PENSJONISTMØTE

Torsdag 17. mars skal vi ha pensjonistmøte på Vassenden kyrkjesenter kl 15.-Magne Sandvik vil orientere oss om hjelpemiddel for oss som høyrer dårleg. Ronny Johansen vil spele og synge, og vi skal ha åresal med kaffe, kaker, allsong og godt søg. Ver velkomen

Ta alt av meg.

Ta alt av meg.
Vedens-slageren “ALL OF ME” har inspirert mange utøvere, både i Jazzverdenen og i de fleste danseband. Som en utfordring har denne populære melodien inspirert til å bli oversatt til Norsk.
Her er er så den utgaven jeg føler passer sånn noenlunde. Du finner en av mange utgivelser ved å klikke HER
Eller finnes masse av variasjoner på YOUTUBE.

Ta alt av meg.
1.
Alt av meg.
Du må ta alt av meg.
Utan deg, – – då følar eg s- m- e- r- t-a.
Ta sjela mi. Tak ogso h- j- e- r- t- a.
Ta armar og bein.
Dei vil eg t-a-p-a.

Del 2 første vers :

Med ditt farvel.
Då fekk tårane s-t-r-ø-y-m-a.
Korleis kan eg vel.
Nokon gong deg g-l-ø-y-m-a .
Du var ein del.
Av meg, og mi sjel.
Ta alt , Ta no alt av meg.
2.
Alt av meg.
Kom å ta alt av meg.
Du må forstå , det må g-j-e-r-a-s-t nå.
Livet har , — ingen betydning.
Uten oss , — i ein forening.

Del 2 andre vers :

Med ditt farvel.
Då fekk tårane s-t-r-ø-y-m-a.
Korleis kan eg vel.
Nokon gong deg g-l-ø-y-m-a .
Du var ein del.
Av meg, og mi sjel.
Ta alt , Kom ta alt av meg.

Skrevet 6 Mars 2016.

Opplev Steinar Raknes i løa på Jølstraholmen laurdag kveld!

Det er duka for ei intens og stemningsfull musikkoppleving mellom gråsteinsmurane i fjøsen på Jølstraholmen laurdag 27. februar kl. 20.00.

Med sin djerve og eksplosive spelestil er Steinar Raknes ein bassist som fleire har samanlikna med legendariske Charles Mingus. Han er stadig aktuell – solo, med eigen kvartett, i samarbeid med Ola Kvernberg eller som halvparten av joikeduoen ARVVAS. Han har mastergrad i musikk frå NTNU (2001).

Steinar Raknes har etablert banda The Core og Urban Connection og spelt med store jazznamn som Chick Corea, Michael Brecker og Bobby McFerrin. Andre han har samarbeidd med, er SKAIDI, Kirsti Huke kvartett og Trondheim Jazzorkester.

På «Stillhouse» (2012) gjekk Raknes nye vegar og spelte inn ti kjende låtar henta frå rock, blues, country og americana. Plata inneheld i tillegg fire nye, eigenkomponerte låtar. Det var første gongen den særeigne kombinasjonen hans av kontrabass og song blei presentert på plate. Raknes hadde brukt fleire år på å utvikle teknikkane som gjorde at songane kunne framførast med bass som einaste akkompagnement. Som songar kan han minne om både Jonas Fjeld og Tom Waits.

På den nyaste plata si, «Down South» (2016), framfører Raknes tolv låtar saman med to argentinske musikararar. Både melodiar og tekstar ligg i eit jazz-americana-landskap, med eksplosive basslag i samspel med lyriske gitar-triller.

Velkommen til konsert!

Referat frå årsmøtet i Jølster fotoklubb.

Møtet vart helde på Jølstraholmen 24/2 2016 kl 19,00.
Desse møtte:Njål Nedrebø, Jo Gunnar Urheim, Kjell Kvammen , Håkon Bergum
og Hallvard Flatjord.

Sak 1. Godkjenning av innkalling : Ingen merknader.

Sak 2. Sakliste : Leiaren hadde ikkje laga sakliste.

Sak 3. To til å skrive under møteboka : Kjell Kvammen og Njål Nedrebø vart valde.

Sak 4. Årsmelding : Godkjend utan merknader.

Sak 5. Rekneskap : Vi har totalt kr 25 097,50 på konto. Fordelt slik Kr 18 000,00 innbetalt av
sponsorar. Og kr 7 097,50 betalt av medlemmar.. Ingen merknader til rekneskapen.

Sak 6. Lagnaden til fotoklubben: Det var fleirtal for at fotoklubben skal fortsette.

Sak 7. Val. Leiar Håkon Bergum sa frå seg attval.

Ny leiar vart. Hallvard Flatjord . Skrivar : Kjell Kvammen. Kasserar : Njål Nedrebø. Vara : Jo Gunnar Urheim. Møte slutt kl 20,26. Hallvard Flatjord. (skrivar)

Songkveld med kveldsmat

Velkommen til songkveld på Vassenden kyrkjesenter, søndag 28.febr. kl 19.00. Vår gode kantor Rune Molvik tar oss med vidare i den innhaldsrike salmeboka. Det blir salmar som passar i fastetida, men og høve til å komme med ønskje for dei som har ein kjær salme. For alle som kjenner at det er vanskeleg med alle nye salmane er songkveldane staden for å bli kjend med dei.
God kveldsmat og prat etterpå.

Årsmøte Jølster hjorteutval 2016

Det vert årsmøte i Jølster hjorteutval torsdag 10. mars kl 20.00, møtestad Helgatun Årdalen.
Årsmøtesaker:
1. Godkjenning av innkalling, 2. Godkjenning av sakliste, 3. Val av ordstyrar og skrivar, 4. Val av 2 personar til å skrive under møteboka, 5. Årsmelding, 6. Rekneskap, 7. Val. 8. Jakta 2015 v/Solfrid Trå, 9. Bestandsplanområde. 10. Innkomne saker.(innkomne saker må vere styre i hende før 1. mars 2016)

Enkel servering. Vel møtt til årsmøte.

Styret for Jølster hjorteutval

Dans i høst-månens glans.

En fantastisk ballade fra Neil Young. Har fortjent en Norsk oversettelse. Ettersom jeg selv har musikk som hobby er det svært moro og spille slike perler på mitt keyboard.
Orginalen finner du ved å KLIKKE HER

Dans i høst-månens glans. ( Harvest Moon.)

1.
Kom så nærmere min kjære.
Hør på hva jeg nå har å si.
Som et barn i drømmeverden.
Kan vi drømme denne natten forbi.

Fullmånen den skinner.
La oss danse nå i natt.
Vi vet hvor musikken vi finner.
La oss gå å danse, nå min skatt.

Refr:.
Fordi at jeg er så glad i deg.
Igjen vil jeg se deg i en dans.
Fordi at jeg er så glad i deg.
La oss danse i høst-månens glans.
2.
Den tiden før vi ble i sammen.
Ønsket jeg at du ble min. ( Snakkes Du vet.)
Nå har du tent kjærlighets-flammen.
Du er og blir min store kjærlighet.

Månen er nå på det høye.
Og har et magisk skinn.
Månens lys-spill i ditt øye.
Er så vakkert, vennen min.

Refreng:. + instrumental + Refreng:.

Årsmøte

Eikås ungdomslag inviterer til Årsmøte i Eikås ungdomshus
måndag 15.febr. kl. 20.00
Ordinære årsmøtesaker.
Velkomen!

Kyrkjebasar på Vassenden kyrkjesenter

Søndag 13. mars kl 14.30 er de hjarteleg velkomne til den årlege kyrkjebasaren på Vassenden kyrkjesenter. Basaren som har gått sin gang i snart 90 år og den er framleis ei nyttig inntektskjelde for drift av kyrkjesenteret.
Vi får kjennskap til kyrkja sine symbol, del II av Karl Russøy. Heldige er vi som har unge krefter til å underhalde. Det er Otilie Sandal som spelar piano og brødrene Jonas og Isak Nordgulen som spelar gitar og syng. Litt lengre oppe i aldersklassen har vi trufaste Jølstrakoret.
Åresal og høve til å kjøpe lodd på bøkene før trekning. Fine gevinstar gitt av bedrifter rundt oss. Dei fleste kjenner til at det heile er basert på dugnad og vi tar med glede imot gevinstar til basaren. Dei kan leverast lørdag 12.mars mellom kl 10-11 på kyrkjesenteret.

Vel møtt til alle.

Årsmøte Jølster KrF

Årsmøte og fellessamling, Jølster KrF

Tysdag 9. februar kl. 19.00, Førde rådhus

I år fekk vi det til; å ha felles samling med KrF i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Det gjev samhald i å treffast slik. Etter halvannen time med diskusjon om kommunereforma i Sunnfjord og ei kaffistund går kvar kommune til sine årsmøte.
Vel møtt !

Naustet på Skei.

Det var den gang da, 1952. Bildet tatt av familien Gundersen, ferierende på Skei i 1950 årene. Tenkte at det var av interesse.
Hubert Gundersen

Savings

Well we now have the men and women sat in their cosy offices tapping on their computers and telling us that because the Fylke needs to save money it would be a good idea to close 13 Health service Dentists !!! OK lets take the services away from the old and infirm and the Children .The dentist then will be a long way for an old person to go, an hour from Skei, and then its an hour back again, now I wonder if they can claim their travel costs to the Dentist ? Children, well that will mean a day out of school instead of maybe 30 mins for Vassenden children and 2 hours for Skei.. Just think it will not only be Jolster that will lose its Dentist, many other places as well. Oh it will be so much fun trying to get an appointment in Forde, don’t have tooth ache.
We are going to also have a cut back on snow clearing and Gritting. How they intend to save money there I don’t know. The last time I looked there was more grit on the kommune car park than on the the whole of South side.
Ahh a saving !!!! , stop cutting the verges twice a year, I don’t know why they are cut at all other than to paint white lines every 2 maybe 4 years .
But all these people live in or close to towns so most of the cuts will not affect them. Its always the people that live in the countryside that have to take the brunt of cuts .

Songkveld på Vassenden kyrkjesenter søndag 24.jan. kl 19.00

Velkomen igjen til songkveld.
Vi samlast for ein times song saman. Vi syng dei gamle, kjende salmane og leitar nysgjerrig etter nye skattar i den innhaldsrike salmeboka. Nils Helge Friborg trakterer pianoet på sin friske måte og nokre av oss har øvd for å vere forsongarar. Kanskje får du høve til å ønskje din favorittsalme. Etterpå hyggjer vi oss saman rundt matbordet.

Kor blir det av den globale oppvarminga. ??????

Julefest på Vassenden kyrkjesenter

Velkomen til kyrkjelyden sin julefest, mandag 28.des.(4.juledag) kl. 17.00. 7-åringane er spesielt inviterte.
Det vert underhaldning av ulikt slag og Camilla Aasen Bøe vil tale til store og små. Vi trur det vert mange ringar rundt juletreet og vi får synge julesongar så mykje vi greier og lystar. Kanskje får dei små prøve fiskelukka med sikre napp!
Hyggeleg bordsete med mykje god mat rundt kveldsmaten.
La oss halde på dei gode tradisjonane!

Prisar: kr 100,- for vaksne,
kr. 20,- for born
kr. 250,- for familie

Statsråd-bytte 2015.

Statsråd-bytte 2015.
1.
Nå har saken blitt endelig klar.
På nye ministerposter regjeringen har.
Årsaken til det er ikke mange som vet.
Av denne forandring på regjeringens tapet
Men jeg skal prøve på og gi Dere et svar.
2.
Landbruksminister Listhaug den fru’a
Satt en kveld hjemme i stua.
Da hun plutselig ringte til Erna.
Og ba om at hun ble fjerna.
Fordi hun følte seg under-kua.
3.
Fiskeriminister Per Sandberg kler jobben med glans.
Nå blir det vel en annen dans.
Gubben er jo sleip som en ål.
Med vilje og nerver av stål.
Marine biologien passer til gemyttet hans.
4.
Slik som stor i kjeften, som breiflabber.
Handlekraftig som kloa til krabber.
En glad laks er denne gut’en.
I sine uttalelser, smidig som blekkspruten.
Og foss-ror når han kommenterer sine tabber.
5.
Arbeidsminister Robert Eriksen ble motvillig fjerna.
Et klokt valg av statsminister Erna.
Nå sitter han der og lurer seg på.
Hvorfor i all verden han måtte gå.
Surmuler nå over og bli tråkka på tær’na.
6.
All kulturell støtte vil i det fjerne vinke.
Staten har bestemt, her skal vi spare og spinke.
Kulturminister Linda H. Helleland, med sin enorme charme.
Skal med sitt utse’ende stogge all harme.
Når kultur-tilskuddene sannsynlig vil minke.
7.
Innvandringsminister Sylvi Listhaug er klok og dreven.
Håper at hun nå slår i bordet med neven.
Innvandrer-strømmen må nå engang ta stopp.
Og sytinga fra Hareide, Grande og Hatlebrekken holder opp.
Ellers kommer hun til å holde et spektakulært leven.
8.
Jon Dale, Finn Helgesen og Elisabeth Aspaker.
Får bryne seg på mange vanskelige saker.
Den nye jobben deres blir ikke lett.
Håper De bruker fornuften, og styrer med vett.
Slik at omdømme og rykte De ikke forsaker.

Skrevet 17 desember 2015,

Julekonsert i Helgheim kyrkje

Den gode tradisjonen 20.des. kl. 20.00

Medverkande:
Jølster musikklag,
Tone Støylen og Hans Holgersson, piano og cello,
Stardalen mannskor og Austrheim mannskor,
Jølstrakoret,
årets nykomling: TNP (Teachers, Nurses and Priest)
Førjulstankar ved Bente Axelsson
Kollekt til Kirkens Nødhjelp

Hjarteleg velkomen til ei god stund i kyrkja!

Jul med Jølstrasnellene

Jølstrasnellene lagar i år til julebutikk i “gamle” banken på Vassenden.

Kom og sjå kva vi har laga gjennom året.
Mange produkt å tilby strikk, dekorasjonar, julenissar, kort, grytelappar, dukar og mykje meir.

Litt av kvart å gje i julegåve, eller ei gåve til deg sjølv.

Velkomen innom til ein koselig førjulshandel.
Vi held ope kvar fredag, laurdag og søndag i advent, 27.november – 20. desember

Opningstider: fredag kl. 14-18 laurdag kl. 10-16 søndag kl. 12-16

Bilete frå 2014

Velkommen til bokdag

Jølster Mållag minner om bokdagen kommande søndag ettermiddag, og håpar på ei triveleg stund på Eikaasgalleriet.

Marianne Clementine Håheim

Velkomne til Jølster mållag sin årlege BOKDAG
på Eikaasgalleriet 15. november 2015 kl 15.00

Lillian Samdal

På programmet står:
• Lillian Samdal spelar frå den kritikarroste plata si ”Fire vintrar”
• Marianne Clementine presenterer den nye boka si ”Svart belte”
• Utdeling av Målros 2015
• Kåring av årets jølstraord
• Kafé og god prat
Inngangsbillett kr 100,-. Velkomne!

Klart ja til indre Sunnfjord, også i Jølster

Opinion har gjennomført ei gransking i kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, i høve saka om kommunesamanslåing. I Jølster vart vel 10 % av inbyggjarane spurde
Undersøkinga syner at kun 33% av Jølstringane er negative til kommunereforma.
Det er rett nok berre 6 % av dei spurde som går inn for det største alternativet med 9 kommunar, (Flora, Førde, Jølster, Gaular, Naustdal, Fjaler, Hyllestad, Askvoll og Solund) men heile 46 % er positive til ei samanslåing i indre Sunnfjord. (Jølster, Førde, Gaular og Naustdal)
Samla sett er det 65% av dei spurde i Jølster, som er positive til at Jølster vert ein del av ein eller annan form for større kommune i Sunnfjord.
På førstkommande onsdag kl. 19.30 inviterer Jølster Kommune til folkemøte i Borgja. Her vil undersøkinga bli gjort greie for.

Songkveld på Vassenden kyrkjesenter, søndag 22.nov. kl 19.00

Velkomen til ny songkveld !
Vi syng kjende og ukjende songar frå den nye salmeboka. Nokre songar er planlagte, andre syng vi fordi du ønskjer det! Sist song vi fleire nye songar som vi gjerne syng om igjen. Då kan vi dei godt.
Etter ei times songøkt samlast vi til god kveldsmat i matsalen.
Då møtast vi!

Qualifying to Teach English In Schools

Not obviously sure of what the qualifications are to enable someone to teach a Subject, but being English, the teaching of that here in Norway is of interest.
The ruling now seems to be that all Teachers will have to have qualification in their subject ? Interesting, because to now qualify to teach any language must certainly involve not only the spoken word , but also the written. These will need to be combined now with the correct grammar, not an easy thing to learn in any language let alone English. If the person to Teach the subject is going to be classed as " Qualified" then they have to know the grammar of the English language just the same as the Norwegian.!!
So who is going to Teach the Teacher how to teach English for example. There are I imagine very few people qualified to do that. I would hazard a guess that my wife, being a Qualified English Teacher would be one of very few in Jolster and maybe Sogn.
I do wonder if the government ministers have really thought this through, because as I see it, there will now be virtually no one that is allowed to teach, so what happens now.
Any comments would be interesting to hear.

Kva er det beste dialektordet?

Dette ønskjer Jølster mållag å få svar på. Under Din Jølsterdag vart det samla inn 45 ord og uttrykk der jølstringane no får høve til å stemme fram ein vinnar. Det beste ordet/uttrykket blir kåra på bokdagen 15. november.
For å stemme, klikkar du på avrøystingar på menylina over her. Då kjem du inn på lista med ord og kan gje di stemme.
Lukke til!