Viser arkivet for juli, 2015

Jølster Venstre tråkkar i gong valkampen 2.august

Foto: Johannes Bangum

Stortingsrepresentant Abid Q. Raja kjem til Jølster. Han held fram suksessen med å sykle gjennom Noreg, og søndag 2.aug kl 14.30 syklar han med Jølster Venstre frå Jølstraholmen til Astruptunet. Kom og ver med oss!

Vi startar kl 13.00 med stand på Jølstraholmen. Der presenterar vi programmet for 2015-2019 og spennande skisser med ulike plasseringar og utformingar av ein fleirbrukshall på Vassenden.

Jølster er eit sykkeleldorado, og vi vil arbeide fram Sørsidevegen – Nikolai Astrupsveg – som nasjonal turistveg, samt arbeide for samanhengande gang- og sykkelvegar i området.

Sprekaste partilista

Jølster maraton utfordra dei politiske partia i Jølster til å konkurere om å ha den " Den sprekaste valglista ", den med % vis høgast deltaking på Jølster maraton. Vinnar vart : Senterpartiet ! Dei stilte med 25 % av kandidatane. Arrangørane vil ikkje meine noko om kven som har den beste politikken. Takk til politikarane og dei over 700 som deltok. Stor deltaking gjer at vi kan overføre kr. 9000,- til AKTIV MOT KREFT . Vel møtt 3 juli 2016 ! Vi ynskjer spesielt fleire sykkelistar, sørsida passar godt til det