Viser arkivet for juni, 2015

KUNST

Gloppen Skulpturpark Byrkjelo. Mandag 29. juni klokka 1400 avdukes 10 nye skulpturer. Blant annet en skulptur av Fridtjov Nansen i granitt. 2.10 cm høy. 1000 kg. Frank Willy Djuvik, som arbeider i skulpturparken denne dagen, står for avduking og ord over Nansen. Velkommen til fylkets største kunstsamling i det offentlige rommet. Hilsen Stig Eikaas

SOMMARJAZZKONSERT

Sommarens jazzhending i Jølster! Konsert med sju profilerte jazzmusikarar og 25 elevar som har vore kursa frå morgon til kveld i fire dagar. Her blir det mykje musikkglede!

Velkommen!

Lenke til billettkjøp på TicketCo.

Solsikkeaksjon, Jølster krF

Laurdag 6.juni kl. 10.00 ved Coop, Skei og kl. 13.00 ved Jølstraholmen kan du møte Jølster KrF. Vi set fokus på søndagsfri. Samstundes vil vi løfte fram oppvekst, og deler ut planta solsikker som gåve. Frøet symboliserer barnet, jorda rundt frøet symboliserer menneske som gjev barnet næring. Den gule potta med KrF-logo er den ramma samfunnet vil gje for ein god oppvekst – og dei rammene meiner vi blir best med KrF sin politikk.
- Saman med den planta solsikka får du eit kort med opplysning om at KrF har laga ein konkurranse i valkampen – beste “solsikke-sjølis (”selfie) med tema: “trygg oppvekst”.

Dei 3 mannskor

Stardalen mannskor kviler ikkje på laubæra, og inviterer til tidenes mannskorkonsert på Thon Hotel Jølster (Skei Hotel) laurdag 6.juni 2015, kl.1930. Heile tre mannskor vert å høyre denne kvelden. Fuglset Mannskor som dei mest langvegsfarande. Fuglset har lange tradisjonar i sin heimby Molde. Med bakgrunn i tilknytinga til Stardalen gjennom Ottar Befring, vitja dei Stardalen i 2009, og heldt ein uforgløymeleg konsert i lag med Stardalen mannskor. Velkjende Austrheim mannskor frå Gloppen, gjestar oss nok ein gong med god mannskorsong. Stardalen og Austrheim har etter kvart samarbeidd mykje , og vil framføre repertoar frå nylege samarbeidsprosjekt, og smakebitar frå kommande. Kora vert å høyre kvar for seg, og ikkje minst i samsong med nærare 70 songarar. Kora sine dirigentar er uunværlege, Fuglset vert dirigert av Kyrre Bjørdal Sæther, Austrheim av Trygve Apalseth, og Stardalen av Maryan Georgsdotter Mundal. I tillegg akkompagnerer Elisabet Dalen på piano.
Her har mannskorelskarar verkeleg noko å glede seg til !

Stardalen mannskor