Stor klassisk satsing i vår for Sogndal songlag, Røyst, Jølstrakoret og SkeiVass-koret

Øvingane er i full gang fram mot konsert i slutten av april. Då kan sogningar og fjordingar gle seg til å få høyre to kjende klassiske verk for kor, solistar og orkester. Kora skal halde to konsertar, ein i Stedje kyrkje i Sogndal, og ein på Vassenden kyrkjesenter.
Konsertane er ei storsatsing der Sogndal songlag har invitert med seg Jølstrakoret med forsterkning frå SkeiVass-koret og ungdomskoret Røyst til å framføre Requiem av Gabriel Fauré og Gloria av Antonio Vivaldi.
Gloria er eit av Vivaldi sine svært populære verk, skrive ved starten av 1700-tallet i kjend barokkstil. Dette er musikk med ein sterk rytmisk puls og med stor variasjon i uttrykket, og beskriver mennesket sine religiøse lengslar, håp og bøner.
Requiem er mellom dei mest kjende verka til den franske komponisten Gabriel Fauré. Verket er frå slutten av 1800-talet, og skildrar stemningar og kjensler knytt til menneske sitt møte med døden, og lengting etter evig kvile. Siste sats er kalla «In Paradisum», publikum kan gle seg til himmelsk song av ei sterk soprangruppe. Musikken er variert, og spenner frå dei varaste og vakre klangane til sterke uttrykk med rytme og kraft. Også dei andre stemmegruppene, ikkje minst tenorane, har utsøkte parti i dette verket.
På konsertane får publikum møte stort kor, solistar og eit profesjonelt samansett orkester. «Vaksenkora» har om lag 30 songarar kvar. Røyst har dette året om lag 25 songarar som får oppleve å synge klassisk musikk, dei fleste for første gong. Sogndal songlag har hatt glede av samarbeidet med Røyst, og ser det som ei viktig oppgåve med konsertar der dette flotte koret frå Sogn kulturskule kan delta. Jølstrakoret og SkeiVass-koret har sunge Gloria ved to høve tidlegare og vi ser fram til dette samarbeidet. Orkesteret vil vere sett saman av distriktsmusikarar og innleigde musikarar mellom anna frå Harmonien i Bergen. Musikalsk leiar og drivkraft er songar og distriktsmusikar Bjørn Gisle Seter. Han og kona Akiko Anazawa Seter bur no i Jølster, så jølstringar; møt opp!
Konsertproduksjonen er eit stort økonomisk løft, kora gler seg til konserthelga og vonar publikum merkar seg konsert i Stedje kyrkje laurdag 23 april og på Vassenden kyrkjesenter søndag 24. april.
Bilda viser øving frå Sogndal med Røyst og Sogndal songlag og frå Vassenden med Jølstrakoret
Inger Lind Aasen
leiar Jølstrakoret

Vist 213 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder