Bli med på Tårnagenthelg!

Laurdag og søndag 4.–-5. juni 2016 er det igjen tid for tårnagenthelg i Helgheim kyrkje!

Ållhus og Helgheim sokneråd inviterer denne helga alle 3.-klassingar i Jølster til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her får dei utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil i løpet av desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium. Dei vil få eit eige agentbevis og på søndagen vil alle som kjem til kyrkja får vite kva agentane har funne ut.

Agentsamlinga laurdag startar kl 13.00 og held på til kl 17.30. Som tårnagent får du utforske og løyse oppdrag i kyrkja og tårnet og du får utdelt agentbevis. (Med eigen agentkode!)

Agentar må vere godt førebudde når dei skal ut på oppdrag, så det er viktig at du møter i kyrkja kl 09.30 på søndagen! Då skal vi førebu Tårnagentgudstenesta der også foreldre, sysken og vener er inviterte. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi med kaker og saft.

I løpet av 2016 vil det vere mange agentar som skal løyse mysterium og oppdrag i kyrkjer over heile Norge. Vi håpar du har lyst til å vere med i Jølster!

Du må melde deg på innan 23.mai, og det kostar kr 100,- å vere med heile helga!

Du vil få meir informasjon på epost når du har meldt deg på.

Helsing

fullt hemmeleg – frå Senioragentane i Ålhus og Helgheim kyrkjelyd

Rune, Inger, Silje, Astrid og Ingrid

PS: Vi har lommelykter og forstørrelsesglas.

DETTE er lenke til meir informasjon, m.a. korleis ein melder seg på.

Vist 158 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder