Viser arkivet for desember, 2011

Beste Nyttårsønsker.

Til kjente og debattanter her på origo-siden, ønsker jeg alle alt godt for det Nye Året som kommer.

Vårres jul

Eg tenkjer kvart år, var dette den siste “ekte” jula.?. Rakk vi å overlevere tradisjonane, eller vart vi for seine. Er det mi skuld, kva skulle vi gjort annleis…

No kjøper vi valnetene ferdig knekte, i vakumpakka boksar, det er berre å flekke av loket. Nataknekkjaren har nok sett sine dagar. Marsipanen er det lenge sidan vi laga sjølv, vi kjøper den i lange flak, eller i pølser. Clementinene rotnar på peishylla, julebukkane jo vil helst ha “smågodt” frå snophylla på coop’en.

Riskremen var no eigenrtleg lett å lage. Men no får vi den i ferdige pakningar, med raud saus på kartong. Og sausen til middagen er berre å varme opp i micro’en. Julesylta? Det er ingen som skjønar seg på å utnytte eit grisehovud lenger. Det kastar vi. Slik vi kastar alt avskjer frå sau, gris og hjort, i staden for å lage god mat av det, som pølser og kjøtkaker. Vi finn det i ferdigmatdisken, alt i hop.

Juletreet var no i det minste heilagt.. Det skulle lukte frisk granbar, helst vere sjølvhogd, og utplukka ein dag i november, No kjøper vi det i plast, veslejulaftan. Hvis vi gidd å ha juletre.

Ei tid er definitivt forbi. No hastar vi innom Esso’en for å kjøpe ved i sekk, medan vi ergrar oss over det falne treet som sperra vegen dit.

Godt nytt år!

Sjå Astrup med nye auge !

I jule-Firda 24.12 var det eit intervju med Tove Kårstad Haugsbø, der ho fortalde frå forskinga si og om den nye permanente utstillinga på Bergen Kunstmuseum der ein har nytta nye innfallsvinklar til Astrup. Om du enda ikkje har lese dette, så ta fram att Firda og les!
Og ta ein tur til Bergen og sjå denne utstillinga om du har høve til det. Utstillinga er kuratert av Tove Kårstad Haugsbø og Line Daatland , og vert kalla ein nyskapande presentasjon av kunstnarens verk.
I Bergens Tidende frå i går 30.12 er direktør Erlend Høyersten ved Bergen Kunstmuseum intervjua, og har seier at den nye Astrup-fløyen i Lysverket har vært ein publikumsvinnar med 18534 besøkande i 2011. Dette må vi gle oss over, for det synes den store interessa det er for Astrup, og kor viktig det er at ein ha god kompetanse på det å lage til ei utstilling.
Godt nytt år til alle oss her i Jølster som er glade i Astrup og kan gle oss over dette, – og så får vi håpe at vi kan klare å få framgang med det arbeide vi har sett i gong for å utvikle Astruptunet.

Kva må til for at Jølster toppar NM iNæring?!

Kva må til for at nokon vil etablere næring i Jølster, og at etablerte næringa utvikler seg?
Sjå link
http://mobil.dn.no/article2299981.ece?REF=dispatched
Vi kan vel ikkje som gode Jølstringar slå oss til ro med 5. Siste plass?!

Nyttig informasjon i desse tider

Her kan det søkjast om kompensasjon for langvarige straumbrot

Midnattskonsert i Ålhuskyrkja

Grip sjansen og få med deg årets (kanskje?) siste konsert!

Fredag 30. desember inviterer felespelar Synnøve S. Bjørset og folkesongar Kari Malmanger til midnattskonsert i Ålhus kyrkje.

Dei byr på ein stemningsfull konsert med rom for ettertanke, og for nye tankar, og i skinet frå stearinlys vil dei saman og kvar for seg framføre religiøse folketonar og tradisjonelle lyarslåttar.

Kari Malmanger er mellom dei fremste tolkarane av toneskatten etter lekmannen Ragnar Vigdal frå Luster. Vigdal sin songstil karakteriserast som mjuk og glidande, og er rikeleg utsmykka med krullar og sløyfer. Kari akkompagnerer seg sjølv på harmonium, eit lite pumpeorgel.

Synnøve S. Bjørset har dei siste åra arbeidd med tradisjonelle lyarslåttar. Det sarte, lyriske og tankefulle, men samstundes sterke og dramatiske i desse slåttane, kan framkalle ein nærmast meditativ tilstand.

Konserten startar 23.30, og går eit lite stykke inn i det nye døgnet og årets siste dag.

Foto: Njål Nedrebø

Syndeflodvask.

I et evinnelig regnvær, vi går rundt og trasker.
Og “Du Vår Herre”, du vasker og du vasker.
Har vi syndet mot deg, så stort. ?
At du må vaske våre synder bort.?
Med all den nedbøren som til stadighet plasker.

Julefred

Julestemning ved Helgheimskyrkja

Kyrkjeklokkene har ringt inn jula og i bakgrunnen høyrest “Sølvguttene” Det meste er altså som det brukar å vere på Julafta.

Julemiddagen står for tur og svært mange har vore med og fyllt opp kyrkjene rundt om, slik også her i Jølster. Helgheimskyrkja, der underteikna var, hadde ingen ledige plassar i dag, og dermed er også det som det brukar å vere.
Kor fredeleg resten av julafta blir, kjem litt an på korleis det utviklar seg med stormen som er meldt. Allereie no kan eg sjå eit utejuletre som kjempar med å halde seg oppreist, men dei får det nok verre dei som held til ved havkanten. Vi får håpe at dei fleste er komne i hus til høgtida, og at ikkje alt for mange er på vegane i kveld.
Jula er gjerne tid for tilbakeblikk og ettertanke, og for mange er det også den første jula utan eit familiemedlem tilstades. Slik er det alltid, og slik vil det bli, med alle juler.Det er alltid nokon som går bort, og det vil alltid vere tome stolar på julafta, slik er naturens gang.
Men i år er det altså ekstra mange tome stolar etter dei meiningslause hendingane 22. juli. Ein dato som for alle normenn, til alle tider vil stå som ettermælet til 2011.
Alle veit kvar dei var henne den dagen, kva dei gjorde på og korleis dei reagerte. Eg for min del kom ekstra nær inn på galskapen ettersom eg var i lag med ein av dei parlamentariske leiarane på Stortinget, Trine Skei Grande, då det small i Oslo. Vi var på Eikaasgalleriet og eg hugsar godt eit spørsmål eg stilte henne litt etter. Det gjekk på korleis samfunnet ville reagere på terroren m.o.t. overvaking og liknande. Ho svara slik: “Noreg blir aldri det same etter 22. juli”, ei setning som mange andre politikarar har brukt sidan.
Vi kom bra frå terroren her i Jølster, men det er likevel mange som kjenner menneske som vart direkte råka, og som i kveld har ein tom stol ved bordet.
Sett i lys av det, blir debattane som har gått her på Jølster-sona ganske uvesentlege og uviktige. Men det er ikkje dermed sagt at dei ikkje skal halde fram, for det skal dei..og må dei. verda må gå vidare og det er mitt håp og tru at vi også i 2012 vil få mange gode ordskifte her på sona, og at debattantane held seg til sak og respekterer motstandarane sine meiningar.

GOD JUL til alle!

Biletserie med 7 bilete — bla med å trykkje på pilene

JULESTOFF

Julefeiring med julesalmar.

I gudstenestene i jula kjem vi ilag og syng dei gode, gamle julesalmane. I 2011 har det vore markert 175-års jubileum for salmediktaren Elias Blix i ulike samanhengar. I mai var det Blix-kveld i Ålhus kyrkje, og i september var det gudsteneste på Vassenden kyrkjesenter der alle salmane vi song var nynorske.

Blix sin julesalme “No koma Guds englar”
No når det er jul skal vi i kyrkja m.a. synge julesalmen “No koma Guds englar” under høgtidsgudstenesta første og andre juledag.
Salmen vart skriven i 1870, og Elias Blix skildrar julebodskapen på eit heimsleg og folkeleg språk. No kunne folk verkeleg oppleve julevangeliet i sine eigne hus og kring eigne nover – dei kjende seg att i formuleringane til Blix. Elias Blix tek oss meisterleg med og flyttar hendinga julenatt frå Betlehemsmarka heim til vår meir kjende, mørke og kalde vinternatt. I vers fem av denne salmen ser vi ei slik typisk formulering:

No stjerna frå Betlehem lyser om land
frå høgsal til armaste hytta.
Det ljosnar så vent over dalar og strand
der inn hennar strålar få glytta.
Guds fred over mold!
Vår sol og vårt skjold,
Vår fredsfyrste høgt vere lova!

Melodien som vert brukt til denne salmen kjem frå Skottland (1600-talet) og er omforma i ein folketone frå Vest-Agder. “No koma Guds englar” var den første nynorske salmen som kom i bruk i den offentlege gudstenesta. Salmen vart første gong utgjeven anonymt i 1875 i salmeheftet “Nokre Salmar”, utgitt av Blix.

Hundre år med nynorske salmar i kyrkja
I Jølster har vi brukt denne salmen i jula i omlag 100 år. Litt strid var det nok når desse nynorske salmane skulle innførast til kyrkjebruk. Og usemje var det då dei skulle avgjere om Blixsalmane skulle innførast i Helgheim kyrkje også. Fjordenes Blad skreiv om denne hendinga den 28. oktober 1905. “Blixsalmarne vart sundag 22. oktober innførde i Helgheims kyrkje med 80 mot 15 røyster.”
Det har ikkje vidare lukkast å finne ut om Blixsalmane vart innført i Ålhus sokn dette året.
No vel hundre år etter syng vi denne salmen framleis, men no i ei nyare omskriven språkdrakt. Salmen har i originalversjonen åtte vers.

Elias Blix og Martin Brostrup Landstad
Vi finn likskap i Blix og M.B. Landstad si salmedikting. I salmen " Fra Fjord og Fjære" av M.B. Landstad finn vi julebodskapen plassert inn i eit norsk vinterlandskap – i eit innlandsmotiv. Blix brukar motiv frå kysten. Landstad syng «Her ude Kulde er nu og dyben Sne», i nyare omsetjing, slik: “Her ute kulde er nå med is og sne”. Blix tek også med kystlandskapet, slik: “Der ute ligg Jordi so isende kald, Og Trei stend svarte i Skogen”», og i eit seinare vers, “Det ljosnar so vent yver Dalar og Strand”.
På ein var og lyrisk måte beskriv Blix både trua, folkelivet og naturen, og det er ein lys og tillitsfull tone i mange av salmane. I høve til den meir alvorlege tonen i diktinga til Landstad vart dette ei kontrast. Og mange kan vere eining i at å synge Elias Blix sine salmer vert ein glad av!
Vel møtt til kyrkja i jula med god salmesong og felles juleglede!
Julesongane og salmane kan vi vere med å synge desse dagane:
Julaftan: Helgheim kyrkje kl. 14.00 og Vassenden kyrkjesenter kl. 16.00.
“No koma Guds englar” og andre kjende salmar kan vi vere med å synge: 1. Juledag i Helgheim kyrkje. I Ålhus kyrkje 2. juledag. Gudstenestene tek til kl. 12.00.
Vel møtt og God Jul!

Fin julegave fra Gjensidigefondet

Gjensidigefondet har tildelt 300.000 til turløypeprosjektet i Gjesdalsdalen. Dette er årets julepresang til langrennsfolket og eigenkapitalen i dette prosjektet er no sikra. Frå før har Sparebankstiftinga løyvd kr. 300.000. Dersom prosjektet kjem gjennom nålauget for spelemidlar i 2012, er prosjektet med å bygge ei rundløype i Gjesdalsdalen fullfinansiert. Det betyr i såfall annleggstart til våren og ferdigstilling til sesongen 2012 – 2013. Dette er fantastisk kjekt for oss som jobbar med prosjektet, og nå kryssar vi fingrane for at vi også får spelemidlar slik at vi kan starte til våren. Mykje arbeid skal gjennomførast; det skal buggast bru over Bakkestøylselva, sjølve løypa rundt Gjesdalsdalen skal grunnpreparerast, totalt 7 km. Traseen skal skiltast og webløsning skal på plass.

Dette var vel siste info om prosjektet for i år og meir info vil kome utover nyåret. God jul og godt nyttår til alle!

Det skal nok bli råd med smør

Perfekt kvalitet, kan Magne Frøystad slå fast etter å ha smakt det nye smøret

Fedrelandet er som kjent råka av smørkrise, og det midt i travelegaste julestria. Berre dei som hugsar 2.verdskrig har opplevd noko liknande. Oslo-avisene har siste vekene dekka saka med krigsoverskrifter.

I går var smørmangelen også tema på Statsministeren sin halvårlege pressekonferanse, eit tema han prøvde å snakke vekk ved å dra inn uvesentlege ting som Euro-krise og arbeidsløyse i Europa.

- Vi må hjelpe kundane
Smørkrisa har også nådd Jølster og i smørhylla på Coop Jølster på Skei var det i dag kun eit par pakkar med belgisk smør å oppdrive. I fylgje styrar Svein Sunde så blir det heller ingen endring i smørsituasjonen med det første. Denne veka har han kun fått inn ein einsleg liten kartong med smør, noko som forsvant med det same, og han kan ikkje seie noko om når neste smørsending kan vere ventande.
Men Sunde har ikkje tenkt å late kundane sine vere smørlause i jula, så han lanserer no ei naudløysing som vil berge smøret for dei som treng det.
– Vi må hjelpe kundane våre, enkelt og greit, smiler Svein Sunde som fortel at målingsblandemaskina på Byggmix-butikken i morgon veslejulafta vil vere disponibel for smørproduksjon.

Ledig kapasitet
- På denne tid av året er det lite målingsblanding, så maskina har ledig kapasitet, fortel Sunde som også tibyr gratis smørlaging til dei som kjøper fløyta på Coop-butikken på Skei. Andre må rekne med å betale eit lite vederlag, men alle skal få smør, lovar han.
– Kva med fløyte då, blir det nok av det?
– Ja det skal gå bra, vi har nett fått inn ei stor ladning i dag, og får meir i morgon, avsluttar samyrkjelagsstyraren som aldri har opplevd liknande tilstandar som det han har vore gjennom siste tida.

Prøvekøyring
På Byggmix-butikken finn vi Magne Frøystad og Jon Egge travelt opptekne med å teste ut “smørkinna”
– Vi må vere heilt sikre på at alt fungerar til i morgon, seier Magne Frøystad som har funne fram ein ny, ubrukt målingsboks og fløyte.
Fløyta, to små boksar på tilsaman 0.6 l, blir slegen over i målingsboksen og sett i “kinna”
Fem minutt seinare er det sjekk av resultatet, men det einaste som har skjedd er at boksen, som var vel halvfull, no er full, men ikkje smør. Nye fem minutt gjev same resultat og det blir bestemt å fjerne halve innhaldet, noko som får fart på prosessen. Fem minutt med sentrifugering resulterer i tjukk krem, men framleis ikkje skikkeleg smør. Men karane gjev ikkje opp; to minutt til i sentrifuga og Magne Frøystad kan opne boksen og vise fram smør av finaste kvalitet.
– Jamen klarte vi det, smiler han og tek ein smak av det nylaga smøret.
– Fantastisk bra, konstaterar han og legg smøret på fat klart til å vise fram til det som måtte finnast av skeptiske kundar.
– Vi kan også farge smøret, flirer dei to smørmakarane. – Rosa til dømes, utdjupar dei før smøret blir frakta til daglegvarebutikken for godkjenning av sjefen.

Blir godt motteke
Magne Frøystad blir nærast nedtrakka av folk som ikkje har sett smør på lenge, når han entrar butikken for å vise fram det nye produktet. Alle vil smake og alle er fulle av lovord over det gule, innbydande smøret. – Det beste eg har smakt på lenge, sukkar ei dame som no ser at jula kan vere berga.
Svein Sunde smakar også på smøret og han er eit einaste stort smil når han får sjå og smake det som i morgon vil vere tilgjengeleg for alle smørhungrige jølstringar. Han ser føre seg at det kan bli overtid på Byggmixbutikken på veslejulafta, og han er også klar til å sette inn ekstramannskap, om det blir naudsynt.
– Det viktigaste er at kundane blir hjelpte, seier han før han hastar vidare vel vitande om at han truleg har berga mange frå det som kunne blitt ei trasig jul.

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

Skal du på Fjøsen i Jula?

Jula er ei tid for samhald og hygge, så kvifor ikkje ta ein tur på Fjøsen på Skei i jula for å slå av ein prat? Her blir det mykje trivlige folk og god stemning.

Fjøsen er open både første og sjette juledag. Først på menyen er Dj Amadeus og sjette juledag spelar Gilbeys opp til dans.

Informasjon om arrangementa:

Første juledag (25. desember)
DJ amadeus spelar opp til dans. Han vil få fart på dansegolvet og stemninga i heile lokalet.
Opent: frå 20.00 – 0200.
Billett kr 150,-. Etter kl 23.00 er det kr 200,-
(I fjor vart det fullt og dørene vart stengd kl 22.30)
Aldersgrense 18 år!

Sjette juledag (30. desember)
Gilbeys spelar til dans. Ta på deg danseskoa og kom å bli med på ein svingom!:)

Opent frå kl 20.00 – 02.00
Billett kr 200,-. Etter kl 23.00 kr 250,-.
Aldergrense 18 år.

Fjøsnissane gledar seg og dei håpar å sjå deg på Skei i jula. :-)
Vel møtt!!

Julestjerne ?

JULESTJERNE (LEDERBLOMST)

Julestjerne (Euphorbia pulcherrima) kommer oprindeligt fra Mexico, hvor den kan blive 4-5 meter høj. På aztekernes sprog, nahuatl hedder den cuetlaxochitl (= “læderblomst”). Den oprindelige art er en busk med en kort stamme og åben, udspærret forgrening. Unge planter er delvist sukkulente. De korte grene er først urteagtige og saftige, men de bliver efterhånden træagtige. Barken er først olivengrøn, men den bliver senere gråbrun og sprækker lidt. Knopperne sidder spredtstillet, og de er små og næsten knudeagtige ved siden af de store bladar. Bladene er stilkede med ovalt omrids og let tandet rand. Oversiden er mørkegrøn, mens undersiden er lysegrøn. Blomstringen går i gang efter en periode med kortere lysindfald end 12 timer (kortdagsplante), og det vil oftest sige i november-december. De egentlige blomster sidder samlet i en kompakt stand af rent hunlige og rent hanlige blomster. De er gulgrønne og uanselige – reduceret til det mindst mulige: de hunlige blomster består kun af frugtknude og griffel, mens de hanlige kun har én enkelt støvbærer. Blomsterne må ikke forveksles med de store, røde højblade, der dannes oppe under blomsterstanden. Frugterne er knudrede, 5-rummede kapsler med mange frø.

Kvifor har vi juletre?

Juletre er et grønt gran- eller furutre som pyntes med lys og annet og settes opp i private hjem og andre steder i forbindelse med feiring av jul. Juletreet er et av julens viktigste symboler i nyere tid i store deler av den vestlige verden.

Innhold
[skjul] 1 Historikk 1.1 Juletreet i Skandinavia
1.2 Juletreet som kristent symbol
1.3 Juletrær som blir gitt i gave fra norske byer

2 Juletreet i dag 2.1 Juletreskikker i private hjem

3 Eksterne lenker

Historikk [rediger]

Etter all sannsynlighet har også juletreet hedenske opprinnelse[trenger referanse]. Det å bruke grønne vekster for å undertrykke vinterens makt og beskytte seg mot overnaturlige krefter, er en gammel tradisjon. Det måtte ikke nødvendigvis brukes et helt tre.

Skikken med å pynte juletre stammer fra Schlesien i Preussen, og kjennes siden slutten av 1500-tallet. I Den unge Werthers lidelser fra 1774 beskriver Goethe juletreet slik det stort sett kjennes idag. «Han talte om, hvor glade de Smaa vilde blive, og om de Tider, da Døren, der blev uventet aabnet, og Tilsynekomsten af et pyntet Træ med Vokslys, Sukkergodt og Æbler bragte en i paradisisk Henrykkelse» (dansk oversettelse). Romanens store popularitet var med på å utbre skikken både i Tyskland og i andre land. I katolske deler av Europa ble juletreet lenge betraktet som en protestantisk skikk, men også protestantiske prester var lenge motstandere av juletreet.

Juletreet i Skandinavia [rediger]

Det første juletreet i København skal ha blitt tent hos en ung lege med tysk hustru så tidlig som i 1812. Når det første juletreet ble pyntet i Norge, kjenner man ikke til, men Studentersamfunnet i Christiania arrangerte juletrefester i 1840-årene. Den eldste norske beskrivelsen av et juletre stammer fra Jørgen Moe, som i 1842 skrev et brev om juleforberedelsene og om julaften på Nes:
«Veed Du hvad et Juletræ ær? – Vi træda ind gjennem et Par Kabinetter i den store spisesal, der staare Juletræet, en amerikansk Gran. Den hæver sig fra en med Draperier forziret Platform, i en straalende Belysning af Lamper fra Grenene, der i forskjellig farvet Lys sprede et Skjær af broget Pragt om det hele. Se nu veed Du hvad et Juletræ ær!»
I 1850- og 60-årene ble juletreet kjent i byene i Norge og hos enkelte barnefamilier i bygdene, men det var først etter 1900 at juletreskikken slo gjennom, da skolelærere begynte å arrangere juletrefester. På noen isolerte steder kom den ikke før i 1930, og enkelte steder møtte skikken kraftig motstand av religiøse grunner. I Nord-Norge så for eksempel læstadianerne på juletreet som stor synd.

Juletreet som kristent symbol [rediger]

Da juletreet ble introdusert i kongeriket Danmark-Norge på 1800-tallet, var det som et bibelsk symbol. Det symboliserte livets tre i paradisets hage. I følge den bibelske fortelling i 1. Mos 3 ble adgangen til livets tre stengt pga. Adams fall, og mennesket ble vist ut av paradisets hage. Men gjennom frelserens fødsel, som den kristne jul feires som, er adgangen på nytt åpnet til livets tre. Derfor er dette et meningsfylt symbol i den kristne julefeiringen.

Dette symbolet kommer fram i flere julesalmer. Bernhard Severin Ingemann lar det komme fram i sin oversettelse «Glade jul» fra 1850, der det synges om englene: «Hit de flyver med paradisgrønt». Og enda tydeligere i en dansk julesalme av den samme Ingemann fra 1840:

Julen har bragt velsignet bud.
Nu glædes gamle og unge:
Hvad englene sang i verden ud,
nu alle små børn skal sjunge.
Grenen fra livets træ står skønt
med lys som fugle på kviste.
Det barn, som sig glæder fromt og kønt,
skal aldrig den glæde miste.

– Den danske salmebog, København 1985, nr 109

Hvorfor juletreet har blitt symbol på livets tre, er noe uklart. Men man antar at dette har skjedd gjennom framføring av de middelalderske mysteriespillene om Adams fall. Vi kjenner til flere slike mysteriespill om Adams fall. Således regnes den første offentlig teaterforestilling i Norge som framføringen av Adams fall i 1562 i Bergen av elevene til Absalon Pedersson Beyer ved katedralskolen der. På et eller annet tidspunkt har disse spillene om Adam blitt framført før jul, fordi minnedagen til Adam ble lagt til 24.12, dagen før Kristi fødselsfest. Det skjedde fordi Kristus kalles den annen Adam i Bibelen (1. Kor 15,45) og da ble det meningsfylt å legge den første Adams dag til dagen forut. Siden livets tre forekommer i disse mysteriespillene, har noen sett symbolikken mellom Adams fall som stenger adgangen til livets tre og Kristi fødsel som åpner den. Derfor er juletreet symbol på livets tre.

Juletrær som blir gitt i gave fra norske byer [rediger]

Det er ikke uvanlig at byer gir store juletrær i gave til hverandre som en fast tradisjon, som settes opp på sentrale plasser. For eksempel har Oslo kommune gitt et juletre til London som settes opp på Trafalgar Square hvert år fra 1947, Trondheim kommune sender hvert år et juletre til Hamburg som settes opp på rådhusplassen der, og Bergen kommune sender et juletre til Newcastle som felles av ordføreren i Bergen kommune. Tradisjonen med å sende tre til Newcastle kom i stand i 1949 – som en takkegave til England etter andre verdenskrig. I år (2010) er det 62. gang bergenserne sender et tre sjøveien til De britiske øyer.

Juletreet i dag [rediger]

Fordi juletreet er et eviggrønt tre, symboliserer det evig liv.

I dag står juletreet tilbake som en festlig del av julen, og er en utbredt forbruksvare. Paradoksalt nok får det granskogrike Norge de fleste av sine juletrær fra trefarmer i Danmark. Danmark har svært få skogarealer, men der dyrkes grantrær som juletrær, og blir pleiet og solgt i seks sorteringer etter høyde.

I 1999 ble det solgt mellom 1,5 og 1,6 millioner levende juletrær i Norge ifølge Norsk Gallup. I tillegg kommer rundt 400 000 juletrær som folk hugger i egen skog, eller som blir skaffet utenfor det vanlige salgsapparatet. Rundt 10% av juletrærne i norske hjem er av plast. Seks av ti norske husstander velger gran til jul. Med økt kjøpekraft velger mange dyrere, men tettere og kraftigere edelgran fra Danmark.

Juletreskikker i private hjem [rediger]

I private hjem i Norge er det vanlig å plassere juletreet i stua. Det tas inn, settes i en juletrefot og pyntes ofte om kvelden lille julaften. Juletrepynt kan være hvite, elektriske lys, glitrende girlandre, snorer med små flagg, lenker laget av fargerikt papir, julekurver av papir, blanke kuler, små figurer og annet som henges på treet. Julegavene, små og store presanger pakket i fargerikt julegavepapir, legges ofte under treet, både i Skandinavia, der gaveutdelinga skjer julaften, og i angloamerikanske hjem, der gavene åpnes om morgenen juledagen.

Det har lenge også vært vanlig «å gå rundt juletreet» på julaften eller under andre sammenkomster i romjula. Slik juletregang vil si at familiemedlemmer og gjester tar hverandre i hendene og danner en ring rundt treet, går rolig rundt det mens de synger julesanger, enten det er julesalmer eller sangleker. På juletrefester med mange deltakere er det ikke uvanlig å danne flere ringer av mennesker.

Det er vanlig å beholde juletreet til like over nyttår, men sjelden lenger enn til trettende dag jul da julepynten tas ned og treet kastes. Siste frist for å rydde jula bort er 13. januar, da «tjuende dag Knut jager jula ut».

Livsmeistringssenteret og samhandlingsreforma

Stiftinga Bergen Diakonissehjem kjøpte det tidlegare administrasjonsbygget til HV-10 på Skei for å nytte det som eit senter for livsmeistring. Dette gav von om mange nye arbeidsplassar i kommunen, og etableringa fekk stort tilskot av det omstillingsfondet på 9 mill som kommunen fekk tildelt av Forsvaret etter nedlegginga. Desse midlane var øyremerkte tiltak som skulle skaffe nye arbeidsplassar som kompensasjon for dei som vart lagde ned.

Førebels er forventingane om mange nye arbeidsplassar ikkje innfridde, og eg kjenner ikkje til om det blir arbeidd med konkrete planar som vil endre den situasjonen.

Frå komande årsskifte skal den såkalla samhandlingsreforma setjast ut i livet. Når ein les kva ansvar som då blir overført til kommunen, er det nærliggjande å tenkje på dette flotte, moderne og påkosta bygget som ligg der med ledig kapasitet. Stiftinga som eig det, kan kanskje vere villig til å gå inn i eit samarbeid med kommunen i høve samhandlingsreforma? Dette er truleg ikkje ein ny tanke, men det kan vere interessant å få greie på om politikarane og dei som er ansvarlege for helsetenesta i kommunen, har vurdert ei slik løysing, og kva som eventuelt er konklusjonen.

Julefest på Vassenden kyrkjesenter

28.desember, fjerdedags jul kl 17.00 er det blitt tradisjon for å feire kyrkjelyden sin julefest på kyrkjesenteret. Vi låner ei strofe frå ein julesong:" Se barna går foran, glad i flokk, så kvinner og menn. Selv rystende gamle tar sin stokk.." Slik er det også med julefesten, alle er venta til festen. Julebodskapen blir vist oss med flanellograf av Kirsti Bjotveit. Borna skal underhalde og så vert det gang rundt juletreet, mange ringar, med song til friskt akkopagnement av Nils Helge Friborg. Borna får og prøve fiskelukka. Vi avsluttar alltid med kveldsmat, ein skikkeleg julebuffè der folk får god tid til mat og prat.

Hjarteleg velkomne.
Billett: Vaksne kr 50,-, born kr 20,-

Jølster Løypelag skipa

Tirsdag 6 desember vart Jølster Løypelag skipa i varmestova i Jølster Skisenter. Eit godt møte der vi fekk fastsatt vedtektene samt satt ned eit styre som skal jobbe videre med løypelaget. Laget skal vere med i det videre arbeidet med utbygging av løypenettet og skal etterkvart sørge for god drift av løypene. Dette er eit nødvendig lag for å ivareta kvalitet på løypene når desse er ferdige, forhåpentlegvis til vinteren 2012/2013. Kratt skal ryddes, renner skal holdes opne og trase skal vere ryddig og preparert til gitte tider under vintersesongen. Dette i tillegg til mange andre oppgaver

På møtet vart det også tegna andelar for stiftarane. Salg av andelar pågår kontinuerleg framover, og vi håper å få tegna så mange andelar som mogleg nå i starten for å få ein god startkapital i laget. Vi håper at du ønsker å bidra til å realisere løypene og tegnar andel hos oss. Skjema for dette finn du på www.jolster-il.no. Der finn du også praktisk informasjon om andelstegninga

Styret er satt slik:
Styreleiar: Øyvind Gjesdal 1.år (Vara: Åse Britt Øygard)
Nestleiar: Kåre Aasen 2 år (Vara: Mindor Årset)
Styremedlem: Sigbjørn Steinsund 2 år (Vara: Henriette Sunde)
Styremedlem: Stig Tveit 1år (Vara: Norodd Støfring)

Eit av mange mål med turløypa er å kunne etablere eit godt langrennsmiljø. Få etablert treningar for alle aldersgrupper, private trimgrupper, naboar, venner osv og skape engasjemang. Dette er eit spennande prosjekt og forhåpentlegvis får vi sjå mange hodelykter i løypa etterkvart.

JØLSTER SKISENTER OPNAR LAURDAG 10.12.22 KL 12.00

VI OPNAR I MORGON LAURDAG 10.12.2011 KL 12.00!!!!! :-)

Det er med stor glede eg ynskjer alle velkommen til ein ny sesong i Jølster Skisenter! Vi feirar at vi opnar tidlegare enn nokon sinne!! Dette ynskjer vi å feire med å la alle køyre gratis frå kl 12.00 og fram til 13.30. Etter dette må de løyse ettermiddagskort. (sesongkort gjeld sjølvsagt)

I denne omgang er det Kvamsbakken opp til mellom av……stigning som vert opna. Forholda er litt marginale i toppen men meget gode frå henget og ned :-)

Skiutleige og sesongkort får de kjøpt i varmestova, men dagskort etc får de kjøpt på “Stølen” ved Kvamsheisen. Øverste parkering er også rydda slik at det kan parkere der.

SPRE BUDSKAPET Å LA JUNGELTELEGRAFEN GÅ!

Hjarteleg helsing ein smørblid styreleiar"http://www.jolsterskisenter.no/":http://WWW.JOLSTERSKISENTER.NO

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene kom i julestemmning etter at snøen kom, så vi feirar
med førjulsdag laurdag og søndag frå klokka 12-18

Vi held til på holmen i lokalet mellom kafeen og bensinstasjonen.

Kom innom for ein trivelig førjulshandel, vi har masse å tilby; juledukar, små og store nissar, lys, smykke, grytelappar, julesokkar, strikka genser, sokker, tøfler og vottar.
Dekorasjonar, kjoler, huer, pulsvarmarar, handkle, brødkurv osv.
Her er litt av kvart ein kan glede seg med sjølv eller gje vekk til nokon i julegave.

100 % heimelaga.

BOKSIGNERING

Jeg signerer min siste bok “Drømmer på Coop” på Libris – Førde Torg fredag 9. kl. 1630-1830. Kanskje noe for deg?

Ingeborg

Interessant utspel om nytt Astrupsenter?

Magne Skrede, mangeårig politisk kraft i Jølster, meiner eit nytt Astrupsenter kan bli ein del av hotellet på Skei. Hotelleigarane er ikkje uinteresserte i å utvikle ein slik utstillingsstad for astrupkunsten, fortel Firda. Er jølstringar flest like interesserte i ei slik privat løysing på eit problem som det hastar med å finne ei løysing på?

Då Riksantikvaren, ikkje uventa, stogga dei kommunale planar om å skjemme ut Astruptunet med ein koloss av eit senter inntil tunet, hadde ordskiftet rundt dette prosjektet gått varmt i lengre tid. Den gongen vart Kjøsnes/Skeiområdet av mange gode grunnar lansert som den beste lokaliseringa av eit Astrupsenter, ikkje minst fordi dette trafikkale midtpunkt i fylket ville gjere prosjektet økonomisk langt tryggare enn på Sandalsstrand. Dette vart på meir eller mindre flåsete vis den gongen avvist av ansvarlege for utbygginga ved tunet, og det finst vel ingen grunn til å tru at kommunen vil eller kan ta opp att slike planar annan stad i bygda slik den økonomiske situasjonen er og vil vere så langt me kan sjå i dag.

No fortel hotelleigar og investor Ivar Helgheim at han ikkje er framand for tanken om å investere i eit slikt utstillingssenter for astrupkunsten, – ein kunst me ser vert berre meir og meir etterspurd både i vårt land og vidare ut i verda. Helgheim vil likevel ikkje gjere dette utan at jølstringar flest er samde om ei slik løysing, om eg les han rett. Og ingen stad er vel betre eigna til å seie si meining om dette, enn her på Jølster Origo. Så kva reaksjonar har origolesarane på dette utspelet frå Skrede?

Sjølv vil eg i første omgang hevde dette:
Det lyt a) frå dag éin dragast inn kunst- og museumsfagleg ekspertise i planlegginga av eit slikt nytt bygg.
Det lyt b) finnast ei tomt som gjer at dette nybygget får ”stå på eigne bein”, og altså ikkje som eit direkte tilbygg til Skei Hotel.
START EIN VIKTIG DEBATT!

Nyhendeformidling og kunst

Det er dimensjon av den skulpturen kunstnaren Stig Eikaas avduka på Byrkjelo sist laurdag av statsmannen Audun Hugleiksson Hestakorn. Dimensjon var det og i høgste grad av jølstringen Audun som historikaren Frederik Macody Lund i følgje denne artikkelen har karakterisert som den einaste politikar av europeisk format som Noreg nokon gong har fostra. Ei avduking av ein person med slikt format burde vere interessant for dei lokale media, men det var berre Firda Tidend som dekte seremonien.

Einkvar kan ha si oppfatning av kva som er kunst eller ikkje, og om kunsten er god eller dårleg. Stig Eikaas er omstridd, og han er definitivt ikkje likt av det organiserte kunstmiljøet i fylket. Eg vil ikkje gå så langt som å seie at fråværet av NRK og Firda har kunstfaglege årsaker, men når dei ikkje dekte ei avduking av ein skulptur av ein jølstring som er “den einaste politikar av europeisk format som Noreg nokon gong har fostra”, kan tankane lett gå i den retning.

Julekonsert i Helgheim kyrkje

Alle ventar at det blir julekonsert i Jølster og vi har den glede å be inn til denne konserten søndag 18.desember kl. 20.00.
Det er kora i Jølster; Stardalen mannskor, SkeiVass-koret og Jølstrakoret saman med Jølster Musikklag og kantor Rune Molvik som slår an grunntonen. I år har vi vår store sopran Linda Øvrebø med oss. Vårt fellesnummer blir “O helga natt”.
Trygve Leigland som arbeider med trusopplæring i Jølster vil dele sine førjulstankar med oss. Kollekten går også i år til Kirkens Nødhjelp. Det vil kjennast godt for oss alle om vi kan sende ein stor sum til dette viktige arbeidet.
Hjarteleg velkomne