Javel, ja

Så kjem det evige spørsmålet:
Høna eller egget…?

Foto: Hallstein Dvergsdal

Vist 496 gonger. Følgt av 9 personar.

Kommentarar

Svaret er truleg korkje eller. Frittgåande egg fins neppe, og at egga kjem frå frittgåande høner, ville eg heller ikkje satse hatten min på.
Vi må nemleg ikkje tru alt vi les, heller ikkje det som kjem frå norske matprodusentar. Av og til mistenkjer eg at kravet om sannferdig marknadsføring er større til produsentar av tannpasta…
Ingen greier selje så stor del av storfekjøtet som biff, og så mykje av svinekjøtet presentert som skinke, som konsulentane til matvareprodusentane her på berget.
Aldri la deg lure av teksten på pakningen, Hallstein. Det mest frittgåande du har på tallerkenen din, er sannsynlegvis den hjorten du sjølv har skote :)

Her burde det utan tvil stått …….Til frittgåande.

…… apropos frittgåande: eg har følgt med på Rema sin “eggpolitikk” i det siste.

Er det kjøparen du har i tankane med “til” ???

Ja .
Hvis, vi kan rekne oss som frittgåande då ? :)

for å fullføre kommentaren som glapp litt lenger oppe, – og det vert ikkje ein språk-kommentar.
Ein 12-pakning egg i Remabutikken frå BURHØNS er eksponert i lite tiltalande svart-kvit pakning med ordet BURHØNS skrive i store bokstavar, i tillegg er den markert dyrare enn dei andre, sjølv om den er billegare å produsere.
Ein 12-pakning med egg frå frittgåande høner er eksponert i varme fargar og med tiltalande bilde som gjev deg positive assosiasjonar.
Kanskje var det tilfeldig, men i går då eg skulle kjøpe egg, var burhønsegga ikkje lenger å oppdrive, medan dei “frittgåande” egga ikkje nett hadde vorte billegare….
Er det kjedemakta som på denne måten ønskjer å profilere seg som miljømedviten, – og elles så har dei jo også “prova” at forbrukaren ikkje vil ha egg frå burhøns….. (fordi dei var dyrare …….)
Eg har i mange år hatt nær tilknyting til eggproduksjon både med burhøns og frittgåande høns, og er ikkje i det minste tvil om at dyrehelsa er best mellom burhøns. Difor kjøper eg alltid egg frå burhøns. Men no har altså Rema “prova” at eg som forbrukar ikkje vil ha det…. eg trur eg kjøper meg ein 4-5 høner og startar for meg sjølv!!

Dagens apropos: No lurer eg på om Prior kanskje kan ha hold i marknadsføringa si likevel. Då eg skulle lage eggerøre til frukost i dag, og la fem egg på disken framfor rørebollen, tok jammen eitt av dei ut på sjølvstyr, og vandra seg galant ut over kanten.

Der har du vel fått ett egg som stammer meir i frå dei “rullerandes hønene” som Prior unngår å reklamere for ?
Eg og har opplevd at dei går utfor kanten , men eg pleier alltid å nå tak i dei med å klistre dei mellom benkeplata og skuffa .Kanskje ein i ettertid burde kjøpe kun dei som er merka " utgått på dato" ?

Egga vert iallfall stadig dyrare, og no er store norske hønseegg rundt fem gonger dyrare enn til eksempel egg på same storleik i Spania. Dei spanske egga er også veldig gode på smak.
Kanskje er denne norske frittgåande-kampanjen eit ledd i å køyre opp prisane. Eg har iallfall vanskeleg for å forstår kvifor det skal koste fem gonger meir å produsere, pakke, transportere og selje eit egg i Noreg. Rasjonell eggproduksjon i dag er ikkje spesielt arbeidsintensiv. Eg skjønar at løner, fôret og ein del andre innsatsfaktorar her til lands er dyrare, men fem gonger….

Egga vert iallfall stadig dyrare, og no er store norske hønseegg rundt fem gonger dyrare enn til eksempel egg på same storleik i Spania. Dei spanske egga er også veldig gode på smak.
Kanskje er denne norske frittgåande-kampanjen eit ledd i å køyre opp prisane. Eg har iallfall vanskeleg for å forstår kvifor det skal koste fem gonger meir å produsere, pakke, transportere og selje eit egg i Noreg. Rasjonell eggproduksjon i dag er ikkje spesielt arbeidsintensiv. Eg skjønar at løner, fôret og ein del andre innsatsfaktorar her til lands er dyrare, men fem gonger….

Sanninga er vel at egg frå frittgåande høner ikkje fins i Priorpakning. Det kjem sjølvsagt litt an på kva vi legg i ordet ”frittgåande”, men etter mitt syn er det kun eit spørsmål om storleiken på buret.

Nostalgien har blitt ein farsott og ei landeplage hjå matprodusentane våre. " Nei, det er kanskje ikke slik Nora lager syltetøyet sitt, men det smaker sånn " og " Røykt over bål med oreved i gamle eldhus " kan vi lese på hjelpeslaust reklamisk, språket laga av urbane jyplingar som knapt har plassert Lottusse-skoa sine på levande gras. Kor dumme trur dei at vi er?

Kvifor ikkje dra det heilt ut? " Produsert av tilårskomne slarvekjerringar med
halvskitne forkle. Vatnet til produksjonen vert henta i bekken og bore i åk og sleivene vert banka mot veggen og gnidd inn i forkledet etter bruk." "Oreveden vert samla av forsvoltne lausungar for tyggis og fox, og toalettilhøva ved fabrikken er ein stokk over ei grop i bakken.
"

Dette tek visst heilt av..
Alle høner går vel fritt utan fotlenkjer og slikt ?

Gilde fargar og treffande slagord er viktig for folk flest, innhaldet er kanskje ikkje så nøye med ?

Er det nokon her på sona som kan forklare skildnaden på ei italiensk og ei spansk høne ?

Dei spanske er 5 gongerr billegare , men eg veit ikkje om dei ligg i ro !!

Eg klarar fint å betale 10 gonger meir for egga enn kva dei kostar i Spania, utan at undergangen er nær. Ikkje meiner eg heller at egg i Noreg skal koste det same som i Spania. Meg eg stiller spørsmål ved den store prisskilnaden, av di eg knapt veit om nokon annan daglegvare som kostar fem gonger meir i butikk her til lands.
Elles reiste eg relativt billeg til Spania. Betalte ikkje noko meir enn kva det kostar å reise med fly Førde-Oslo. Men Jan Inge Hansen set kanskje pris på at det kostar mykje både å reise og å ete egg. Greit for meg…

Eg er ikkje grinete, Jan Inge Hansen. Grininga er det du som står for. Eg kallar meg heller ikkje journalist. Det er det du som gjer. Kva skal eg kalle deg? Konspirasjonsteoretikar?
Ein treng då heller ikkje å vere journalist for å lure på kvifor det kostar fem gonger meir å produsere, pakke, transportere og selje eit egg i Noreg, framfor i Spania. Det er eit enkelt og greit spørsmål som ein ikkje treng å komplisere ved å klabbe inn heile den norske landbrukspolitikken. Eg er heller ikkje ute etter landbruket, men det kunne vore interessant å sjå ein norsk og ein spansk eggpris-kalkulasjon…

Eg trur du skal sjå deg sjølv litt i speilet no, Jan Inge Hansen…

Hallstein Dvergsdal (157 bilete)

 

Biletsamlinga (2405 bilete)