Utstilling i Jølstramuseèt

Eli Hørven Fjellkårstad (f.1987) har salsutstilling av bileta sine på låven i Jølstramuseet. Sentrale tema i bileta er barndom, oppvekst, påverknad, tru og sjeleliv. Mytologi, religion, musikk og reise er også viktige inspirasjonskilder.

Saman med henne syner barn i alderen 8 – 14 år , frå biletkunstgruppa ved Jølster kulturskule fram sitt arbeid dette skuleåret. Elsa Norunn Håheim Nydal har lært dei om og jobba med korleis dei skal bygge opp eit bilete, fargar, fargeblandingar og kva tålmod ein må ha i prosessen frå idè til ferdig bilete.

Utstillingane er open 1. og 2. juni , 9. og 10.juni frå kl.15.00 – 20.00

Vist 112 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder