Songkveld

Som ein del av det føreståande arbeidet med ny gudstenesteordning i Den norske kyrkja, skal vi denne songkvelden prøvesmake på nokre av forslaga til ny musikk for dei faste ledda i gudstenesta. Vi vil prøvesynge ilag tre ulike melodiforslag til dei faste ledda som framleis skal vere med i ny gudstenesteordning: Kyrie, Gloria. Vi vil også prøve ut nokre nye melodiar til nattverdliturgien: Agnus Dei ( Du Guds Lam )
Ei forsongargruppe vert med ilag med kantor Rune Molvik.
Samlinga med song varer ca 45 minutt. Deretter vert det kveldsmat inne i matsalen.
Vel møtt til songkveld!





