ho bryr seg om framtida til Jølstringane, og det var relevante spørsmål då samhandlingsreforma ikkje hadde konkrete svar på dette, tildømes om det skal vere lege tilgjengeleg døgnet rundt?! At enkelte (inkludert meg) byrja å snakke om lokalisering kan vi vel ikkje skulde Judith for å ha gjort? Venstre laga til dette møtet for å høyre folk si meining, og kanskje få ein forstålese for kor ein bør stå i ei slik sak.
Dei positive tinga i samhandlingsreforma var vel ikkje så lett å lage ein diskusjon rundt? Er ein fornøgd så er ein det, ein kunne jo selfølgeleg ha nevnt det, men då hadde vi aldri blitt ferdige i kveld!
At lokaliseringa er ett stort spørsmål i denne saken, er ikke til å legge under en stol. Lokaliseringa har faktisk svært mye å si!
Jeg synes Judith Kapstad gjorde en god jobb. Hun fornektet heller ikke at denne reformen, var hun fortsatt svært i tvil til. Det sa hun høyt, så alle som var der, har fått det med seg!
Jeg selv, føler meg mer opplyst nå, og er enda klarere på hva jeg mener.
At Roseth sitt innspill var langt, det skal jeg være evig enig med. Tror dessverre det tok litt piffen fra de som var der. Når en endelig kunne begynne å diskutere, satt en med så mye tall, og info, klokken tikket, folk måtte gå for å komme seg på jobb til neste dag, og det ble litt stressende. Det vart lite snakk om helsestasjonen for eksempel.
Men jeg synes det var mange gode innspill fra bygdefolkets egne erfaringer, og tanker. Denne saken er ikke avgjort, og jeg vil nok tro, at dette vil ta tid!
Hele samhandlings-reforma, : Enda et triks fra regjeringa om å spare penger. Kommunene får svi. Helseforetakene skuffer inn penger på " Dagmulkt ", som er på kr. 4000 pr. døgn pr. pasient. Hørte snakk om at Gaular er ille ute og kjører. Vannvittig påfunn for at helse-etaten skal tjene ekstra penger, som staten skulle ha plikt på seg til å utføre. Se på NAV. : Et foretak som gagner stats-kassa, og hvor menigmann må være med og betale for. Lite effektivt, men gud hjelpe hva staten har tjent på dette. Hei å hå …. det går så det griner……
Det er sjølvsagt heilt feil det Håkon skriv her. Kommunane får eit større ansvar når det gjeld å fylgje opp innbuarane med helsetenester. Det er mange som freistar å komplisere denne reforma så den vert så uoversiktleg som mogeleg. Her eg bur har særleg legane vore høgmælte, – men det treng ikkje vere noko gale med tankegangen i reforma for det. Ting som ikkje fungerer brukar ein å rette på etter kvart, slik er det med alle nye reformer.
samhandlingsreforma gir mulegheit til å flytte makt og ansvar nærare brukarane og over frå staten til lokaldemokratiet.
Dagmulktane på 4000,- gjeld pasientar som er utskrivningsklare, men som kommunane ikkje då greier plassere. I går fekk vi sjå statistikk over fylket og Jølster viste seg å ikkje ha noko utgifter på dette så langt, noko som er veldig positivt. Hugsar ikkje korleis Gaular låg an, men trur ikkje dei var så veldig langt unna Jølster sitt resultat, rett meg om eg hugsar feil!Problemet for helsetjenesten og for andre offentlige etater som har direkte med mennesker å gjøre er at planøkonomene lager økonomiske system som skal tilsvare systema i industrien.
Dette viser seg i måten de ordlegger seg på, enheter istedenfor mennesker, produksjon istedenfor arbeid eller tjenester og inntjening, overskudd og underskudd.
Men det er forskjell på å produsere trehester og aluminium og det å yte service for mennesker. Før en omorganiserer enda en gang bør en redusere innflytelsen til planøkonomene, de er farligere enn terrorister.Ein ting er sikkert.
Kommuneadministrasjonen grev si eiga grav, om dei reduserer tilbodet på Vassenden.
Det kjem ein dag, då innbyggarane skal røyste, og då gjer administrasjonen det smart, om dei held Vassendarane nøgde.
Om ein ønsker kommunesammanslåing med Førde, er rasering av tilboda på Vassenden den beste oppskrifta.
Og dei frå Skei kan reise til Gloppen når dei ikkje får det som dei vil.Samarbeid mellom Skei og vassenden må til for at det skal vere håp.Ikkje krig frå første forslag.
Uansett kor ein snur og vrir på det, er det Vestre Jølster som veks mest, og dei som buset seg her klarer ikkje å sjå logikken i at tilboda vert samla på Skei. Kva nyttar det å samla kompetansen på éin (feil) stad når “ingen” kjem til å nytta seg av han?
Eg må lese fleire ganger det som du Elisabet framfører her,er dette holdninga til folket i vestre Jølster,ja da er det ikke noe å lure på lenger,la Jølster kommune få sette igang med å bygge op her på Skei,dokke har allerede sett Førde som dokkes kommune og der har dokke det som trenges Skei blir aldri brukt sjølv om dette er dokkes kommune,for som du skriver så er kompetansen på ein (feil) stad og ingen komer til å bruke denne.
Som folkevalde må vi høyre på både dei som bur på Vassenden og på Skei. Det viktigaste av alt er at vi per dags dato ser på kommunen som ein heilheit…. Kor mange lokaliseringsdebattar skal vi ha? Kanskje det er derfor ting har gått litt sakte i denne kommunen. Kommunen og administrasjonen skal ha ein klapp på skulderen for det som no blir gjort og har blitt gjort det siste halvåret.. Dette er nytenking, og det er positivt. Det er lenge sidan kommunen har vore så effektiv som no. Vi må og hugse på at det viktigaste i denne saka blir brukarane. Det er ikkje slik at alle vil miste jobbane sine. Vi må satse litt her, og litt der. Eg ser at skal vi få bygge fleirbrukshall og økonomi til andre ting må det ei omorgaanisering til, ja å korleis bør den vere? Det må diskuterast, og det er godt å sjå at folket engasjerar seg.
Gunnstein: Det overordna spørsmålet mitt er: Kvifor skal den delen av kommunen som veks mest og allereie i dag har flest innbyggarar måtta oppleva at tilbodet dei har blir teke frå dei? Det ser litt ut som å skyta seg sjølv i foten. Det har ingenting med kva ende av vatnet me bur i.
Elisabet Tefre stiller eit spørsmål ovanfor som ho må forklare nærare:
Kva nyttar det å samla kompetansen på éin (feil) stad når “ingen” kjem til å nytta seg av han?
Meiner Tefre at innbyggjarane i Jølster står fritt til å velje dei helsetenestene som rapporten omhandlar, i andre kommunar?
Eg meiner at innbyggjarane kjem til å søka helsetenestene der det er lettast for dei å nytta seg av dei. For mange av oss, vil det kanskje bli Førde i og med at så mange pendlar til Førde for å arbeida.
Då trur eg du har misforstått kva for rettar du har, Elisabet Tefre. Du kan velje fastlege i ein annan kommune, men ikkje dei helsetenestene som er omfatta av den kommunale rapporten som no blir diskutert.
Det er nok rett Hallvar..
Det er nok delvis rett. Kommunen kan nok gå inn avtale med andre kommunar å kjøpe slike tjenester. Men det er vel tvilsomt at her er andre kommunar i nærleiken som har kapasitet ut over å ta seg av eigne innbyggara. Det kan hende enkeltpersonar kan få slike tjenester i andre kommunar. Men dersom der ikkje er avtale mellom kommunane, så må ein nok betale sjølve for slike tjenester.
Men dette burde no ikkje vere eit aktuelt emne i heile tatt. Vi bør prøve å stelle oss slik at vi ikkje kjem opp i ein slik situasjon!
Vi har sett tilfelle der ein kommune har vorte nøydd til å leige aldersheimsplass i ein annan kommune som ei naudløysing for ein kortare periode, men det er vel ikkje aktuell politikk i Jølster å løyse omsorgsoppgåvene permanent på den måten.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i mange år leigd elevplassar i vidaregåande skular i Hordaland for elevar frå Gulen fordi reisetida vart så mykje kortare. Den ordninga vart oppfatta som dyr for Sogn og Fjordane, og eg kjenner ikkje til om den no er avskaffa.
For nokre dagar sidan var det eit oppslag i Firda der ei småbarnsmor hevda at ho vart “jaga” til Førde dersom nemndtilrådinga vart vedteken. På grunn av den overskrifta er det ikkje så rart om det oppsto mistyding om i kva grad ein fritt kan velje helsetenester i andre kommunar.
Det har vært spørsmål i denne saka om hva som er positivt i dette. Ingen har kommet med noen, siden de er viktig å krangle bygdene imellom, så jeg kan starte punktvis;
Vel, som Vassendeing – (nesten blitt ett negativt kallenavn nå) – så skal jeg prøve å vende saka opp ned.
1. Skei får muligens flere arbeidsplasser. Mest sannsynlig for Gloppere, og deromkring. Men det er positivt at folk får tjene til livets opphold:)
2. Skei får større folketal. Kanskje ikke noe vedvarende, men det er det, det er.
3. Beboerene er nærmere fastlege, og øyeblikkelig hjelp. Og med den nye fastlege reformen, vil jo det bli praktisk, med legetimer også.
4.Bassenget på Skei skule, og Skei hotell, kan brukes til terapi basseng. Noe de må bevise at de vil gi passientene bevilgning, og tid til!
5. Siden det er tre ansatte i fysioterapi stillinger på Skei, er det også helt naturlig at desse har ekstra god tid til de nye bebuerene, og de gamle. Nå slipper de endatil kjøretid til Vassenden.
6. Kanskje, blir det barnehageutvidelse på sikt?
7. Kanskje blir det flere elever ved skolen?
8. Kanskje det blir noen som bosetter seg der fast, som får 80 -100% stillinger der?
9. Jølster slipper taxi utgifter til lege, men får derimot dobbel til sykehus – (nei den var negativ).
10. Beboerene får en nylaget mat fra kjøkkenet, slik de fortjener. Noe de ikke får på Vassenden idag!!!!
Kan noen komme med flere positive punkt? Dere fra Skei, kan komme med mange flere. Vi fra nedrebygda, kan nok komme opp med flest for oss. Så kan en jo se, hva som er best, for hvem.
Jeg tenker personlig på mine egne i denne kampens hete. Og det gjør vel de fleste av oss. Men hva er best for de egentlig? Hva hadde vært best for DEG SJØL, hadde det vært snakk om ditt liv fra neste uke av, for å sette det litt i brann. Hva ville DU ønsket idag? Helt ærlig??
Har du en eldre i ditt hjerte, som du har spurt, hva han/hun hadde villet? Kan du stå for at du jobber for denne?
Selvfølgelig vil alle være hjemme, bli gamle hjemme, dø hjemme, der de kjære, og minnene er.
Men hva er mest humant? Flytte de lengre bort fra hjemmet, ta vare på de der de bor, så lenge en klarer med støtte fra kyndige, eller prøve å beholde de så nær hjemstedet som mulig, når mulighetene for rom er der likevel?
Denne gang er det ikke snakk om penger til skole og forbrukshall. (Løp i naturen så lenge. Om det er så viktig å ha tak over hodet for å trene ball, så bygg en garasje hjemme). Ikke kom med mer snikksnakk om denslags. Dette gjelder eldre og syke mennesker, og deres behov, når de ikke klarer å ta vare på seg selv lenger. Det er ydmykende nok som det er, å ikke kunne ta vare på seg selv, om en skal føle seg enda mer uvelkommen, inn i fremtiden!!
HJELP!! Eg trur eg har fått VIRUS på maskina mi.
Eg trur at brukarane (dei eldre) kanskje vil få det betre med ei omorganisering. Nattevakt i heimetenesta som gjer slik at den eldre kan få bu heime. I tillegg blir det meir riktig fagpersonell samla på ein plass. Så ei omorganisering vil ikkje nødvendigvis gjere det verre for den eldre, men betre. Sjølvsagt er det det viktigaste. Likevel har Jølster kommune fleire behov i framtida, og då vil denne omorganiseringa skape rom for det. Det er bra å høyre synspunkt til bebuarane her i Jølster, så ingen innlegg er “virus” ;) Synes det er flott at det er engasjement rundt dette. Det viktige no vil bli korleis denne omoraniseringa bør gjerast.
Heilt enig med deg Anna ang at folk må få uttale seg her inne uten at det skal bli kalla VIRUS, dette var ulikt deg Johannes!
Dette er ei stor sak, og det engasjerer mange, så det hadde vore på sin plass at kommunestyret eller kven det er som har kome med dette, lagar til eit folkemøte der dei kan opplyse alle fakta rundt omorganiseringa, slik at folk får svar på alt dei lurer på. No lever dei fleste i uvissa, og har ikkje fått noko konkret grunngjeving for kvifor den er laga slik den er, og korleis framtida ser ut. Er det nokon som tar utfordringa og lagar til eit folkemøte der dei kan opplyse folk og samstundes svare på det innbyggarane lurer på? Det er den einaste måten de kan vise at de tar innbyggarane på alvor og verkeleg vil involvere dei i planane i staden for å ekskludere slik at mange får ei negativ overrasking når det kanskje ikkje er grunnlag for det.
Kanskje det dukkar opp fantastisk gode ideear òg på eit folkemøte, som er verdt å ta med seg for å skape en endå betre trivsel for alle i kommunen! Kven veit…berre tida vil vise.
Blir da folkemøte??