Songarstemne i Jølster

Jølstrakoret er arrangør for det eine av to songarstemne i fylket. Lørdag 28.mai startar det på kyrkjesenteret . Vi er vertskap for åtte kor der eit av dei er gjestekor frå Masfjorden. Kl 12.30 går songartoget frå kyrkja til Jølstramusèet der ordførar Oddmund Klakegg ønskjer velkommen til Jølster og det vert offisiell opning av leiar i korforbundet Sogn og Marianne Hoff. Storkoret syng “Fagert er landet” ute i det fri i finveiret!
Kl. 15.30 vert det kyrkjekonsert på kyrkjesenteret. Etterpå er høve til å kjøpe ein kaffikopp.
Til folket på Vassenden: Veldig kjekt om de ønkjer gjestene velkommen med heist flagg!
Vel møtt til konsert!

Vist 180 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder