Vårkonsert "In Paradisum" på Vassenden kyrkjesenter, søndag 24.april kl. 17.00

Det er ei stor glede å få ønske velkommen til klassisk vårkonsert som vi har gitt namnet In Paradisum!
Dette er ei storsatsing der Sogndal songlag har invitert med seg Jølstrakoret med forsterkingar frå SkeiVasskoret og ungdomskoret Røyst til å framføre Requiem av Gabriel Fauré og Gloria av Antonio Vivaldi.
Dei to verka er ulike i karakter. Requiem er komponert som ei messe og skildrar stemningar og kjensler knytt til menneske sitt møte med døden, og lengting etter evig kvile. Musikken er variert, og spenner frå dei varaste og vakre klangane til sterke uttrykk med rytme og kraft. Konserten vår har henta namnet frå siste sats som heiter «In Paradisum. I kontrast til denne litt kontemplative musikken står Gloria, musikk med ein sterk rytmisk puls og variasjon i uttrykket beskriver

mennesket sine religiøse lengslar, håp og bøner.
Requiem vert framført av Sogndal songlag og Røyst. Dei fleste av dei unge medlemmane i Røyst får denne helga si første oppleving av å synge klassisk kormusikk. Sogndal songlag har stor glede av samarbeidet med Røyst, og ser det som ei viktig oppgåve å lage konsertar der dette flotte koret frå Sogn kulturskule kan delta.
Gloria vert framført av Sogndal songlag og Jølstrakoret med forsterkingar frå SkeiVasskoret. Desse kora har funne tonen, og har hatt stor glede av å øve i lag. Gjennom samarbeid har vi muligheit til å skape opplevingar for songarar og publikum som vi ikkje ville makta kvar for oss.
Orkesteret er sett saman av distriktsmusikarar frå fylket, og musikarar frå Bergen filharmoniske orkester. Musikalsk leiar og drivkraft er songar og distriktsmusikar Bjørn Gisle Seter.
Vi gler oss til å synge, og vonar de som publikum også finn glede i denne vakre musikken!
Førehandssal av billettar: tlf. 95247071
Billettsal ved inngangen
Vaksne kr. 300.-
Studentar/ born kr.150.-

Vist 216 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder