Vi er ei gruppe som møtast onsdagar mellom kl. 16.00-20.00, og malar akvarellar. Vi heldt til på kjøkkenet ved dei nye omsorgsbustadane. Nokre av oss har malt litt før, men dei fleste er “ferske”. Har du lyst å vere med, er du hjarteleg velkomen! Vi gir deg tips og råd om kva du bør skaffe av utstyr. Dette er sosialt, kreativt og triveleg! Jølster Frivilligsentral