Viser arkivet for februar, 2016

Opplev Steinar Raknes i løa på Jølstraholmen laurdag kveld!

Det er duka for ei intens og stemningsfull musikkoppleving mellom gråsteinsmurane i fjøsen på Jølstraholmen laurdag 27. februar kl. 20.00.

Med sin djerve og eksplosive spelestil er Steinar Raknes ein bassist som fleire har samanlikna med legendariske Charles Mingus. Han er stadig aktuell – solo, med eigen kvartett, i samarbeid med Ola Kvernberg eller som halvparten av joikeduoen ARVVAS. Han har mastergrad i musikk frå NTNU (2001).

Steinar Raknes har etablert banda The Core og Urban Connection og spelt med store jazznamn som Chick Corea, Michael Brecker og Bobby McFerrin. Andre han har samarbeidd med, er SKAIDI, Kirsti Huke kvartett og Trondheim Jazzorkester.

På «Stillhouse» (2012) gjekk Raknes nye vegar og spelte inn ti kjende låtar henta frå rock, blues, country og americana. Plata inneheld i tillegg fire nye, eigenkomponerte låtar. Det var første gongen den særeigne kombinasjonen hans av kontrabass og song blei presentert på plate. Raknes hadde brukt fleire år på å utvikle teknikkane som gjorde at songane kunne framførast med bass som einaste akkompagnement. Som songar kan han minne om både Jonas Fjeld og Tom Waits.

På den nyaste plata si, «Down South» (2016), framfører Raknes tolv låtar saman med to argentinske musikararar. Både melodiar og tekstar ligg i eit jazz-americana-landskap, med eksplosive basslag i samspel med lyriske gitar-triller.

Velkommen til konsert!

Referat frå årsmøtet i Jølster fotoklubb.

Møtet vart helde på Jølstraholmen 24/2 2016 kl 19,00.
Desse møtte:Njål Nedrebø, Jo Gunnar Urheim, Kjell Kvammen , Håkon Bergum
og Hallvard Flatjord.

Sak 1. Godkjenning av innkalling : Ingen merknader.

Sak 2. Sakliste : Leiaren hadde ikkje laga sakliste.

Sak 3. To til å skrive under møteboka : Kjell Kvammen og Njål Nedrebø vart valde.

Sak 4. Årsmelding : Godkjend utan merknader.

Sak 5. Rekneskap : Vi har totalt kr 25 097,50 på konto. Fordelt slik Kr 18 000,00 innbetalt av
sponsorar. Og kr 7 097,50 betalt av medlemmar.. Ingen merknader til rekneskapen.

Sak 6. Lagnaden til fotoklubben: Det var fleirtal for at fotoklubben skal fortsette.

Sak 7. Val. Leiar Håkon Bergum sa frå seg attval.

Ny leiar vart. Hallvard Flatjord . Skrivar : Kjell Kvammen. Kasserar : Njål Nedrebø. Vara : Jo Gunnar Urheim. Møte slutt kl 20,26. Hallvard Flatjord. (skrivar)

Songkveld med kveldsmat

Velkommen til songkveld på Vassenden kyrkjesenter, søndag 28.febr. kl 19.00. Vår gode kantor Rune Molvik tar oss med vidare i den innhaldsrike salmeboka. Det blir salmar som passar i fastetida, men og høve til å komme med ønskje for dei som har ein kjær salme. For alle som kjenner at det er vanskeleg med alle nye salmane er songkveldane staden for å bli kjend med dei.
God kveldsmat og prat etterpå.

Årsmøte Jølster hjorteutval 2016

Det vert årsmøte i Jølster hjorteutval torsdag 10. mars kl 20.00, møtestad Helgatun Årdalen.
Årsmøtesaker:
1. Godkjenning av innkalling, 2. Godkjenning av sakliste, 3. Val av ordstyrar og skrivar, 4. Val av 2 personar til å skrive under møteboka, 5. Årsmelding, 6. Rekneskap, 7. Val. 8. Jakta 2015 v/Solfrid Trå, 9. Bestandsplanområde. 10. Innkomne saker.(innkomne saker må vere styre i hende før 1. mars 2016)

Enkel servering. Vel møtt til årsmøte.

Styret for Jølster hjorteutval

Dans i høst-månens glans.

En fantastisk ballade fra Neil Young. Har fortjent en Norsk oversettelse. Ettersom jeg selv har musikk som hobby er det svært moro og spille slike perler på mitt keyboard.
Orginalen finner du ved å KLIKKE HER

Dans i høst-månens glans. ( Harvest Moon.)

1.
Kom så nærmere min kjære.
Hør på hva jeg nå har å si.
Som et barn i drømmeverden.
Kan vi drømme denne natten forbi.

Fullmånen den skinner.
La oss danse nå i natt.
Vi vet hvor musikken vi finner.
La oss gå å danse, nå min skatt.

Refr:.
Fordi at jeg er så glad i deg.
Igjen vil jeg se deg i en dans.
Fordi at jeg er så glad i deg.
La oss danse i høst-månens glans.
2.
Den tiden før vi ble i sammen.
Ønsket jeg at du ble min. ( Snakkes Du vet.)
Nå har du tent kjærlighets-flammen.
Du er og blir min store kjærlighet.

Månen er nå på det høye.
Og har et magisk skinn.
Månens lys-spill i ditt øye.
Er så vakkert, vennen min.

Refreng:. + instrumental + Refreng:.

Årsmøte

Eikås ungdomslag inviterer til Årsmøte i Eikås ungdomshus
måndag 15.febr. kl. 20.00
Ordinære årsmøtesaker.
Velkomen!

Kyrkjebasar på Vassenden kyrkjesenter

Søndag 13. mars kl 14.30 er de hjarteleg velkomne til den årlege kyrkjebasaren på Vassenden kyrkjesenter. Basaren som har gått sin gang i snart 90 år og den er framleis ei nyttig inntektskjelde for drift av kyrkjesenteret.
Vi får kjennskap til kyrkja sine symbol, del II av Karl Russøy. Heldige er vi som har unge krefter til å underhalde. Det er Otilie Sandal som spelar piano og brødrene Jonas og Isak Nordgulen som spelar gitar og syng. Litt lengre oppe i aldersklassen har vi trufaste Jølstrakoret.
Åresal og høve til å kjøpe lodd på bøkene før trekning. Fine gevinstar gitt av bedrifter rundt oss. Dei fleste kjenner til at det heile er basert på dugnad og vi tar med glede imot gevinstar til basaren. Dei kan leverast lørdag 12.mars mellom kl 10-11 på kyrkjesenteret.

Vel møtt til alle.

Årsmøte Jølster KrF

Årsmøte og fellessamling, Jølster KrF

Tysdag 9. februar kl. 19.00, Førde rådhus

I år fekk vi det til; å ha felles samling med KrF i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Det gjev samhald i å treffast slik. Etter halvannen time med diskusjon om kommunereforma i Sunnfjord og ei kaffistund går kvar kommune til sine årsmøte.
Vel møtt !

Naustet på Skei.

Det var den gang da, 1952. Bildet tatt av familien Gundersen, ferierende på Skei i 1950 årene. Tenkte at det var av interesse.
Hubert Gundersen