Viser arkivet for mars, 2016

Vår-kjenslar.

Vår-kjenslar.

1.
Endeleg er vinteren snart over og omme.
Velkommen er våren, som no er i komme.
Fryd-fult som so mang ein gong.
Med blomesprett, og med fuglasong.
Ein Gudegave frå ‘Vår Herre’ si lomme.
2.
Farvel då Kong Vinter og snøen.
No tinar det ute på bøen.
Snart grønskas det i li og hagar.
Farvel til kulda som plagar.
Vi går mot lysare og varmare dagar.
3.
Å sitta ute,med ein kaffi-kopp.
Kjenne på sol’i som varmar min kropp.
Sjølv om bonde’n spreiar møka si no.
Så er no våren så eineståande go.
Ein må seia at livet det følast topp.
4.
Så eineståande og bu her, opp mot nord.
I landet som pregast av fjell og fjord.
Med årsti’er av ein slik variasjon.
«Skaparen» er ein meister i sin kreasjon.
Takk då «Gud» .Skapar-krafta di er stor.

Skrevet 28 mars. 2016.

Den breie og den smale veg.

1.
Alle skal me eingong vandra avsted.
Nokon med kurs mot himmelrikets fred.
Der er plassen for dei religiøse og fromme.
Dit vil eg vel aldri, nokon sinne komme.
Er nok for ukristelige og syndefull til det.
2.
Blir nok ansatt som fyrbøtar eg.
På ein plass med eit gloheit preg.
I saman med dei som lyg og banna.
Tilsamans med politikere om ikkje anna.
Og dei som har vandra, den breie veg.

Skrevet 22 mars 2016.

Songkveld på Vassenden kyrkjesenter

Mandag 2.påskedag er de igjen velkomne til songkveld kl 19.00. Vi syng sikkert mange påskesalmar, men og gjerne nokre vårsongar. Etterpå er det hyggelig samling rundt kveldsmaten. Kom og ver med oss, dette er gilde kveldar!

Stor klassisk satsing i vår for Sogndal songlag, Røyst, Jølstrakoret og SkeiVass-koret

Øvingane er i full gang fram mot konsert i slutten av april. Då kan sogningar og fjordingar gle seg til å få høyre to kjende klassiske verk for kor, solistar og orkester. Kora skal halde to konsertar, ein i Stedje kyrkje i Sogndal, og ein på Vassenden kyrkjesenter.
Konsertane er ei storsatsing der Sogndal songlag har invitert med seg Jølstrakoret med forsterkning frå SkeiVass-koret og ungdomskoret Røyst til å framføre Requiem av Gabriel Fauré og Gloria av Antonio Vivaldi.
Gloria er eit av Vivaldi sine svært populære verk, skrive ved starten av 1700-tallet i kjend barokkstil. Dette er musikk med ein sterk rytmisk puls og med stor variasjon i uttrykket, og beskriver mennesket sine religiøse lengslar, håp og bøner.
Requiem er mellom dei mest kjende verka til den franske komponisten Gabriel Fauré. Verket er frå slutten av 1800-talet, og skildrar stemningar og kjensler knytt til menneske sitt møte med døden, og lengting etter evig kvile. Siste sats er kalla «In Paradisum», publikum kan gle seg til himmelsk song av ei sterk soprangruppe. Musikken er variert, og spenner frå dei varaste og vakre klangane til sterke uttrykk med rytme og kraft. Også dei andre stemmegruppene, ikkje minst tenorane, har utsøkte parti i dette verket.
På konsertane får publikum møte stort kor, solistar og eit profesjonelt samansett orkester. «Vaksenkora» har om lag 30 songarar kvar. Røyst har dette året om lag 25 songarar som får oppleve å synge klassisk musikk, dei fleste for første gong. Sogndal songlag har hatt glede av samarbeidet med Røyst, og ser det som ei viktig oppgåve med konsertar der dette flotte koret frå Sogn kulturskule kan delta. Jølstrakoret og SkeiVass-koret har sunge Gloria ved to høve tidlegare og vi ser fram til dette samarbeidet. Orkesteret vil vere sett saman av distriktsmusikarar og innleigde musikarar mellom anna frå Harmonien i Bergen. Musikalsk leiar og drivkraft er songar og distriktsmusikar Bjørn Gisle Seter. Han og kona Akiko Anazawa Seter bur no i Jølster, så jølstringar; møt opp!
Konsertproduksjonen er eit stort økonomisk løft, kora gler seg til konserthelga og vonar publikum merkar seg konsert i Stedje kyrkje laurdag 23 april og på Vassenden kyrkjesenter søndag 24. april.
Bilda viser øving frå Sogndal med Røyst og Sogndal songlag og frå Vassenden med Jølstrakoret
Inger Lind Aasen
leiar Jølstrakoret

PENSJONISTMØTE

Torsdag 17. mars skal vi ha pensjonistmøte på Vassenden kyrkjesenter kl 15.-Magne Sandvik vil orientere oss om hjelpemiddel for oss som høyrer dårleg. Ronny Johansen vil spele og synge, og vi skal ha åresal med kaffe, kaker, allsong og godt søg. Ver velkomen

Ta alt av meg.

Ta alt av meg.
Vedens-slageren “ALL OF ME” har inspirert mange utøvere, både i Jazzverdenen og i de fleste danseband. Som en utfordring har denne populære melodien inspirert til å bli oversatt til Norsk.
Her er er så den utgaven jeg føler passer sånn noenlunde. Du finner en av mange utgivelser ved å klikke HER
Eller finnes masse av variasjoner på YOUTUBE.

Ta alt av meg.
1.
Alt av meg.
Du må ta alt av meg.
Utan deg, – – då følar eg s- m- e- r- t-a.
Ta sjela mi. Tak ogso h- j- e- r- t- a.
Ta armar og bein.
Dei vil eg t-a-p-a.

Del 2 første vers :

Med ditt farvel.
Då fekk tårane s-t-r-ø-y-m-a.
Korleis kan eg vel.
Nokon gong deg g-l-ø-y-m-a .
Du var ein del.
Av meg, og mi sjel.
Ta alt , Ta no alt av meg.
2.
Alt av meg.
Kom å ta alt av meg.
Du må forstå , det må g-j-e-r-a-s-t nå.
Livet har , — ingen betydning.
Uten oss , — i ein forening.

Del 2 andre vers :

Med ditt farvel.
Då fekk tårane s-t-r-ø-y-m-a.
Korleis kan eg vel.
Nokon gong deg g-l-ø-y-m-a .
Du var ein del.
Av meg, og mi sjel.
Ta alt , Kom ta alt av meg.

Skrevet 6 Mars 2016.