Viser arkivet for desember, 2009

Kathrine Kleveland og gode dessertar

Ord som kreativ, positiv og engasjert med eit smittande humør og ei sterk framtidstru for bygdene er gjerne stikkord som vert brukt om Kathrine Kleveland. Ho vart i fjor kåra til årets bygdeprofil av Nationen sine lesarar. Kathrine er bonde og grafisk formgjevar med bustadadresse i Vestfold. Søndag førstkomande den 6. desember kan du oppleve Kathrine sitt smittande engasjement i Gjesthalla på Vassenden klokka 14:30. Då inviterer bygdekvinnelaget til ettermiddagsfest med underhaldning, kultur og rikeleg suuupergode dessertar.

Tre dyktige yngre kvinnelege musikarar som utgjer gruppa Pretiosa, og som etter eigne utsegn spelar rosa folkemusikk vil underhalde. Kari Støfringsdal leier festen. Etter kultur ventar føda. Denne ettermiddagen i form av ulike gode dessertar. Kva seier du til Russedessert, moltekrem, karamellpudding, riskrem, byggrynskrem, trollkrem, sviskedessert, tilslørte bondepiker og fromasj med tilbehør i ulike varantar.

Her er det berre ein ting å gjere. Et middagen tidleg (eller utset han til seine kvelden), ta deg ein tur i Svidalen og besøk julemarknaden og kom sidan til Gjesthalla og nyt desserten. Vestre Jølster Bygdekvinnelag som fyller 60 år i 2009 ynskjer hjarteleg velkomen til ein triveleg ettermiddag.